Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Good old Arsenal

  1. Nei, det var nok å vente for mykje at desse tala skulle gjere særleg inntrykk på pokalmafiaen. Me vil ha pokalar no!!!! Me ligg heile seks poeng etter Chelsea!!!! Og Wenger må gå.
  2. Når dei kjøper nye spelarar, er det med pengar dei ikkje har. I perioden 2004 til 2009 brukte dei 85,5 millionar pund (fråtrekt spelarsal), samstundes som Glazer belemra klubben med si personlege gjeld. Det er ein veldig spesiell måte å drive butikk på, og eg står fast på at klubben teknisk sett vert driven for lånte midlar. Med andre ord: ein kjøper seg suksess , i alle fall delvis, ved hjelp av låneopptak. Og det kallar eg framleis medaljas bakside. Men det er sant at dei ville vore meir kjøpedyktige utan Glazer's. Sidan du ikkje svarte på spørsmålet, spør eg igjen: Ville du hatt Glazer-familien i Arsenal?
  3. Nå må du ikkje gløyme at alle desse medaljane har ei bakside: Ei gjeld på 6,7 milliardar kroner. Meiner du dette er ein grei pris å betale? Ville du hatt Glazer-familien i Arsenal, om det var det som skulle til? Eg kan love deg at svært mange Man. Utd. fans er mildt sagt lite komfortable med situasjonen, og mange av dei ville glatt ha bytta vekk desse pokalane mot ein gjeldfri klubb.
  4. Mitt forslag er å auke talet på sitéringar frå ei til to, dersom det lét seg gjere. Dette vil gje ein betre oversikt, og det vert lettare å fylgje med. Eg forstår kvifor ein kutta ned på sitèrings-funksjonen, men eg meiner det framleis er ein viss skilnad på å barbere seg og å skjære av seg haka.
  5. Ok, då er det berre å køyre i gang ei kronerulling her. For gammalt venskaps skuld. Interesserte kan donére pengar til kontonr. 8000 00 00008. Om ein vil, kan ein óg sende pengar direkte til Ashley. Merk konvolutten "dust".
  6. Den unge dama vart naturleg nok sinna på Almunia, då ho lærte om alle farene med to steg fram og eit attende. Elles er ho litt tilbakehalden med rosen, då alt laurdagsgodtet forsvant etter å ha kommentert ei god redning.
  7. Om Man. City skal blakkast, måtte det i så fall være ei sak for David Toska og venene hans. Og hjelper ikkje det heller, så sett inn opprørspolitiet.
  8. Du har nok lest mitt vesle innlegg på ein litt feil måte. Akk ja, denne ironien.... Eg må visst slutte med dette, sidan det bærer heilt galt av stad. Det har sjølvsagt aldri vore meininga å stemple deg, Kris-A eller nokon andre, som ein kranglefant. Eg ser deg tvert imot som ein dyktig debattant, og er på line med deg i det aller meste du skriv, også ang. Almunia. God Jul:-)!
  9. Eg er samd i at det no må bli ein slutt på alt dette "Wenger knows"-tullet. Denne jula får me i staden heller forlyste oss med uendelege utlegningar om den udugelege Kjegla. Og skulle det framleis eksistere ein stakkar som framleis har bittelitt positivt å seie om Kjegla, så er det berre å lade kanonene og fyre laus det ein er god for. Opp att og opp att og opp att og opp att og opp att. Og så vidare. Denne debatten skal vinnast, og det er berre å køyre på til den siste gjenstridige kranglefant har lagt ned våpna.
  10. Landsforrædar? Neppe. Eg trur nok at franskmenn flest er pinleg berørt over det heile. Også i Frankrike er folk i stand til å verdsetje ærlege handlingar. Normalt sett får ikkje juks så store fylgjer som i dette tilfellet, også ved at det gjekk ut over eit anna land, som dermed potensielt har gått glipp av store inntekter. Det er nettopp det at jukset råka Irland på ein heilt urimeleg måte, og skaffa Frankrike ein urettmessig fordel, også økonomisk, som er det alvorlege i dette. Det gjev det heile eit moralsk aspekt, og eg kan ikkje hugse at noko tilsvarande med like store fylgjer har hendt i ein heilt vanleg ligakamp. Om han ikkje stilte i VM ville dette difor mest vore ei moralsk handling, og treng ikkje nødvendigvis sjåast på som ei sjølvpålagt straff eller utestenging. Juks er juks, men når det får så store fylgjer som dette vert det veldig spesielt. Eg veit berre at om eg hadde vore i hans sko, hadde eg ikkje orka å reise. Hadde du? Når ein viljehandsar to gonger, og på toppen av det heile fører ballen med handa den siste gongen, meiner eg at det skal ekstremt stor grad av fantasi og velvilje for framstille dette som ei reflekshandling. Han tok ein spansk ein, lurte dommaren, men vart, diverre for han, grundig avslørt av kamera. Så kan ein jo i ettertid spekulere på korleis han hadde framstilt episoden dersom kamera ikkje hadde fanga det opp.
