Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Good old Arsenal

  1. Korleis kjem Henry til å reagere den dagen Wenger fortel han at han ikkje lengre kan garantere ein plass på laget? Kjem han til å ta ein Ljungberg, og seier det er heilt i orden. Eg skal prøve å kjempe meg inn att? Eg trur ikkje det nei. Spelarar i hans klasse tek fyrste fly så fort dei skjønar teikninga. (Ronaldo er det seinaste dømet på dette) Eg har til likes med alle andre ikkje noko særskilt ynskje om å sjå Henry forlate klubben. Eg vil berre ha attende den originale Henry, som var på hogget heile tida. Og eg kjøper ikkje argumentet om at det berre er lagkameratanes manglande dugleik som er skuld i problema. Henry på sitt beste er i høgaste grad i stand til å skape ting på eiga hand. Som Evju skriv over, denne formslumpen har byrja å vare lovleg lenge, og går vel no på andre året. Då tykkjer eg det er heilt legitimt om folk stiller spørmål om kva som foregår, og kva fylgjer det får om dette skulle vedvare. Om formsvikten skulle vare eit år til, kva så? Van Persie (24) og Adebayor (snart 22) er spelarar i utvikling, og eg legg til grunn at dei vert enda betre i åra framover. Eg nektar å tru at Wenger i lengda ikkje vil stille med sitt beste lag, om det så skulle ende med Henry på benken. Magefølelsen min seier at dette kan bli ein livleg sommar, heilt i tråd med det me har opplevd dei seinare åra. Ein kan seie mykje om det å være Arsenal-supportar, men keisamt er det i alle fall ikkje.
  2. Vieira er vel ikke noe spesielt godt eksempel på dette. Ifjor var Vieira hos mange karakterisert som det svakeste ledd hos Juventus. Så at han ble bedre at han gikk fra oss stemmer ikke, den synkende trenden hans bare fortsatte.. Tja, det er som ein ser det. Han hadde eit imponerande godt VM. Han spelar no på eit Inter-lag som har sett europa-rekord med 16 strake sigrar, og som leiar Serie A med 14 poeng. Ikkje verst av ein "avskilta" spelar.
  3. Ettet mi meining er Henry pr. i dag klubbens 3. beste angripar etter van Persie og Adebayor. Dette går særleg på det reint spelemessige, og ikkje minst på arbeidsmoral. No kan ein hevde at dette berre er ein midlertidig nedtur, men diverre varte denne nedturen også delar av forrige sesong. Eg veit ikkje sikkert kva som er årsaka til dette, men eg veit at stoda slik den er no, ikkje kan fortsetje i det uendelege. Arsenal vil i lengda ikkje betale ei astronomisk løn til nokon som ikkje leverer varene. Dei kan ikkje basere drifta på kjenslemessige og nostalgiske forhold, snarare beinharde økonomiske realitetar. Eg kjenner ikkje dei indre forholda godt nok til å seie dette sikkert, men eg har ei kjensle av at innflytelsen hans ikkje berre er positiv, snarare tvert imot. Inntrykket er vel at han har eit rimeleg stort ego, noko som i og for seg også kan være ei av årsakene til hans enorme suksess i klubben. Slik eg ser det er Henry gått noko "sur", og viser til tider ei åpenbar mangel på motivasjon. Dette kjem i tillegg til at han ikkje lengre har den farten han hadde. Eg utelukkar ikkje at Mr. Palmer denne gongen har rett. Av og til hender det at ein spelar har godt av å skifte miljø, og kompisen Patrick Vieira skulle være det beste døme på dette. Viss ikkje, kan ein neste sesong komme i den kinkige situasjon at kapteinen havnar på benken som 3. spissval. Det vil korkje Henry eller Arsene Wenger ynskje.
  4. Kort oppsummering frå TV-forumet: 1. Dei fleste har no drukke seg dritings. 2. Ut med Jol. 3. Nokon vil erstatte Jol med Sam Allardyce!! Ja, det vil nok bringe fest-fotballen dei likar å skryte av attende til *hite *art Lane.
