Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Good old Arsenal

  1. Det er det vanskeleg å svare på, fordi eg ikkje har inngåande kunnskapar om det som skjer innad i Arsenal eller andre klubbar. Eg tek kun utgangspunkt i det som er det normale for ein fotballklubb, nemleg at trenar kun har ansvar for det sportslege. Alt som går gale i Arsenal, ser ut til å bli personifisert i ein syndebukk, kanskje fordi det er mest bekvemt. Styret vert sjeldan nemnt, og det meiner eg vert heilt feil fordi også dei til sjuande og sist står ansvarleg for dei avgjerdene dei tek. Elles trur eg ikkje me kjem stort lengre her. Eg respekterer naurlegvis ditt syn, og takkar for debatten
  2. Spekulere kan alle gjere, og det er ikkje noko galt i det. Men når du i eit tidlegare innlegg skriv at "Svært få managere idag som har så mye makt i klubbene sine som Wenger" framstår det minst som spekulasjon og mest som konstatering av fakta.
  3. Dette er å snu saka fullstendig opp ned. Om Arsenal hadde tilsett t.d. Mourinho i 1996 hadde han pakka kofferten for mange år sidan i frustrasjon over umoglege arbeidsforhold. Grunnen til at Wenger framleis er i Arsenal er fyrst og fremst lojalitet, samt ynskjet om å fullføre ungdomsprosjektet han sette i gang. Kva manager står ikkje fritt innanfor rammene av budsjettet? Om han ikkje gjorde det, er det same som om styret blandar seg inn i det sportslege. Med eit mogleg unntak av Berlusconi og Abramovic er det ingen klubbeigarar som driv på den måten, og svært få trenarar ville funne seg i det. På kva områder, anna enn det sportslege, meiner du Wenger har makt, og kan du i så fall dokumentere det? At han har ein viss innflytelse og vert lytta til er sjølvsagt, men styret er suveren til å treffe dei avgjerdene dei meiner er best for klubben. Noko anna ville vore oppsiktsvekkjande. T.d. har klubben visstnok planar om å ta pre-season i Japan i sommar. Det grensar til og med langt inne på det sportslege området, og det er neppe Wenger's påfunn....
  4. Meg bekjent er det ikkje Wenger som står ansvarleg for lønsstrategi, utbetalingar og kven som skal få kva. Om nokon kan vise til det motsette, må dei gjerne leggje fram prov på det her. Det er berre ikkje slik ting fungerer i ein fotballklubb på toppnivå. Eg skjønar ikkje heilt kvifor nokon held fram med å sause saman rollene til hhv. Wenger og styret/Gazidis. Det er er gammalt nytt at når ein påstand vert gjentatt ofte nok, vert den til sanning. Og til slutt kan me alle være samde om at Wenger nok er ein gniar som har køyrt klubben i grøfta. Men klart det er populært å gje Wenger tyn for tida, så kvifor ikkje kaste seg på bylgja.