  11. Nei, det var så visst ingen ironi. Men det er jo slik det er blitt no. Juks skjer heile tida, så da så. All skuld vert skyvd over på dommarane, som er dumme nok til ikke å få med seg det som skjer. All juks vert bagatellisert. I dette tilfellet særleg sidan det dreiar seg om vårt eige idol. Eg har heile tida rekna Henry som ein heiderleg person, rett nok med eit og anna feilskjær på bana. Å trekkje seg frå VM ville vore ei moralsk handling med ein stor signaleffekt. Men eg har jo etter kvart forstått at moral og anstendigheit ikkje har nokon plass i fotball lengre, korkje blant dei fleste spelarar eller supportarar. Alt handlar om siger og pokalar, nesten for ein kvar pris. Slik sett er det eigentleg ikkje nokon skilnad på fotball og sykkelsporten. Eg forstår deg slik at du villle ha gjort akkurat det same som Henry. Men ville du ha tatt i mot VM-pokalen med godt samvit? (Ikkje at det kjem til å skje. Dei har sportsleg sett ikkje noko i VM å gjere.) Eg ser absolutt ingen grunn til å ynskje Frankrike eller Henry lukke til. Er det opp til meg vert dei slått ut ved fyrste anledning, og sendt med fyrste fly heim att. Gjort burde vore ugjort, og i staden for å gå vidare som om ingen ting har skjedd, bør FIFA for ein gongs skuld manne seg opp og ta tak i problema.
  12. Sjølv den mest tungnemme, imbesille dåsemikkel langt inn i tåkeheimen må vel etter kvart no ha fått med seg alle argument og alle standpunkt i denne debatten. Kva verdi den har kan difor diskuterast. Det kunne ha vore god underhaldning, men då må nokon være snill å skru opp temperaturen nokre hakk.
  13. Henry burde i ettertid gjort det einaste rette, nemleg å trekkje seg frå heile turneringa. Det må da være betre enn å springe rundt der med ein diger "cheat"-merkelapp i panna.
  14. Vel, det kunne ha vore verre. FA har dradd ned rullegardina på ubestemt tid...
  15. Det går sterke rykter om at han er i ferd med å selge unna sin 40% eigardel i NFL klubben St. Louis Rams, verd omkring £120 mill.
  16. Stakkars Tottenham får gjennomgå for tida, også i London Evening Standard, der blant anna Robbie Keane vert samanlikna med . Eg tykkjer dette er litt ufint mot Ali, som i all si forvirring må kunne seiast å ha ein viss sjarm. Tottenham generelt, og Komiske Robbie spesielt, er omtrent like sjarmerande som ei gjennomsnittleg norsk vårgytande sild.Eg held faktisk ein knapp på silda.
  17. Som kjent har Sir Alex eit stort forbruk av tyggegummi, og no har me endeleg fått ei på kvar det vert av alt avfallet. Det forklarar også kvifor grasmatta på Old Trafford må skiftast ut med jamne mellomrom.Elles har den godaste Ferguson nok ei gong vore i . Heilt forståeleg, denne gongen.
  18. Dette er eit mønster som går att på andre område. Han var jo tidleg ute og støtta suspensjonen av Eduardo, og påpeikte samstundes at noko måtte gjerast med dette uvesenet. Når så Rooney gong på gong viser fram skodespelartalenta sine, finn han det for godt å halde kjeft. Mannen er bunnfalsk.
  19. Tottenham-høna meiner nok at ho har lagt det store egget. Og det er jo skivebom, sidan ho ikkje har produsert noko av betydning sidan 1961. Alternativt har Tottane tatt til seg Lars Sponheim's gamle slagord "Kvar mann, si høne" EDIT: Det skal visstnok forestille ein hanekylling. Så eg får heller rette det til "Kvar mann, sin hane"
  20. Pesten og Koleraen burde rykke ned, saman med Svinepelsen. Dei som har vore med ei stund, vil hugse sist gong Kolera (også kalla Tusselads) og Svinepels rykka ned. Det skjedde på 70-talet, og nokon av oss opplevde både bryllypsdag, julaftan og 17. mai på same dag. Ein fest heilt utan bakrus.
