Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Good old Arsenal

  1. Klart ein kan irritere seg over Chelsea, og det faktum at dei opererer i ein heilt annan økonomisk røyndom. Samla har imidlertid Chelsea og Man. Utd. ei gjeld på 1,435 milliardar pund. Då kan ein like gjerne fyrst som sist belage seg på ein blåmandag med heftig økonomisk bakrus. Man.Utd betaler heller ikkje renter på deler av lånet. Dei vert i staden lagt til gjelda. Liverpool har mindre lån, men det to eigarane kjøpte klubben for lånte pengar, og dei 350 millionar punda skal betalast attende i juli. Det kan fort bli ein heit sommar på Anfield. For to av desse klubbane kjem det i tillegg at dei slit med gamle og utdaterte stadion, der ein har valet mellom å byggje nytt, og nærmast doble gjelda, eller tape store summar årleg på tapte inntekter. Og det er jo eit rimeleg håplaust dilemma. Felles for desse tre klubbane er at dei har eit stort problem, og gjelda ser ut til å auke for kvart år. For oss andre er det berre å lene seg attende i godstolen, og vente på smellen. For den kjem, dersom det da ikkje skulle skje at ein styrtrik sjeik skulle forbarme seg over dei. Og medan me ventar får me heller glede oss til neste sesong, og på at Wayne Rooney skal entre Emirates i si nye flotte bortedrakt. Det vert ikkje lett å halde seg alvorleg da..
  2. Walcott og Fabianski er to sider av samme sak. Begge med eit svært potensial, men det kokar for lett i topploket når det dreg seg til. Resultatet vert feile val, og i Walcott's tilfelle også dårlege avslutningar. Ting som ofte betrar seg med rutinen.
  3. Hmm, det der blir litt som å si at for eksempel hvis Gibbs hadde kommet inn som inbytter i 5 kamper og Arsenal hadde vunnet 4 av dem, så hadde han vært Arsenals viktigste spiller, det er ikke så enkelt, så nei den der må du mer ut på landet med... Eg trudde Stord var på landet, men det finst vel enda dummare folk andre stader da...
  4. Dette stemmer vel ikke heilt. Van Persie sat eit par veker i fengsel mistenkt for valdtekt, og altså ikkje sikta for noko som helst. Berre tull å trekkje fram denne historia som det tydelegvis ikkje var noko hald i. Jeg husker ikke helt om han var siktet eller mistenkt, men jeg mente at han ble siktet. Uansett så var han på feil sted til feil tid og gjorde ingen god reklame for Arsenal. Vi fikk mye negativ omtale grunnet denne saken, så det er ikke tull å trekke fram denne saken. BE Altså, det du her prøver på er å stille van Persie i eit dårleg lys, kontra Eboue, på grunnlag av ei ikkje-sak. Kva er så gale med å være på feil stad til feil tid? Det vil på eit eller anna tidspunkt skje med svært mange av oss.
  5. Dette stemmer vel ikkje heilt. Van Persie sat eit par veker i fengsel mistenkt for valdtekt, og altså ikkje sikta for noko som helst. Berre tull å trekkje fram denne historia som det tydelegvis ikkje var noko hald i.
  6. Eduardo ser i alle fall poenget. Han burde vel kanskje pakke kofferten han og. Han vart i alle fall utsett for noko som er 10 gonger verre enn det Reyes opplevde. Heldigvis for oss har han ei meir positiv innstilling. I staden for å syte og klage, har han kjempa seg attende på ein måte som berre krev respekt.
  7. he he, ja det er påfallende hvor mange av Tottenhams tidligere og nåværende spillere som har kultstatus - hos erkerivalen! Det må være helt unikt i fotballverdenen! Jo, men det er fordi Tottenham tiltrekkjer seg litt av kvart. Både på spelar-, manager- og supportarsida. Tottenham er som ei fjøslykt. Og alle veit at om ein set noko sånt ut i sommarnatta, er det mykje løye som kjem fykande.