  5. I reint historisk perspektiv er det rimeleg dramatisk det som skjer med engelsk fotball for tida. Storkapitalen har rulla inn for alvor, snudd opp ned på det meste, og ein får etter beste evne forsone seg med at ting aldri kjem til å bli som det ein gong var. At Arsenal kjem til å hoppe på denne karusellen ligg i korta. Spørsmålet er når. Me er i den heldige situasjon å ha ein manager som er i stand til å oppheve alle økonomiske "tyngdekrefter" ved å satse på ei ungdomsline, og elles vere ufatteleg dyktig i det han driv med. Eg ser ikkje akkurat fram til den dagen Wenger sluttar. Folk av hans format dukkar ikkje akkurat opp annakvart år, og det er realistisk å vente at Arsenal kan få det tøft uansett kven det er som etterfylgjer han. I dette perspektivet føler eg at ein ikkje har noko val. Ein lyt gå for det trygge, og satse på å ha kapital i ryggen. Klasseskiljet i engelsk fotball har vore stort frå før, og er no i ferd med å anta enorme dimensjonar. Småklubbane vil nok også i framtida ete kirsebær med dei store i Premier League, men vinne serien? Gløym det. Me kjem til å få eit skotsk eller hollandsk scenarie, berre med litt fleire klubbar som deler på potten. Eg er ikkje særleg komfortabel med situasjonen, men eg orkar ikkje tanken på min klubb som ein evig "also ran". Eg vonar at Arsenal, når den tid kjem, får seriøse eigarar som kompromisslaust handlar til klubbens beste. Kanskje er det naivt å tru det. Men eg har den tiltru til klubbens styre, at dei ikkje sel ut til kven som helst. Og det må da finnast dyktige folk, og med nok kapital, i Storbritannia til å kunne kjøpe ein klubb av Arsenal's storleik. Det ville vore ok å støtte ein klubb med britiske eigarar, om ikkje akkurat med så mange britiske spelarar--.
  6. Eg tek opp tråden på Almunia sidan han er diskutert ein annan plass. Han har sine kritikarar, og det er greitt etter det han har prestert tidlegare. Men skal ein døme på grunnlag av inneværande sesong stiller det seg litt annleis. Eg tykkjer han verkar meir trygg på seg sjølv, og eg kan ikkje hugse nokon "blemmer" fram til no. Tvert imot har han varta opp med ein del klasseredningar, bl.a. eihandsredninga mot Tottenham og utrusinga mot Kevin Nolan. Det er all grunn til å takke han for at me framleis er med i FA-cupen. Eg trur han er av den typen som treng å spele på seg sjølvtiltru, og teke i betraktning hans relativt unge alder er det ikkje opplagt at Wenger treng å sjå seg om etter ein erstattar for Lehmann. Når det gjeld reaksjonsredningar og feltarbeid vil eg faktisk meine han er betre enn Lehmann. Tida vil vise, men han har i alle fall overraska meg positivt dennne sesongen.
  7. Neimen ikkje godt å seie med denne karen. Oftast er det falsk alarm, men etter det eg har høyrt skal han denne gongen ha levert inn sjukemelding, etter fyrst å ha rådført seg med Jens Lehmann.
  8. Good old Arsenal

    Lauren

    Sant. Lauren har alltid vært undervurdert. Alle på Arsenal som til enhver tid ikke slår tuneller på alt og alle har hatt en tendens til ikke å være gode nok. Undervurdert, kanskje. Men mest av alt ein "invincible". Og det laget var kvalitet tvers gjennom. Det finst ikkje mykje rettferd i å miste plassen på grunn av ein tragisk skade. Men slik er fotballen, kynisk og brutal. Wenger har teke denne avgjerda fordi han meiner det er til beste for klubben. Det respekterer eg, sjølv om det forsvinn enda litt meir rutine, og hans erstattarar ikkje virkar like stødige heile tida. Det var pussig at Wenger nemnte Djourou som eit av alternativa på høgreback. Eg kan ikkje hugse han har all verdas erfaring på denne plassen. Elles fortener Gilbert ein sjanse her når han kjem attende. Dersom Wenger ikkje tek ein ny "Stokes"
  9. Når Wenger syt, er det fordi han lever under eit stort press. Laget har prestert langt under dei forventningane Wenger og styret hadde, og Mr.Cool maktar ikkje å halde hovudet kaldt. Det er litt skuffande, og eg vonar verkeleg han roar seg litt ned framover. Det er sikkert meir fruktbart å konsentrere seg om det sportslege, enn å bruke tid på dette.
