Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Good old Arsenal

  1. Eg beklagar om eg har tolka deg på feil måte. Men det er for så vidt symptomatisk for denne debatten, der eg har ei kjensle av at mange snakkar forbi kvarandre...
  2. No var det RP7 som stilte spørsmålet om me her på forumet skal ha rett til å kritisere jobben Wenger gjer, så den diskusjonen får du eventuelt ta med han
  3. Det burde den etter mitt syn ha gjort, fordi den sterke kritikken til dels blir framført på sviktande grunnlag. Sjølv om Wenger nok blir lytta til, har han formelt sett kun ansvar for det sportslege, og ikkje det administrative og forholda knytta til økonomi. Likevel opplever ein at alle desse saksområda vert sausa saman til ei smørje, og i den evige jakta på syndebukkar etter nok ein trofèlaus sesong, er det som regel Wenger som får gjennomgå. Men for all del. Om nokon synest denne problemstillinga ikkje er noko å bråke med, er det greit nok. Alle får ha si oppfatning. Diskusjonen om me som supportarar har rett eller grunn til å kritisere Wenger førekjem meg smått latterleg. Sjølvsagt har me det. Me lever da ikkje i Nord-Korea heller, og Wenger er ingen Kim Jong-il. Eg er trygg på at han ynskjer all kritikk velkommen, så sant den er er sakleg og seriøs. Så får me heller leve med at det siste punktet ser ut til å være ei litt for stor utfordring for eit lite mindretal.
  4. Det finst ikkje noko slikt som ein feilfri manager, men det som kjenneteiknar dei verkeleg store er at dei treff på dei fleste, og spesielt på dei viktigaste avgjerdene. Og Wenger havnar etter mitt syn inn under denne kategorien. Det er difor me framleis er ein toppklubb, trass i svært harde økonomiske rammevilkår etter byggjinga av Emirates. Det som undrar meg er at styrets rolle ikkje vert nemnd i det heile i denne debatten. Arsene Wenger er klubbens i særklasse mest profilerte person utad, og det verkar på meg som om han vert hoggestabben for det aller meste som måtte gå galt. Men er det så enkelt? For å ta eit døme i keepersituasjonen. Arsenal legg inn eit bod på Mark Schwarzer. Nokre veker seinare legg dei inn eit nytt bod på nøyaktig same beløp!! 2 millionar pund er lommerusk for ein klubb med over 3 milliardar kroner i omsetnad. Og ein må jo leggje til grunn at det er styret som bestemmer kor langt ein er viljug til å gå i kvart tilfelle. Styret vèl heile tida å liggje lågt i terrenget, og ser ut til å være bekvemme med at det er Wenger som vert hudfletta kvar gong ein handel går i vasken. Og det tykkjer eg vert heilt feil, sjølv om Arsène Wenger syner ein aldeles makelaus lojalitet. For min del sit det veldig langt inne å kritisere Arsenals styre, fordi det er avgjerdene i styrerommet som er hovudgrunnen til at Arsenal har vore ein toppklubb samanhengande i over 90 år. Nettopp fordi dei har truffe på dei store strategiske avgjerdene. Men det som skjer, både no og dei seinaste åra, er underleg, og eg slìt med å finne ei fornuftig forklaring på at ein gjev seg til å krangle om småpengar. Det måtte i så fall være at klubben er meir pressa økonomisk enn ein vil vedgå offentleg. Og fotball er jo eigentleg som poker, ein vil for alt i verda unngå å vise korta sine til konkurrentane. Til slutt eit lite stikk til Wenger. Sagt under hans seinaste pressekonferanse: " We have four great goalkeepers". Hallo!!!! Alle med eit minimum av kjennskap til fotball veit at dette er ikkje sant. Kvifor seier han dette? Sjølvsagt til internt bruk. Han kan ikkje akkurat seie at dei ikkje held mål heller. Men dette var å tøye strikken vel langt, slik at ein står i fare for å både bli gjort til latter, og å bli oppfatta som useriøs.
  5. Eg synest ikkje latterleggjort er det rette uttrykkjet, sjølv i hermeteikn. Om me vert det laget som skapar flest sjansar denne sesongen, skulle me i utgangspunktet liggje veldig godt an. Og det er ufatteleg mykje meir underhaldande enn maskinfotball og seks sjansar per kamp. Det er fort å snuble med så få sjansar, noko dei til dels viste sist sesong med tap for opp til fleire middelmådigheiter. Elles 100% samd i dine karakteristikkar av Chelsea. "Fake, fake, fake"
  6. Ein kan jo alltid sjå det på den måten ja... Robbie Keane er ein drittsekk, og difor fortener ikkje det irske folk noko betre. Men det er kanskje eit litt vel snevert Arsenal-perspektiv på det som handlar om noko langt meir? Uansett, dette er også Liam Brady's og David O'Leary's Irland. Og så kan ein jo diskutere kva som er verst av Robbie Keane's opptreden og den franske VM-troppens.