  8. Da går jeg ut fra at du mener Tott, siden pest er mer dødelig enn kolera Det finst gode vaksinar, og effektiv behandling, både mot pest og kolera. Det forklarar kvifor styggeskapen aldri har fått noko fotfeste i min heim.
  9. Merkelig. I natt sto det at siden var hacket..Så var det bare mange bilder fra Gaza Såpass, ja. De bør virkelig se til å gardere seg mot hacking. Som Hermes sa, er det ikke første gangen. Tror nok dette handler mer om dårlig sikkerhet enn at de er et attraktivt hacke-objekt. Skjøter vel på gjelda? Kan ikke være noe annet. Dette er kanskje gambling? Om det berger dem fra nedrykk, vil de ha fått mye igjen for det, men kjøpet i seg selv var vel ikke kjempelurt med mindre de faktisk har fått penger fra ett eller annet sted. Tottenham er eigd (82%) av eit investerings-selskap, Enic, som igjen er kontrollert av Joe Lewis. (Enic både har, og har hatt interesser i andre fotballklubbar, Slavia Praha, Glasgow Rangers, AEK Aten m.m.) Lewis bur på Bahamas, og hadde før finanskrisa ei formue på over 25 milliardar kroner. Han har imidlertid blødd kraftig etter kollapsen i ein investeringsbank. Han tek lita interesse i drifta av klubben, og bidreg heller ikkje i særleg grad økonomisk. Enic's Daniel Levy, som også har eigarinteresser i Spurs , er den som driftar klubben. Når det gjeld spelarkjøp kan eg tenkje meg at ein del av midlane må ha komme i form av "investeringar" frå Enic, altså ikkje i form av lån (gjelda er relativt beskjeden). Det er uvanleg at eit investerings-selskap går inn som eigar av ein fotballklubb. Dei fleste slike selskap er jo ute etter å tene pengar, og då verkar det mildt sagt underleg å satse på eit slikt pengesluk som Tottenham (og premier league klubbar generelt) er. Ein skal imidlertid være klar over at Tottenham dei siste åra har selt spelarar for over £80mill., og det rettar jo opp balansen noko. Men ikkje nok til at dette må ha vore eit solid tapsprosjekt. Snakk om fiaskoklubb.
  10. Eg stiller meg avventande positiv til ein slik avtale. Heller Rosina i pølsa, enn Katta i sekken. Og Wenger har som kjent også gjort nokre forretningar i sistnevnte kategori.
  11. For eit slikt anlegg må dei nok hoste opp rundt £400 mill. Altså omtrent det Arsenal betalte for sitt stadion. I fylgje Daniel Levy skal finansieringa skje ved hjelp av sponsorar, eigedomssal, banklån og "innovative funding proposals" (skal altså finne på noko lurt). Når me veit korleis Arsenal strevde med finansieringa i tilnærma normale økonomiske tider, vert det spanande å sjå korleis Tottenham har tenkt å ordne denne biffen i ei tid der bankane er blitt så forsiktige at dei ikkje ei gong vågar å låne pengar til kvarandre. "Watch this space....." Dette luftslottet heng ikkje på greip. I tillegg har klubben frå før £14 mill. i gjeld, og Redknapp får heller ikkje pengar til kjøp i Januar.
  12. Når det gjeld det å takle motgang tykkjer eg forumet stiller i ei klasse for seg sjølv.
  13. "If you can't stand the heat, get out of the kitchen" lyder ordspråket. Og det var akkurat det Reyes gjorde. Ikkje tålte han været, og ikkje tålte han røff behandling, og da er det gjerne like greit å prøve lukka andre stader. Det vert for enkelt å skulde på Neville-ane av denne verda. Han hadde ikkje den mentale styrken som trongst, og framstod som ei pingle som til slutt fekk mast seg til ein overgang midt i kontraktstida. Jamfør dette med den fysisk underlegne Anders Limpar som var offer for tallause nedsparkingar, men som like fullt vart ein stor suksess.