  10. Og det faktum at han foretrekker "guttunger" på laget, ser det poenget nå. Men særlig god smak er det ikke.. Hilsen Nilsen Denne historia går nok nokre år lengre attende. Wenger hadde ikkje vore lenge i jobben då desse pedofil-rykta dukka opp. Det gjekk så langt at han framfor hovudinngangen på Highbury måtte stå og forsvare seg mot anklagene framfor eit fulltallig pressekorps, samstundes som det vart spekulert i Wenger's avgang. Rykta var fullstendig grunnlause, og pressefolka trakk på skuldrene og jakta vidare på neste gode historie som om ingen ting skulle ha hendt. Wengers omdømme var imidlertid skadd, fordi denne slags skuldingar nærast er uopprettelege. Eg er ikkje heilt sikker, men eg meiner den omtalte songen fyrste gong dukka opp på White Hart Lane. (For alt det eg veit, kan nokre av dei være ekspertar på området). Og sidan har me med jamne mellomrom hatt det gåande. Wenger har lenge vegra seg for å kople inn politiet, og FA ser det openberrt heller ikkje som si oppgåve å foreta seg noko. Eg må berre seie at denne type oppførsel nærmar seg det absolutte lavmål, og at når eg ein gong fatta interesse for engelsk fotball er sjeleglad for at det vart Arsenal. Det finst ikkje berre korgutar hos oss heller, men eg vil påstå at me har meir anstendige supportarar enn mange andre klubbar. Chelsea-fansens oppførsel på sundag skulle være det beste døme på det. Etter det eg har fått referert skal det også ha kome Nazi-rop frå tribunen.
  11. Med fare for å verte skulda for ikkje å feie for eiga dør (les Emmanuel Eboue's særs tvilsame skodespelarkunstar), burde eg kanskje ikkje skrive dette. Eg gjer det likevel: Didier Drogba er ei skam for fotballlen generelt og Chelsea spesielt. Saman med Bolton's El Hadji Diouf er han den verste filmaren i P.l., og det verkar ikkje som dei legg særleg skjul på det heller. Dersom Chelsea var ein klubb av ære, burde Drogba vorte sett ut av laget til han kom på betre tankar.
  12. Denne artikkelen i The Independent tyder på at, (dersom Wenger er korrekt sitert), forholdet Wenger/Henry for tida ikkje er det beste. Det gjenstår berre å sjå kva som kjem ut av dette. Det er vel mykje som tyder på at Henry's framtid i Arsenal avheng av at han i løpet av sesongen finn tilbake til gammal form.
  13. Eg høyrde i går eit intervju med Arsene Wenger på BBC radio der han vart spurd om han akta å forsterke laget i januar. Svaret kom så kontant at det var lite rom for tvil om at han meinte alvor: - Nei. Eg har trua på dei spelarane eg har i stallen. Eg trur ikkje han lyg, og då set me att med to moglegheiter. Enten har han ei usannsynleg mengde med is i magen, og ein ukontrollert hang til gambling. Eller så er rett og slett klubbkassa tom. Pick your choice.
  14. Reyes til Real i dag? I fylgje spanske Radio Marca er Arsenal og Real Madrid nær ein avtale. Den består i ein bytehandel mellom Reyes og Baptista + 3 mill. Euro til Arsenal. Radio Marca er ikkje av dei mest pålitelege, men eg trur noko kjem til å skje i dag. Det som står att skal visstnok være å overtale Baptista
  15. Kanskje det hjelper å søkje råd hjå Sir Alex Ferguson. Det er trass alt slik at "everyone thinks he's got the prettiest wife at home". Sir Sur er ein kapasitet på området, og har sikkert ikkje noko imot rolla som Kirsten Giftekniv.
  16. Kloke ord. Men skodespelarfaktene kan han nok gjere lurt i å droppe. Då vil min respekt for Reyes stige enda meir.
  17. No har Wenger sagt rett ut at han ser på Rosicky som Pires' erstattar. Det var eit dårleg signal å sende Reyes, og det er forståeleg at han vil vekk viss han også mistrives i England. Alternativet til Wenger er å flytte Reyes opp som spiss. Då vert sikkert Henry glad--. Eg trur likevel ikkje Reyes vert selt denne sesongen. Det me treng mest no er nye spelarar, og det går ei grense for kor mange som kan forlate klubbben, utan at nye kjem inn. Det kan bli ein del benkesliting for Reyes framover.