  5. Jau, det trur eg. Men nokon må hugse å jinxe....
  6. Det er ingen som har forlangt at Wenger bør sparkast på dagen, og eg beklagar om eg har gjeve det inntrykket. Derimot er det fleire som, gjennom innlegg i fleire trådar, har tatt til orde for at han bør vurdere si stilling etter sesongslutt, om det heller ikkje i år vert nokon pokalar. Veldig mange av desse oppfattar eg som seriøse debattantar. Eg synest det er rart at du ikkje har fått med deg dette. Wenger skreiv som kjent under ei ny kontrakt i fjor, noko som vart helsa velkommen av dei aller fleste. Eg kan i alle fall ikkje hugse det oppstod nokon debatt p.p.a. dette. Kva er det som har skjedd på dette året da, sidan stemninga er snudd? Meiner du me har hatt tilbakegang spelemessig, eller i alle fall står på staden kvil? I så fall er eg veldig usamd med deg. No går Wenger's kontrakt ut i 2014, og han vert da 65 år gammal. Etter mitt syn vert det naturleg å ta denne diskusjonen da. Fram til da ynskjer eg kontinuitet, og synest han skal få sjansen til å fullføre eit prosjekt som eg synest er vannvittig spanande. Det er det minste han fortener etter å ha slitt seg halvt ut for denne klubben gjennom 15 år. Har du tenkt over risikoen ved å skifte manager "om eit år eller to", som du skriv? Har du tenkt over risikoen ved samstundes å miste Fabregas? Sjølv å få inn ein topp manager gjev ingen garanti for gull og grøne skogar. Har du tenkt over konsekvensane ved ein sportsleg og økonomisk nedtur, der me mister C.L.-plassen nokre år framover? Har du tenkt over kva ramaskrik det ville ende i på dette forumet? Eg vonar i det minste dei som har forlangt Wenger's hovud på eit fat er i stand til å halde munn. Når det gjeld rammevilkår og Wenger's transfer-budsjett, så veit eg rett og slett ikkje sanninga. Det som er klart er at han, i motsetnad til nokre av sine kollegaer, ikkje har hatt ubegrensa av midlar til disposisjon. Av åpenbare årsaker. Samstundes er eg hjartans samd i at ein manager til ei kvar tid bør søkje å fornye seg, og heile tida evaluere ting som kanskje ikkje fungerer like godt. Eg kan godt være med på at dette ikkje akkurat er Wenger's sterkaste side. Men dette minuset er langt fra nok til å oppvege alle plussane. Etter mitt syn da Elles må eg også ile til og forsikre om at eg ikkje har skulda dèg spesielt for å gå med bøyd nakke. Men etter å ha lest diverse innlegg den siste tida etter alle tilbakeslaga, sit eg med inntrykket av at mange kjenner seg audmjuka. Ingen grunn til det. Vær stolt over klubben vår, og ta tapa med verdigheit. Sann mine ord nok ein gong. Det kjem betre tider enn dette.
  7. Me skriv i dag 16. mars, og ein rask kikk på tabellen fortel at me framleis er meir enn godt med i kampen om ligagullet. Så har har det altså i det siste oppstått ein diskusjon rundt vår manager og hans framtid. Det førekjem meg veldig spesielt, for å seie det forsiktig. Å sparke manageren i ein slik situasjon meiner eg er veldig uvanleg i fotballverda, men så er jo også Arsenal ein uvanleg klubb da, på godt og vondt. Og med uvanlege supportarar Eg forstår jo at dei mange skuffelsane i det siste har fått det til å renne over for veldig mange. Det er ikkje så kjekt å gå på smell etter smell. Det er heller ikkje kjekt å bli håna og latterleggjort dag etter dag på jobben eller kor det måtte være. Men det høyrer likevel med. Vil ein være med på leiken må ein være budd på å få smake steiken. Klart mange av oss opplever eit press i kvardagen, og etter kvart som tida går utan pokalar, er løysinga enkel: Spark trenaren!!! Men det er etter mi meining desto viktigare å i alle fall forsøke å sjå tinga i eit litt vidare perspektiv. Dei siste åra har me gong etter gong blitt avskrivne av den såkalte ekspertisen. Det har lenge vært "opplest og vedteke" at me vil bli forbigått av Tottenham og Man.City, og vil miste plassen i C.L. Gong etter gong tek dei feil, og neste sesong vert den 15. på rad med deltek i C.L., og i rundt 10 av dei har me vel nådd utslagsstadiet. Av andre klubbar er det vel kun Real Madrid, Barcelona som er kapable til dette. For oss er det blitt rutine og ein sjølvsagt ting, og ikkje noko å la seg imponere av. Så spark trenaren!!! At me denne sesongen har parkert pengeklubbane i P.L. er også sjølvsagt, så spark trenaren!!! For å seie det rett ut er behandlinga av Wenger i media og av oss supportarar så