  14. Fabianski kjem aldri til å bli nokon tro kopi av Lehmann. Nett som kollega Almunia er han langt meir høfleg, veloppdragen og fairspelande enn som så. Jeg regnet med at du skjønte at jeg ikke mente utseende etc. Jeg tenkte på spillestil. BE Edit: Bare så det er sagt så redder ikke høflighet skudd !! Hvis du les ei gong til vil du sjå at eg ikkje har sagt noko om utsjånad. Bortsett frå det er ein tro kopi ein tro kopi, og eg trudde naturlegvis du meinte heile pakka
  15. Fabianski kjem aldri til å bli nokon tro kopi av Lehmann. Nett som kollega Almunia er han langt meir høfleg, veloppdragen og fairspelande enn som så.
  16. At det finst delte oppfatningar om Almunia er greit nok det. Ein vil finne det same på dei fleste engelske Arsenal-forum. Det eg reagerer på er at nokon prøver å gjere han til vårt største problem. Det er han definitivt ikkje, men for somme er dette blitt ein mani der ein bl.a. kjem trekkjande med obskure statistikkar som knapt provar noko som helst. Almunia er ikkje av ypperste toppklasse. Eg veit ikkje om nokon som meiner det. Samstundes er dei fleste samde om at han er lite tabbebefengt, og det må da være eit solid pluss same kva ein elles måtte meine om han. Altså står me att med ei relativt ordinær målvakt som i det store og heile er til å lite på. Så kan ein samanlikne dette med kantspelet vårt sist sesong. Totalt sett ei katastrofe. Eboue og Diaby scora 1 (eitt) ligamål seg i mellom. (Tala for Man. Utd og Chelsea er henholdsvis 34 og 9). Dette er eit kjempeproblem for oss, men vert altå nesten ikkje diskutert på forumet. Kva kjem dette av? Kvifor vert alt fokus flytta over på Almunia? Eg synest ikkje han fortener det.
  17. Wilshere kjem ikkje til å bli fast på laget neste sesong, ikkje fordi han ikkje er god nok, men fordi det vert for tøft fysisk og kanskje også mentalt for ein 16-åring. Bortsett frå det gjeld regelen om at er du god nok, er du gammal nok. Har ein vore blant dei aller beste spelarane "pre-season", og om han fortset med det vert det berre tull å ikkje la han spele nokre kampar. Me lyt stille med vårt beste lag, noko anna er å skyte seg sjølv i foten. Mitt råtips er at han kjem til å starte 10-15 kampar for oss, med eit tilsvarande antal som innhopp. Og mykje tyder på at det er rett mann å setje innpå når me slit, og motstandaren legg seg bakpå.
  18. Sant nok. På trusselskalaen ligg Tottenham på nivå med brunsniglen. Eller kanskje til og med litt under.
  19. Chelsea er fotballens silikonpupper, og er når sant skal seiast ikkje noko særleg å sjå til heller. Eg slår heller eit slag for dei ekte varene, og satsar på at det vert Arsenal som toppar Premier League tabellen sånn eit stykke ut i Mai neste år.
  20. Og kor har du lest at det ikkje skal være rom for å stille spørsmålsteikn ved alt? Eg har to gonger gjeve uttrykk for det motsette. Det vert håplaust å diskutere når ein enten ikkje les/forstår innlegga, eller enda verre, bevisst vrir og vender på det ein skriv og tilleggjer ein meiningar ein ikkje har. Det er enda meir lågmål enn å komme med noko så velmeinande og uskuldig som "Wenger knows". Det er tragisk dersom den moralske standarden er så høg at ein ikkje tåler å lese såpass. Om du meiner "Wenger knows" er noko av det verste som er skrive her på forumet kan du ikkje ha fylgt mykje med. Det er betryggande å vite at det er ingen her som meiner seg betre skikka enn Wenger til å styre Arsenal. Om nokon derimot stiller seg konsekvent kritisk og negativ til Wenger over tid, får ein tåle at ein stiller spørsmålet. Kort kommentar til slutt vedrørande Wenger og van Persie. Wenger er da ingen medisinsk ekspert. Arsenal har eit omfattande medisinsk støtteapparat, og han må nødvendigvis støtte seg på dei råda han får frå det haldet. Eg legg til grunn at dei hadde høve til å setje foten ned dersom dei meinte det var uforsvarleg at han spelte. Skal du skyte nokon, får du i det minste syte for at det er rett person.