  7. I etterpåklokskapens lys hadde det ikkje vore noko katastrofe. Tvert om. Det er no dei har stelt i stand katastrofa. King size. For ein ynkeleg gjeng. Irane hadde gjort ein langt betre innsats enn dette. Dei må gremme seg.
  8. Dette har alt å gjere med fylgjene av Bosman-dommen, og kanskje også litt Fabregas' usikre framtid. Poenget er vel at spelaranes marknadsverdi minkar år for år, etter kvart som kontraktstida nærmar seg slutten. For å ta tilfellet Fabregas ville nok Arsenal få litt meir beltalt om han vart selt i sommar, enn om dei skulle ha venta eit år eller to. For ein klubb som Arsenal utgjer spelarmaterialet ein betydeleg kapital, og dette er klubbens måte å drive butikk på, for å sikre verdiane for å seie det slik. Så får me heller ta det som eit teikn på at Ramsey vert fullt restutiert. Dei ville neppe gått til dette steget utan, sjølv om nok både klubb og spelar er forsikra på alle baugar og kantar.
  9. Eg får vel gjere som eg pleier, og skulde på mitt skrøpelege kort- og langtidsminne.
  10. Om denne trenden held fram, kan me kanskje vente oss Las Palmas' Fabiàn Assmann som vår nye målvakt neste sesong? Du les det her fyrst. Og navnet skjemmer som kjent ingen. Assmann for Arsenal!
  11. Nei, eg har nok kun meiningar. Hvis du les det du skriv, så slår du kategorisk fast at Wenger "-------kommer til å fratre etter neste sesong". Og det er noko litt anna, eller? Elles er det ikkje mi meining å drive meiningstyranni her, så i den forstand må du meine og skrive kva du vil. Ja, eg likar å skryte av Arsenal, likar å være positiv, men kritiserer også når eg synest det er grunnlag for det. Stikkordet er som du skriv nyansar. Eg tek meg ikkje nær av at nokon kritiserer, men må vedgå at eg av og til vert litt lei, og denne gongen rann det litt over. Grunnen til det er at det er alt for mange som ser tinga i svart kvitt, som ikkje ser nyansane, som tek alt det positive som skjer som ein sjølvsagt ting, som går rundt med eit tunell-syn der dei ikkje kan sjå korkje lys eller pokalar i enden av tunellen, og som er mest aktive på forumet når ting går galt. Eg er heilt samd i at litt "fraspark" kan være bra for debatten, men det skal ikkje være noko mål i seg sjølv å berre være negativ. Wenger har sine manglar, det trur eg dei aller fleste er samde om. Han er imidlertid veldig nær ved å lukkast, det er kun små korreksjonar det er snakk om. I år snubla me litt på målstreken. Fram til den hadde me faktisk ein stor sesong, og det framstår for meg som meiningslaust å krevje Wenger's avgang når me veit at han har det sportslege ansvaret i den einaste toppklubben som driv på eit eit seriøst økonomisk grunnlag. Eit faktum som vert totalt oversett, og i staden høyrer ein berre spark, spark, og selg, selg. Sidan du er inne på Olav Duun, var det også han som skreiv at "det vonde drep du ikkje med øks". Å tru at ein løyser alle problem i Arsenal ved å "kutte hovudet av" Wenger er i beste fall naivt. Det er tvert om godt mogleg at ein skapar nye problem. Ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får.
  12. Sånn til orientering: Inspector Morse er død. Noko han før øvrig har til felles med Oberinspektor Derrick og private detective Cannon. Medan lieutenant Columbo, homicide detective with the Los Angeles Police Department, har fått alzheimer. Helgenen lever, men er for gammal. Så då står det berre att Adam Dalgliesh, Commander in the Metropolitan Police Service at New Scotland Yard, London.
  13. Dette er vel den same leksa me har høyrt frå deg i årevis. Du er nokre år sidan du ville skifte ut Wenger med David O'Leary, og han har vore arbeidsledig i snart fire år no. Me burde vel kanskje rette ein henvendelse til han da, sidan du åpenbart har synske evner, og Wenger kjem til å slutte etter neste sesong? Di grenselause tiltru til Myles Palmer og Usmanov bør vel sant å seie stå ukommentert, så eg får nøye meg med å uttrykkje stor takksemd for at du og dine eventuelle meiningsfeller ikkje har noko hand på rattet i Arsenal.
  14. Det er berre å ynskje unge Wilshere lukke til i kveld. Det burde ikkje stå på motivasjonen, og evnene veit me han har inne. Wilshere matchvinnar i 89. minutt, anyone? Stå på, og spel skjorta av Lampard & co.