respektlaus at eg manglar ord for det. Javisst har han sine manglar og svakheiter. Det vil han sikkert være den fyrste til å vedgå. Javisst vert ein frustrert når ein i etterkant ser at berre små justeringar kunne ha gjort ein stor skilnad. Men det står fast dei siste 10-12 åra kunne me ikkje hatt ein betre mann til å styre skuta. Ingen manager i verda kunne gjort ein betre jobb under dei rammevilkåra han har jobba under. INGEN. Når Wenger framleis har min tillit, er det også fordi den sportslege framgangen er åpenbar for alle som gidd sjå forbi resultata. Eg får diverre ikkje sett alle kampane, men meiner bestemt det har vore framgang spelemessig. Eg tek det for gitt at den vil fortsetje neste sesong, og med Ramsey og vonaleg Vermaelen attende er det all grunn til å sjå lyst på det. Det betingar imidlertid at Fabregas vert værande ein sesong til. Å miste han ville vore ein sportsleg nedtur, og me har ingen som kan erstatte han i augneblinken. Nokon vil vel kanskje laste Wenger for skadesituasjonen vår også, men okke som er det andre året på rad me ser ut til å miste ein haug med nøkkelspelarar i innspurten. Det er berre å innsjå at me ikkje har hellet med oss på skadefronten, og det vert vanskeleg å ta gullet slik ståa er. Men tek me andreplassen vert eg stolt og glad over det. Det er litt av ein prestasjon, slik utgangspunktet var på førehand. Der er ingen grunn for oss å gå rundt med bøygd nakke. Bøygd nakke og dårleg ryggrad er ingen god kombinasjon. Og det er nettopp tider som dette som burde gje oss sterkare rygg til å bære gode tider. Det har i staden utvikla seg ein sytekultur a la den ein finn blant Liverpool-supportarane, hvis ein da ser vekk frå at dei har atskilleg meir å syte over. Vår tid kjem, sann mine ord. Det betingar imidlertid tolmod og is i magen, i staden for stadig vekk å trykkje på panikk-knappen.
  8. UEFA fann det i går naudsynt å sende ut ei erklæring som nok kan tolkast som ei påminning og åtvaring. Dei skriv m.a. dette: "There is no doubt that transfers made now will impact on the break-even results of the financial years ending 2012 and 2013- the first financial years to be assessed under the break-even rule. The clubs know the rules and also know that UEFA is fully committed to implementing them with rigour." Ei dårleg skjult åtvaring til Abramovich og styrtrike sjeikar, og å rette opp underskota av med pengar av eiga lomme er nok ikkje heilt i tråd med UEFA's intensjon. Eventuelle smutthol vil bli tetta etter kvart.
  9. Sånn bortsett frå at eg meiner ordet idioti ikkje høyrer naturleg heime i dei fleste samanhengar på dette forumet, så tykkjer eg du har heilt rett. Er ein misnøgd med nokons debattstil, eller for den del innhaldet i det ein skriv, bør ein ta dette opp via andre kanalar. Offentleg skittentyvask av dette slaget har kun negative verknadar som bl.a. dårleg atmosfære, og bidreg på ingen måte til å heve den generelle kvaliteten her. Tvert imot. Desverre er det ingen av dei ansvarlege som har vilje og/eller fullmakter til å ta tak i dette uvesenet, så da får humla berre suse vidare......
  10. "Arsenals Venner"? Det lyder da skremmande likt ein viss nabokubb? Da held eg heller fram som medlem i Arsenal Norway Nei, det treng ikkje være enten eller i ein kvar diskusjon. Men akkurat i denne debatten firar eg ikkje på prinsippa. Mest fordi eg meiner det er fordømt viktige verdiar som står på spel, og som faktisk står i fare for å gå tapt. Eg vil gjerne illustrere kva eg meiner ved å vise til denne artikkelen som nyleg stod på trykk i Bergens Tidende. Artikkelforfattaren skriv i eit langt breidare perspektiv, men dette kunne også lett ha handla om fotball og supportarar. Han formulerer sine tankar om temaet på ein langt betre måte enn eg nokonsinne ville klare, så difor: Les, og bli klok!
  11. Eg har betre ting å ta meg til enn å agere forum-politi, og har heller ikkje hatt for vane å gjere det. Eg har berre gitt uttrykk for mittt syn etter at denne debatten oppstod, og vonar at folk ikkje har noko i mot det. Kva oppdragelse angår, bør den primært skje i heimen. Skal ein til med denslags her på forumet er ein nok uansett for seint ute... Eg kjem framleis til å seie kva eg meiner om saka når høvet byr seg, og vurderer elles sterkt å melde meg inn i foreininga "Rettferd for Syterne" for å stå sterkare rusta i kampen mot "Skittpreikens venner".