  21. Jeg setter en tier i mot (mest fordi jeg ønsker at Lehmann skal stå, men jeg frykter at Wenger nok en gang gjør et feil valg og setter Almunia innpå). BE Jaha, så veit me det. Wenger gjer eit feil val. Nok ei gong. Amatøren Wenger er jo vidkjend for alle feilgrepa sine, og me leier nok P.L. med fem poeng trass i Almunia's middelmådige innsats. Kor mange titlar har du vunne da, elfen? Eg set tiaren min Wenger's dømekraft, snarare enn å lite på tospannet elfen/Lehmann. Jeg skjønner ikke helt hva du vil fram til her. Prøver du å påstå at Wenger aldri har gjort feil valg? Siden det her er snakk om keepere foreslår jeg at du tenker litt tilbake på hvilke keepere vi har hentet inn, hvem som har stått i mål osv. Så kan du deretter begrunne med at alle valgene er riktige. Jeg ser frem til det innlegget. Egentlig synes jeg det er rart du valgte å hakke på meg i denne tråden. Parlour antyder jo over at Wenger ikke alltid snakker sant. Det må jo nesten være som å banne i kirken for deg. Rart du lot det gå forbi. BE Nei, eg meiner ikkje at Wenger aldri har gjort feil val. Sjølvsagt har han det. Men dei er forsvinnande få i høve til dei rette vala, og det er sikkert ein av grunnane til at fleire av Europas toppklubbar ligg langflate etter han. Eg er imidlertid tilbøyeleg til på være samd med dei som meiner at Wenger enda har til gode å hente inn ei verkeleg klasse-målvakt til klubben. Me kan alle ha meiningar om eit og hitt når det gjeld Arsenal og Wenger. Det er naturlegvis heilt legitimt å meine at Lehmann er betre enn Almunia. Men å kategorisk slå fast at Wenger tek heilt feil, slik du gjer, er etter mi meining å trekkje det litt langt. Grunnen til det er sjøvsagt at Wenger og staben hans har eit heilt anna og betre grunnlag for å ta avgjerdene enn dei fleste av oss andre som fylgjer klubben på avstand. Og det var i grunnen heile poenget mitt. Det er godt mogleg at eg let meg provosere til å halde ein litt skarpare tone enn det som var naudsynt i innlegget mitt, og dersom du oppfatta det slik bed eg gjerne om orsaking. Lehmann er på eit vis sin eigen verste fiende. Eg held det opent om det også er utanomsportslege ting som held han ute av laget. Utsegner som -"But i think, and this is aimed at my dear manager, one shouldn't humiliate players for too long", fall nok ikkje i særleg god jord hos Wenger. Dersom Lehmann hadde lært seg å halde kjeft, og bite skuffelsen i seg, i staden for å snuble inn i alle dei fellene som finst, hadde det kanskje gått litt betre. Når det gjeld om Wenger alltid snakkar sant eller ikkje kan det godt være at Parlour har rett. I alle fall trur eg det er slik at han ikkje alltid fortel heile sanninga. Og grunnen til det er ein ekstrem lojalitet overfor klubb og arbeidsgjevar, samt at han er rimeleg bra fiksert på suksess. Dette kan ein like eller mislike, men eg trur ikkje han skiljer seg noko særleg ut samanlikna med folk som Ferguson eller Benitez. Eg har eit avslappa forhold til dette, men forstår det om andre ser annleis på det. Jeg har sagt det før og jeg sier det igjen. Jeg er ikke tilhenger