  18. Man.Utd-kjeks smakar pyton. "Couldn't care less".
  19. Det verkar som Rooney no er endeleg klar for VM, trass protestane til Ferguson. Eg skulle gjerne vore floge på veggen heime i stova hans og observert skiftande ansiktsfarge og utvalgte gloser kvar gong Rooney ligg nede med ein skade. Pass på blodtrykket Alex.
  20. Ein kan spørje kvifor nokon skulle ynskje å spekulere i fotballaksjar i det heile. Ingen seriøse investorar kjøper aksjar i norske fotballklubbar. Alle veit dei får lite og ingenting att for pengane. Så har da også aksjane gått på billegsal i lang tid. Fotballklubbar er pengesluk, enten det er i Noreg eller andre stader. Men for all del, er klubben stor nok, kan aksjane gje eit brukbart utbyte. Det fyrste Malcolm Glazier gjorde etter å ha kjøpt Man. Utd. var å ta klubben av børsen. Han hadde sikkert bruk for utbytet for å dekke eiga gjeld. Nei, for å gjenta meg sjølv, eg er sjeleglad eigarforholda i Arsenal er som dei er.
  21. Du har nok rett her, Chaz. Eg skal ikkje utgje meg for å være nokon ekspert på aksjehandel, men eg vil tru klubben har sine grunnar for å halde ein så låg profil på aksjemarknaden. Kanskje Arsenal-aksjen her er mindre utsett for spekulasjon frå dei før nemnde pengeflyttarane. Sjølv om klubbens direktørar sit på ein betydeleg del av aksjane, og aldri ville selje dei til "fiendtlege" interesser.
  22. Dersom det finst rettferd beheld Eboue plassen. Lauren er traust og solid, jamt over til å stole på. Men han skapar lite framover. Eboue er som eit festfyrverkeri til samanlikning. Samspelet og forståelsen med Alexander Hleb er svært god. Det har me Wengers ord for. Ingen tvil om at Eboue's inntreden har vore med på å gjere Arsenal's høgre flanke til eit potent angrepsvåpen. Det har den ikkje vore på mange år. At Eboue har sine defensive manglar kan så være. Dei som huskar attende til Ashley Cole sine fyrste år på laget veit at han var ofte usikker defensivt, og vart til tider overspelt og rundlurt. Wenger beheldt trua på han fordi han visste at med litt rutine og erfaring på fyrstelaget ville tinga gå seg til. Dette er erfaring det ikkje nyttar å tileigne seg på reservelaget. Difor trur eg Eboue beheld plassen når Lauren er attende. Synd for Lauren, men det høyrer til ein managers jobb å være kynisk, og kun ha klubbens beste i tankane.
  23. Dei fleste har vel no skjøna at denne Roman er her inne kun for å provosere og irritere. Det kjekkaste han/ho veit er å trekkje opp deltakarane på forumet. Og det har lukkast over all forventning. Difor kjem han/ho att, gong etter gong. Å kaste vekk tida med lange tilsvar til Roman har ikkje noko for seg. Lat heller være å svare. Utan respons er moroa øydelagd, og då finn ein seg gjerne noko betre å ta seg til. Dette er fyrste og siste gong eg brukar tid på deg Roman. Du bør vel og seriøst vurdere å bruke tida di på ein betre måte.
  24. Eg vert både lei, frustrert og deprimert over utsiktene til å måtte lese og høyre om overgangsrykter for Henry og Cole heile våren og sumaren. Er det nokon som har nokre lykkepillar til overs?
  25. Å satse på at Senderos kjem sterkt attende etter "ein vanskeleg 2. sesong" er å gamble. Det har me ikkje råd til, innsatsen vert for høg. Senderos må gjerne bli værande i klubben, men eg forventar at det vert handla inn ein rutinert midtstoppar i sommar. Kanskje til og med to, med tanke på all uvissa rundt Sol Campbell.
×
×
  • Create New...