  12. Denne var sikkert mynta på meg, og du må være djupt såra og vonbråten som åpenbart har gått og mulla over denne kommentaren i vekesvis nå. Men eg må jo seie at det vert noko spesielt at ein person som gjer seg til talsmann for tilnærma fri flyt av skittpreik, no har byrja å besvære seg over saklegheitsnivået. Eg får ikkje dette heilt til å hengje i hop, men det er sikkert berre meg..... Elles finn eg det heilt utruleg at så mange forventar at ein med den største selvfølge skal kunne ta seg til rette og forpeste det offentlege rom med hets, sjikane, bannord og andre usaklegheiter. Jaggu har ein frekkheitas nådegåve. Det er som å være gjest i andres hus, og gje seg til å røykje utan å spørje fyrst. Det faktum at store deler av befolkninga ikkje har noko til overs for, eller til og med tar anstøyt av, denne type språkbruk ser ikkje ut til å gjere noko inntrykk. Absolutt alle rasjonelle og godt grunngjevne argument fell for døve øyrer, og dette vert, som tidlegare nemnt i tråden, ei øving i å skvette vatn på gåsa. Det vert ikkje sagt direkte, men det ligg vel underforstått at om ein ikkje likar den nye stilen bør ein pakke seg vekk fortast mogleg og finne seg eit anna tidsfordriv. Skal ein da melde pass og kapitulere? Slett ikkje, og langt ifrå. Eg kjem til å halde fram kampen mot dumskap og uanstendigheit så lenge det er liv i meg.
  13. Og nettopp difor har eit kvart internettforum som ynskjer å bli tatt seriøst eit regelverk for korleis ein skal oppføre seg. Dette handlar om såkalla "nettikette", der ein prøver å halde ein viss standard, og unngå at alt ikkje flyt over i det vulgære og ufyselege. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at akkurat vårt forum skal være eit unntak i så måte, og eg vil oppmode alle som er misnøgde om å komme med døme på internettforum som dei meiner bør være eit førebilete for vårt. Eg meiner å hugse at nokon har nevnt Tottenhams Venner, men det kan eg rett og slett ikkje ta seriøst. Sorry. Eg er faktisk ganske stolt over å ha havna i kategorien "sytar" i dette tilfellet. Dersom syting er å påpeike at det framleis bør være skilnad på rett og galt, og at god folkeskikk er ein viktig del av eit sivilisert samfunn tykkjer eg det er heilt flott.
  14. Det er ting eg ikkje forstår her. Nokre meiner at våre spelarar er latsabbar som knapt fortener å bære drakta. Medan andre igjen meiner at det heile går på motivasjon. Kvifor inntreff dette fenomenet stort sett kvart år i november? For det er da vitterleg ikkje noko i vegen med arbeidsmoral og motivasjon dei to føregåande månadane? Er det mørketida og kulda? Er det "haustslappheit"? Er det feil trening med "innlagt" formsvikt på denne tida kvart år? Er det skader? Er det Wenger som har gått inn i vinterdepresjonen og lever på lukkepillar? Eg anar ikkje. Men eg har viss sans for ein teori som tidlegare er blitt lufta her på forumet. Eg mistenkjer spelargruppa for å være ytterst svake mentalt. I den samahengen er Thomas Vermaelen's fråvær heilt katastrofalt. Han er faktisk den einaste med litt gnist og "spark i baken" utanom det vanlege. Og det held ikkje. Me treng fleir som tek ansvar når motgangen melder seg. Og det vert til sjuande og sist Wenger's ansvar at spelargruppa har det mentale på plass, for dette er ikkje berre snakk om unggutar lengre. "The buck stops with him".
  15. Så kan ein hevde at alt dette berre eit symptom på tida me lever i. Fotballspelarar leverer sine tenester til høgstbydande, i dette tilfellet personifisert ved Man. City.-eigar Sheikh Mansour bin Zayed Al Nahyan. Og mykje vil som kjent ha meir. "Wall Street" kunne like gjerne ha handla om fotball. Oliver Stone såg tidleg kva som kom, og Michael Douglas har fortalt om alle som sidan kom bort til han og uttrykte si beundring for Gordon Gekko: "Greed, for lack of a better word, is good. Greed is right. Greed works. Greed clarifies, cuts through, and captures, the essence of the evolutionary spirit." Gekko er blitt eit førebilete, stikk i strid med det som var Stone's intensjon. Også for fotball er pengar blitt alle tings mål, og dansen rundt gullkalven vil halde fram til det heile endar med ein spektakulær kræsj. Då vil finansverda ha nok med seg sjølv, fotball vil gå av moten som leikety for dei rikaste, og me som er glade i fotball vil få klubbbane våre attende som det dei ei gong var.