av Wenger knows argumentasjon på dette forumet her uavhengig av om det er på engelsk eller nynorsk. Jeg synes det er en feig argumentasjonsmetode. Det ville være helt meningsløst å ha et forum om Arsenal der kun Arsenaltilhengere diskuterer hvor det ikke er lov til å stille spørsmålstegn til strengt tatt noen ting. Skal man diskutere laguttak så kan man drepe den diskusjonen med Wenger knows. Skal man diskutere klubbens økonomi kan man drepe den diskusjonen med Edelman knows. Diskusjon vedrørende skader kan drepes ved Lewin knows osv. I denne diskusjonen sank jo du faktisk lavere enn "Wenger knows" da du antydet at jeg kalte wenger en amatør, at han er vidkjent for alle feilgrepa sine etc. Men du hadde rett i en ting. Vi leder tabellen trass i Almunias innsats. Jeg ser ikke hvilken relevans det har om jeg har vunnet titler eller ikke. Kan du kanskje forklare meg. Jeg tror at folk flest på dette forumet har null premier league titler, null fa cup titler og antaglivis null ligacup titler. Men de har likevel rett til å diskutere her. Det mener i allefall jeg. Du er tydeligveis uenig. Mvh Benelfen Du snur saka litt på hovudet her. Dersom du les det eg skriv, vil du vite at eg synest det er heilt greit at ein set spørmålsteikn ved det meste, også når det gjeld Wenger's disposisjonar. Skulle berre mangle det. Det du gjer, er å gå eit steg lengre ved enkelt og greit å slå fast at Wenger tek feil. Ein kan ha ei meining om alt, men uttalar ein seg skråsikkert om forhold ein kun kjenner på avstand vert det på ein måte litt feil. Det er grunnen til at eg spurde kva titlar eller for den saks skuld fotballfagleg bakgrunn du har for å overprøve Wenger's avgjerder. Du må gjerne meine at "Wenger knows"- debattantane ligg på eit lågt nivå. Eg respekterer alle meiningar så sant det ligg ei reflektert grunngjeving bak. Enten det kjem frå deg, eller frå folk som stort sett meiner at Wenger har ei viss peiling på det han driv med. Eg skammar meg på ingen måte over å ha havna i sistnemnde kategori. Påstanden din om at eg meiner at ikkje alle skal ha rett til å diskutere her er heilt meiningslaus. Nok ei gong: les det eg skriv.
  22. What a load of horseshit. Lehmann var fantastisk i 03/04 og 05/06. Etter at han kom tilbake i målet i februar 2005 var han enestående og nesten den eneste grunnen til at vi vant FA-cup finalen. I fjor var han også et av lagets bedre spillere. I tillegg til dette var han meget meget god i VM forTyskland. Han har prestert på et jevnt nivå. Såklart har han driti seg ut et par ganger, men han har hatt flere fantastiske kamper enn han har hatt tabber. Lehmann var verdensklasse. Alderen + dårlig matchtrening har gjort til at han ikke er det lenger. Du får meine kva du vil. Det er tydeleg at somme har eit svært selektivt minne når det gjeld Lehmann. Elles orkar eg ikkje gå gjennom denne diskusjonen på nytt. Det er diskutert opp og i mente i Lehmann-tråden. Les heller der. Ingen vits i å tyggje opp at gamle argument. Du dro vel ikke akkurat frem noe "nytt" du heller. Nei, nettopp. Det var ein del av poenget mitt.