  21. Stakkars Wenger. 5 veker til overgangsvindauget stengjer, og han får allereie så hatten passar for manglande kjøp. Her skal tinga skje i ein fei! Senk heller skuldrene, dropp frustrasjonane og nyt sommaren. Eg veit heller ikkje kva som skjer framover, men eg gleder meg til sesongen, okke som
  22. Når eg nemnte britisk eigarskap var det fordi dette tradisjonelt har vore ein garanti for ein sunn økonomisk styring av Arsenal. Men du har for så vidt heilt rett. Det er i og for seg likegyldig kva statsborgarskap vedkommande har, berre dei involverer seg i klubben med dei rette motiva. Det er det som er det essensielle her Tapapa. Det er difor eg er ytterst skeptisk til Usmanov, sjølv om han altså skulle skaffe seg britisk statsborgarskap. Eg er trygg på Bracewell-Smith familien fordi dei har vore involvert i generasjonar. Lady Nina's indiske bakgrunn er dermed av underordna betydning. Ektemannen Sir Charles Bracewell-Smith lever for øvrig i beste velgåande, og det var han som overdrog aksjane til henne. Eg veit eigentleg ikkje nok om bakgrunnen for at David Dein selde aksjane til Usmanov, men registrerer at det skjedde etter at han vart sparka ut av styret, og at forholdet til dei andre styremedlemene på det tidspunkt var mildt sagt dårleg. Så kan dei trekkje slutningar ut av det dei som vil. Kva veit du om Usmanov's motiv for å kjøpe seg opp i Arsenal? Han har brukt nærmare ein milliard kroner på aksjar. Ventar han å få noko att for denne innsatsen? Me snakkar her om ein mann som er dømt for ta imot bestikkelsar, og som du vil ta imot med åpne armar i Arsenal's styre. Kor går eigentleg grensa for deg for kven ein skal ynskje velkommen i ein klubb som vår? Om det var aktuelt, ville du tatt imot denne Dubai-gjengen som i dag styrer Manchester City?
  23. Er det ikkje no snart på tide at dei ansvarlege no tek ansvar. og set eit tak både på lønningar og overgangssummar. Denne snøballen rullar berre fortare og fortare, og vil på eit eller anna tidspunkt ende med forferdelse. Med eit lønnstak vil det alltid være ein risiko for at pengane i staden forsvinn under bordet. Imidlertid vil grunnlaget for utanlandske oppkjøp og eigarskap forsvinne, og foholda vil vende attende til det normale, også i P.L. Eg kan ikkje forstå kvifor FIFA ser seg tent med denne utviklinga. Er det fordi dei ser det som ei føremon at det er mest mogleg pengar i sirkulasjon innan fotballen? Eller er det fordi det til sjuande og sist er økonomisk gunstig for FIFA, og dermed også deira personlege økonomi? Ein folkeaksjon for nytt leiarskap innan FIFA hadde vore ein god start, og den beste garanti for å få Arsenal attende til britisk eigarskap.
  24. Eit pussig argument når ein veit at Kroenke har ein enda større eigarandel. Skal ein fylgje denne logikken, oppfyller velkjende supportarar som Osama bin Laden og Fidel Castro kriteria som majoritetseigarar i klubben. Eg tek sterk avstand frå denne ideen at det er det same kven som eig klubben, berre han er fotballinteressert og tjukk i pengar. Suksess for ein kvar pris? Nei, takk. Heller nedrykk. Og Kroenke har har, så vidt eg veit, og så lenge han har vore i styret, enda ikkje foreteke seg noko som er til skade for klubben. Om nokon kan vise til døme på dette, må dei gjerne komme med dei.
  25. Dersom det er slik som The Times antyder, at Kroenke enda ikkje har betalt dei £90 mill. han skuldar Danny Fiszman og Carr-familien tyder det kun på ein ting. Styret har hatt hastverk, og ein ynskjer for ein kvar pris å unngå at Usmanov sit som den største eigaren. Lat oss vone at Kroenke faktisk har pengane, og ikkje må lånefinansiere heile greia. Det ville blitt ein lite gunstig situasjon for klubben. Det er liten tvil om at Bracewell-Smith's aksjepost er ettertrakta. At familien framleis sit på aksjane sju månader etter at Lady Nina vart sparka ut av styret, tyder på at dei ikkje er innstilt på å selje. Det er den beste løysinga slik eg ser det, då dei har vore ein garantist for stabilitet i generasjonar. Greit med ein større eigar som ein veit ikke berre er ute etter avkastning. Elles går det fram av artikkelen at ein slit med bustadprosjektet på Highbury, og av den grunn er tvinga til å refinansiere ei lån på £133 mill innan april neste år. Lat oss vone at styret har kontroll, og at ikkje Usmanov slepp inn i varmen p.g.a rein pengenaud.
×
×
  • Create New...