  16. Han har sikkert klausular i kontrakta. Det han trudde var ein fotballklubb viste seg å være eit galehus, og dermed står han fritt til å reise.....
  17. Nei, om ein ser vekk frå sjølvskryt og mindreverdskompleksar. Der ligg dei heilt i toppen, sjølv på landsbasis.
  18. FA kan vanskeleg klandrast for å fylgje regelverket, og kan ikkje ordleggje seg annleis enn slik dei gjer. Ein kan ikkje akkurat utforme sitt eige regelverk heller. Det ville ikkje gått lang tid før ein hadde hatt FIFA på døra. FA plasserer ansvaret der det høyrer heime, hjå FIFA, og lèt det vel skinne gjennom at ein ikkje nødvendigvis er komfortable med situasjonen. Denne reaksjonære og bakstreverske gjengen i Zürich, som ser den minste og uskuldigaste reform som eit trugsmål mot fotballens idè, vil før eller sidan få si avløysing. Spørsmålet er kor lenge me må vente. FA har derimot eit ansvar for å syte for at dommarane i Premier League er kompetente og mogne for oppgåvene. Her er det litt å ta tak i.
  19. For eigen del må eg sei dette har vore ein lærerrik debatt. Og eg har fått meg ein del aha-opplevelsar undervegs. Blant anna at somme meiner dette: 1. Normal folkeskikk, respekt og toleranse er ikkje lengre noko å bråke med. Forumet i gammal form er trøytt, kjedeleg og sidrumpa. Det er nye tider nå, og ukvemsord og drittslenging er det einaste saliggjerande for å heve forumets kvalitet og underhaldningsverdi. "The more, the merrier" 2. Forumet hjå Tottenhams Venner er eit førebilete på korleis ting skal være. Våre rivalar er blitt eit ideal for all framtidig meiningsutveksling. Hat, hat, hat og "scum scum scum" opp og i mente, dag ut og dag inn. Når det gjeld form og språkbruk er desse folka dei sanne heltar. Eg veit ikke sikkert om eg skal le eller grine, men er mest tilbøyeleg til å gjere det siste. Det er utruleg korleis ein klarer å snu opp ned på alle argument, og gjere det vulgære til noko høgverdig, normalt og kvardagsleg. For å seie det med Sigbjørn Obstfelder: -Jeg er vist kommet paa en feil klode! Her er saa underligt. Han har så rett. Her er det jammen mykje rart.
  20. Eg beklagar at du vart skuffa, men det er nå ein gong slik det er her i livet. Gleda og skuffelsane går hand i hand. Det veit me Arsenal-supportarar altfor godt Du skriv at du ikkje ynskjer å sensurere forumet. Kan du da forklare poenget med å moderère forumet i det heile? Om det ikkje skal være sensur, kan ein vel berre la tinga skure. For all moderèring er da ei form for sensur? Eg har i dette tilfellet valgt å kalle ein spade for ein spade. D.v.s. å kalle dei grovaste utbrota for dumme og uanstendige, sjølv om dette skjer i raseri og skuffelse, og ikkje er veldig vondt meint. Eg meiner seriøst at desse personane treng vern mot seg sjølv, elles får ein berre finne seg i at andre gjer jobben for dei. Når du så samstundes er dei same personanes fremste forsvarar, får du tåle at det vert påpeika. Om eg i dine auge ovedriv og er virkelighetsfjern får så være, me har nok uansett diametralt motsette meiningar om kva som er passande oppførsel på eit offentleg forum. Eg fryktar at eit frislepp vil føre til at mange, som fram til no har lagt band på seg, vil føle at det no er fritt fram med alle mogelege slags oppgulp. Meiner du dette vil senke kvaliteten på forumet, og er dette i så fall av underordna betydning? Slik eg ser det, har ein valet mellom å leggje seg på ei stram line, eller foreta ei fullstendig frislepp. Elles er eg redd me får ein evig diskusjon om kvar grensene skal gå, og kva ord og uttrykk som skal få passere og ikkje passere. Og som eg var inne på i mitt førre innlegg, det er alltid nokon som har interesse av å teste ut grensene, også på dette forum. Når det gjeld samanlikninga med mobbesaker utanfrå, kan du kanskje forklare skilnaden på tilfella Finn Kalvik og Manuel Almunia, bortsett frå den openberre at Kalvik vert hengt ut framfor eit langt større publikum? Slik du ordlegg deg vil du altså ha ein friare kamptråd, medan du ein annan stad ikkje vil sensurere forumet i det hele tatt. Eg er usikker på kvar du eigentleg vil her. Men nei, eg kan ikkje slå fast at tinga vil bli sånn og sånn med eit frislepp. Eg har ikkje monopol på sanninga, og sit ikkje med fasitsvar på korkje det eine eller andre. Og mine synske evner er elendige. Men eg nærer ei sterk frykt for at vårt forum kan nærme seg dei skrekkeksempla ein kan finne på nettet utan å anstrenge seg særleg mykje. Og eg vil mykje heller ha den siviliserte forum-varianten, framfor den lavpanna.