  23. What a load of horseshit. Lehmann var fantastisk i 03/04 og 05/06. Etter at han kom tilbake i målet i februar 2005 var han enestående og nesten den eneste grunnen til at vi vant FA-cup finalen. I fjor var han også et av lagets bedre spillere. I tillegg til dette var han meget meget god i VM forTyskland. Han har prestert på et jevnt nivå. Såklart har han driti seg ut et par ganger, men han har hatt flere fantastiske kamper enn han har hatt tabber. Lehmann var verdensklasse. Alderen + dårlig matchtrening har gjort til at han ikke er det lenger. Du får meine kva du vil. Det er tydeleg at somme har eit svært selektivt minne når det gjeld Lehmann. Elles orkar eg ikkje gå gjennom denne diskusjonen på nytt. Det er diskutert opp og i mente i Lehmann-tråden. Les heller der. Ingen vits i å tyggje opp at gamle argument.
  24. Et utsagn som etter min mening er totalt på viddene. Finnes det SÅ mange keepere i verden som er bedre enn Tysklands nr 1??? Hva er ditt begrep på klassekeeper? Mitt begrep på klassekeeper er en som er landslagsmålvakt for sitt land, spiller på en toppklubb fast, gjør redninger få andre gjør og har ekstremegenskaper. Lehman oppfyller ALLE disse kriteriene, og etter min mening faller han dermed inn under begrepet "Klassekeeper). Jeg kan være tilbøyelig til å være enig i at Lehman er sin største trussel selv, med sin offensive tankegang og direkte fremtoning. Men dette syntes jeg bare er svært positivt. Han oser av vinnervilje, og om det er noen som husker hans uttalelser den første sesongen i Arsenal i garderoben etter Inter borte (tror det var den): "Dette er den største klubben jeg har spilt for, det mest sammensveiste gruppen og de med mest moral og vinnervilje". Lehman har en ekstrem vinnervilje, og gjør nesten hva som helst for å vinne. Uten å være direkte "unfair", men han gjør noen rare ting for å klare det. Med Almunia får vi den stikk motsatte typen. En ekstrem rolig person som sjelden gjør noen offensive rare valg. Han har ingen ekstrem egenskaper, men heller ingen store svakheter. En keeper som egentlig er god på alt, noe som også kan betegne en "klassekeeper". Men problemet her er at ingen vil kalle en keeper som er "bare" god på alt en klassekeeper, fordi en klassekeeper "skal" ha ekstremkvaliteter (ifølge mange). For meg blir valget mellom Almunia og Lehman som å velge mellom banan og eple. Begge deler har sine positive sider, men også klare begrensninger. (for de som ikke skjønner det; eple kan trille, og banan går fortere å spise, mens begge deler er sunt for kroppen :-). Stoler derfor at Wenger (+ keeper trener) velger til enhver tid den keeperen som viser best kampform, best moral og har mest positiv innflytelse på LAGET. At Lehmann framleis står i mål for landslaget seier meir om målvaktsituasjonen i Tyskland enn noko anna. Hans opptreden mot Austerrike nyleg var ikkje akkurat tillitvekkjande. Litsta over målvakter i verdsklasse er ikkje lang for tida, men dersom du seriøst meiner at Lehmannn framleis befinn seg på den lista (som han gjorde for eit par år sidan), er det berre å ynskje velkommen etter ut på viddene. Mannen er 38 år gammal, og den mildt sagt svake sesongopninga, samt den nemnde landskampen, viser klart at han har gjort sitt beste og byrjar å merke alderen. Almunia på si side er så langt i køen bak Iker Casillas at han visstnok vurderer spel for England. Diverre for han ser det ikkje ut til at Fabio Capello deler den vurderinga. Mitt omgrep på ei klassemålvakt er at vedkommande gjer langt fleire feberredningar enn tabbar. Diverre kan ikkje dette seiast om nokon av våre målvakter per i dag, men eg held Almunia for å være mindre tabbebefengt enn Lehmann, og det skal seiast at han har hatt ein stabil