  15. Det var da svært. Lady Nina har sikkert hatt Usmanov's advokatar på telefonen for lang tid sidan. Bracewell-Smith-familien har imidlertid gjennom fleire tiår vore så nært knytta til Arsenal's historie og tradisjonar, at eg vil bli sjokkert om så skjer. Og Kroenke er neppe interessert, så lenge Usmanov vert halden på avstand. Han har i alle fall til no vore svært tilbakehalden med å krysse denne 30% grensa. Ergo så havnar desse aksjane hjå ein tredjepart ved eit eventuelt sal. Og det må være lov å vone at det vert ein med dei rette motiva for å involvere seg.
  16. Nei, slett ikkje. For det fyrste fordi eg stiller meg ganske likegyldig til denne Rooney-gjøken. (Ok, bortsett frå når han juksar da) For det andre fordi eg heller brukar tida mi på å fylgje eige lag og eigne spelarar. Etter mi meining bør ein ikkje bruke meir energi på lag som Man. Utd og Tottenham enn høgst naudsynt. For det tredje fordi eg helst likar å vinne utan "skadehjelp" frå andre.
  17. Kroenke ville antakeleg ha nådd denne 30% grensa for lang tid sidan, om han verkeleg hadde gått inn for det. Det meste er til sals berre prisen er høg nok, og han har nok råd til å betale ein god overpris for dei få aksjane han manglar. Nei, han ynskjer vel heller å leggje seg så tett oppunder som mogleg, og så heller ta steget om Usmanov skulle bli eit rèellt trugsmål.
  18. Skryt fortjener han så absolutt. Jeg vet ikke om noen andre Arsenal-spillere som har klart å snu det til noe positivt, etter først å ha fått store deler av publikum mot seg. Sartere sjeler enn han, ville ha pakket kofferten og dratt. Når det gjelder pipekonserten mot Wigan, vil jeg imidlertid nødig bli tatt til inntekt for ditt syn. Publikums opptreden var et slag godt under beltestedet. Den var mest av alt et pinlig opptrinn, og et uttrykk for at folks laveste instinkter gjerne kommer til uttrykk når man opptrer samlet. Desverre gjelder det også for Arsenal's supportermasse. Noen engler er vi definitivt ikke, og har heller aldri vært. Ellers vil jeg gi deg skryt for et aldeles uplettet nynorsk! Du har sikkert strevd lenge her:) Keep up the good work, som det visstnok heter på godt norsk. Jeg tar selvfølgelig utfordringen, og skriver på bokmål denne gangen.
  19. Dersom han har vore like god heile tida, tykkjer eg det er rart at han i ein periode, særleg etter Sagna's ankomst, vart skyvd ut i kulda av Wenger. Eg var ein av dei som i lang tid let meg frustrere av Eboue. Ikkje var han særleg effektiv, og det meste enda opp med tull og tøys og balltap. Min personlege teori er at Eboue og Wenger har hatt ein alvorsprat, der temaet var Eboue's framtid i klubben. Resultatet ser me no, med ein heilt åpenbar sportsleg framgang, og også usportslegheitene som irriterte mange supportarar (og Wenger med) ser ut til å være vekke. Om det er eg som har forbetra meg noko her skal være usagt, men eg er ikkje i tvil om at det er Eboue som har stått for den største forbetringa. Og det er gledeleg, fordi dei aller fleste forsvararar "hatar" den direkte, utfordrande og pågåande stilen hans.
  20. Tja, kvifor gjorde han det mot Irland? Fordi Frankrike var i ein desperat situasjon? Og kan det samme skje om Arsenal er i ferd med å slå ut Barcelona? Eg har respekt for di meining. Men han tok ballen med handa to gonger altså.
  21. Om han prøver seg på sine eminente handballkunstar, og det skulle føre til mål også mot oss, vil det ikkje bli tatt nådig opp av underteikna. Da må han berre halde seg vekke frå Emirates på ubestemt tid.
  22. Jøss. Enda ein Almunia-elskar?!!!!
  23. Den noværande logoen er ei katastrofe eg aldri kjem til å venne meg til. Den forrige logoen var tidlaus vakker. Det same gjeld den klassiske kanona a la 1971. Ein burde beholdt begge, henholdsvis på venstre og høgre side av brystet. Men slik vert det når kommersen styrer, og me endar opp med plastikk-produktet me har i dag.
  24. Sidan ingen har tatt seg bryet med å poste dette resultatet, gjer eg det. For dette er da viktig!!!!!! Tottenham Hotspur 0 - 10 Arsenal F.C. Når slo me Tottenham 10-0 sist? Stakkars Tottenham. This is going the road the hen is kicking.
  25. Å gjere narr av folks utsjånad tykkjer eg The Sun skal få kose seg med i fred, utan vårt bidrag. Dette er sandkasse-nivå, og vel så det. Dette forumet burde hatt ei eiga barnehage-avdeling, døgnåpen sådan.
×
×
  • Create New...