  21. Det burde kanskje ikkje overraske nokon at forumets retningsliner for kva ein kan og ikkje kan skrive er under press. Det gjenspeglar berre det som skjer elles i samfunnet rundt oss, der grensene for kva som er akseptabelt stadig vert strekt lengre og lengre. Som til dømes i humorprogram, der utdriting og hets av einskildpersonar no høyrer til dagens orden. Finn Kalvik måtte etter lengre tids sjikane søkje psykolog-hjelp, medan folk lèr seg skakke. Er det nøye då? Han har sikkert råd til å betale psykolog-rekninga uansett. Ein søkt parallell til kva som skjer her på forumet? Berre delvis, for dumskapen og uanstendigheita har sine støttespelarar også her. Eg fattar ikkje kva som er gale med å slå ned på usaklegheiter og sjikane. Det er da noko ein kvar oppegåande avis- og nettredaksjon driv med, og dei som er mykje inne på Youtube veit jo at det vert slått ned på også der. Men her hos oss skal det altså gjelde andre reglar, der all normal og sakleg oppførsel vert ofra på underhaldningas alter. Alt for ein god latter og litt underhaldning, og skulle det liggje nokon att på bakken med såra kjensler, så pytt pytt. Det vil helst gå bra. Eg veit ikkje om forumet er så splitta i to i dette spørsmålet som nokon vil ha det til. Det er ein liten klikk på fem-seks personar som er svært aktive, og som ynskjer eit friare forum. Antakeleg med fylgje av eit uvisst antall fjortisar. Eg har fylgt Arsenal i fleire år en eg gidd telje. Eg er stolt over å være så nært knytta til denne klubben. Blant anna fordi det (stort sett, da) alltid har vore ein viss stil og klasse over det dei har foretatt seg. Og så skal forumet til Arsenals skandinaviske supporterklubb subbe ned i rennesteinen, og for det meste henfalle til pubertal språkbruk? Eg trur ikkje det nei... Det hadde i så fall vore VERKELEG ille.