og jamnt over god sesong. Mitt omgrep på ei klassemålvakt er folk som David Seaman, som i årevis var ei påliteleg og tvers gjennom kompetent målvakt for oss. Det ser ikkje ut som ein lagar slike som han lengre, i alle fall har Wenger enda ikkje makta å erstatte han. Men eg lever i håpet. Dersom du føretrekkjer den målvakta som viser best moral skulle valet være rimeleg enkelt, eller meiner du at Lehmann's til tider svært usportslege opptreden vitnar om god moral? Lehmann har vist verdsklasse i ein av dei fem sesongane han har vore hjå oss, ja. Det er etter mi meining ikkje nok. Resten har for det meste bestått av tull, tøys, bajasfakter, tabbar samt ein og annan god redning,
  25. Jeg setter en tier i mot (mest fordi jeg ønsker at Lehmann skal stå, men jeg frykter at Wenger nok en gang gjør et feil valg og setter Almunia innpå). BE Jaha, så veit me det. Wenger gjer eit feil val. Nok ei gong. Amatøren Wenger er jo vidkjend for alle feilgrepa sine, og me leier nok P.L. med fem poeng trass i Almunia's middelmådige innsats. Kor mange titlar har du vunne da, elfen? Eg set tiaren min Wenger's dømekraft, snarare enn å lite på tospannet elfen/Lehmann. Jeg skjønner ikke helt hva du vil fram til her. Prøver du å påstå at Wenger aldri har gjort feil valg? Siden det her er snakk om keepere foreslår jeg at du tenker litt tilbake på hvilke keepere vi har hentet inn, hvem som har stått i mål osv. Så kan du deretter begrunne med at alle valgene er riktige. Jeg ser frem til det innlegget. Egentlig synes jeg det er rart du valgte å hakke på meg i denne tråden. Parlour antyder jo over at Wenger ikke alltid snakker sant. Det må jo nesten være som å banne i kirken for deg. Rart du lot det gå forbi. BE Nei, eg meiner ikkje at Wenger aldri har gjort feil val. Sjølvsagt har han det. Men dei er forsvinnande få i høve til dei rette vala, og det er sikkert ein av grunnane til at fleire av Europas toppklubbar ligg langflate etter han. Eg er imidlertid tilbøyeleg til på være samd med dei som meiner at Wenger enda har til gode å hente inn ei verkeleg klasse-målvakt til klubben. Me kan alle ha meiningar om eit og hitt når det gjeld Arsenal og Wenger. Det er naturlegvis heilt legitimt å meine at Lehmann er betre enn Almunia. Men å kategorisk slå fast at Wenger tek heilt feil, slik du gjer, er etter mi meining å trekkje det litt langt. Grunnen til det er sjøvsagt at Wenger og staben hans har eit heilt anna og betre grunnlag for å ta avgjerdene enn dei fleste av oss andre som fylgjer klubben på avstand. Og det var i grunnen heile poenget mitt. Det er godt mogleg at eg let meg provosere til å halde ein litt skarpare tone enn det som var naudsynt i innlegget mitt, og dersom du oppfatta det slik bed eg gjerne om orsaking. Lehmann er på eit vis sin eigen verste fiende. Eg held det opent om det også er utanomsportslege ting som held han ute av laget. Utsegner som -"But i think, and this is aimed at my dear manager, one shouldn't humiliate players for too long", fall nok ikkje i særleg god jord hos Wenger. Dersom Lehmann hadde lært seg å halde kjeft, og bite skuffelsen i seg, i staden for å snuble inn i alle dei fellene som finst, hadde det kanskje gått litt betre. Når det gjeld om Wenger alltid snakkar sant eller ikkje kan det godt være at Parlour har rett. I alle fall trur eg det er slik at han ikkje alltid fortel heile sanninga. Og grunnen til det er ein ekstrem lojalitet overfor klubb og arbeidsgjevar, samt at han er rimeleg bra fiksert på suksess. Dette kan ein like eller mislike, men eg trur ikkje han skiljer seg noko særleg ut samanlikna med folk som Ferguson eller Benitez. Eg har eit avslappa forhold til dette, men forstår det om andre ser annleis på det.
×
×
  • Create New...