  22. Takk for oppklaringa. Eg ser at eg kan tolkast slik at moderatorar burde vore overflødige p.g a. ytringsfridomen. Det er å trekkje det vel langt, og dei har så absolutt sin nyttefunksjon, sjølv om det til tider er ein hårfin balansegang. Og dette er jo problemstillingar internettforum slit med kloden rundt, med unntak av stader som Kina og Nord-Korea da... Mitt syn på kvar grensene bør gå er som fygjer: 1. Upassande språkbruk. Bannskap og bruk av ord som dust, idiot, klovn etc. om meddebattantar ligg det som oftast ikkje noko djupare meining bak, men det forsøplar likevel forumet og bør få fylgjer for "syndaren". 2. Persondiskusjonar. Dette er, slik eg ser det, forumets største problem. Dette er ganske enkelt eit forum for debatt om det som skjer i og rundt Arsenal F.C. Alt for ofte endar det opp i personkrangel med negative karakteristikkar av meddebattantar. Det endar alltid med ein dårlegare atmosfære på forumet. At nokon meiner andre er "besserwisserar", belærande og arrogante er greit nok i seg sjølv, men slike utsagn bør være forumet likegyldig, og all diskusjon av dette slaget skal takast på PM. Så får ein forhåpentleg ordna opp seg i mellom. Dette er i sanning ei broka forsamling med medlemer frå alle samfunnslag, med kvar sin debattstil, interesser og kvar sin måte å være på, og der kanskje det einaste ein har til sams, er denne felles lidenskapen. Det seier seg sjølv at kjemien ikkje kan være like god blant alle heile tida. Toleranse er likevel nøkkelordet her, og ikkje minst: Vis andre den respekt du sjølv ynskjer å bli møtt med. Enkelt, men tilsynelatande akk så vanskeleg... Det er særleg på punkt 2 eg kunne ynskje at moderatorane kunne vore litt strengare. Og i større grad nytte utestenging i kortare eller lengre periodar, som eit ris bak spegelen. Det er eit språk veldig mange av oss forstår..... Så kunne ein kanskje ta litt lettare på diskusjonar som glir litt ut om andre emner? Kven i alle dagar er det som orkar sitje å irritere seg over dette? I slike tilfelle kan moderering verke kvelande på ein god debatt, og så lenge posten er meiningsfull ser eg ikke heilt problemet med at til dømes ein debatt om spelarstallen glir over i ein debatt om Cesc Fàbregas eller Arsène Wenger.
  23. Dette vert i mine auge litt problematisk. Vår ytringsfridom er Grunnlovsfesta, og kun avgrensa av anna lovgjeving, som til dømes injurielova. Kven bestemmer kva som er uakseptabel ordlyd/adferd? Er det lovverket, eller er det forumets administratorar? Har ein administrator rett til å heve seg over Grunnlova? Nei, så definitivt ikkje!! Difor er det heilt naudsynt at det vert ei viss takhøgde på det som trass alt er eit offentleg forum. Utan at eg er nokon ekspert på området, hadde det kanskje stillt seg litt annleis om dette hadde vore eit lukka, passordverna forum. No er det imidlertid også slik at Grunnlova ikkje har nokre bestemmelsar om folkeskikk. Kanskje bl.a. fordi ein tok det som ein sjølvsagt ting. Til dømes det enkle faktum at ein ikkje kan skrive alt, sjølv om det er lov. Det stiller store krav til den einskilde deltakar om disiplin og ansvarlegheit. Det stiller krav om å tenkje nøye gjennom det ein skriv, i staden for å hamre laus på tastasturet i affekt. Då vert ofte resultatet noko ein gjerne ikkje stolt over i ettertid. Tenk om me kunne fått til eit forum der friske diskusjonar, og gjerne krangel der busta fyk, vart kombinert med ein sivilisert tone og glimt i auga? Alt for ofte går diskusjonane over på det personlege plan, med fornærmelsar og vondt blod. Og det var vel ikkje meininga med forumet, eller for den del den fotballklubben me alle deler sterke kjensler og lidenskap for? På den andre sida finst det òg ein del "prinsesser på erta" her. Dei ynskjer at forumet skal være akkurat i sitt bilete, og får me ikke tinga akkurat slik og slik og slik, ja så vil me ikkje være her, og me andre kan berre ha det så godt. Nokre forsvinn, for så å dukke opp att to tre veker seinare, som om ingen ting hadde skjedd. Greit nok det, men eg tykkjer ikkje det er særleg konstruktivt. Ei heller hevar det nivået på forumet, fordi dette er dyktige debattantar som har veldig mykje positivt å bidra med.
  24. He he. Ja ja, det går nok over skal du sjå-)
  25. Når Almunia framleis står i mål må jo det være etter ei nøye vurdering av kva som skjedde "pre-season". Og Fabianski er tydelegvis framleis andrevalet. Ergo så har Szczesny eit stykke att. Men eg har trua på han, og somme har jo evna til å vokse med oppgåvene når dei fyrst får sjansen. Og han fortener etter kvart å vise kva han kan. Uttaket i ligacupen vert eit dilemma for Wenger. Står Szczesny, kan nok Fabianski oppfatte det som ein klar forbigåelse.
×
×
  • Create New...