Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Good old Arsenal

  1. Jeg setter en tier i mot (mest fordi jeg ønsker at Lehmann skal stå, men jeg frykter at Wenger nok en gang gjør et feil valg og setter Almunia innpå). BE Jaha, så veit me det. Wenger gjer eit feil val. Nok ei gong. Amatøren Wenger er jo vidkjend for alle feilgrepa sine, og me leier nok P.L. med fem poeng trass i Almunia's middelmådige innsats. Kor mange titlar har du vunne da, elfen? Eg set tiaren min Wenger's dømekraft, snarare enn å lite på tospannet elfen/Lehmann. Det var litt av et veddemål Good Old Arsenal, du setter en tier på Wengers dømmekraft. Hvordan skal man avgjøre om du har vunnet veddemålet eller ei? He he, tosapannet elfen/Lehmann skriver du. Hva mener du egentlig med det? Svar spørsmål 1: Det meste skulle være avklart ei gong ut i Mai. Svar spørsmål 2: Ikkje noko anna enn at dei begge meiner at Lehmann er best skikka til å stå i mål for Arsenal.
  2. Jeg setter en tier i mot (mest fordi jeg ønsker at Lehmann skal stå, men jeg frykter at Wenger nok en gang gjør et feil valg og setter Almunia innpå). BE Jaha, så veit me det. Wenger gjer eit feil val. Nok ei gong. Amatøren Wenger er jo vidkjend for alle feilgrepa sine, og me leier nok P.L. med fem poeng trass i Almunia's middelmådige innsats. Kor mange titlar har du vunne da, elfen? Eg set tiaren min Wenger's dømekraft, snarare enn å lite på tospannet elfen/Lehmann.
  3. 33 år gamle Paul Scholes og 34 år gamle Ryan Giggs er gårsdagens menn. Dette ville da Wenger sett for lenge sidan. Dette er ei relevant samanlikning: Wenger selde Pires og Henry, medan Ferguson held på to av sine gamle stjerner. Enten har Ferguson byrja å bli gammal og sentimental, eller så har han feila i å henta fullgode erstattarar. Sett frå ein Man. Utd. ståstad er dei vorte skremmande avhengige av Rooney og Ronaldo. Utan desse to har dei faktisk ikkje noko særleg å by på offensivt. Med siger i morgon, kan det godt vise seg at dette var helga då pendelen svinga i vår retning for godt. Tatt i betraktning vårt unge lag, har eg enno ikkje teke Arsenal's gullsjansar heilt seriøst. Men no er det alvor.
  4. Som konkurrent og rival kan ein naturlegvis fryde seg over det som skjer med Liverpool. Men det er like fullt trist og urovekkjande sett i eit større perspektiv. På same måte som Leeds' lagnad er tragisk, sjølv om det vert feil å samanlikne dei to klubbane. Enn så lenge. Det må her nemnast at også Liverpool's dyre innkjøp sist sommar vart finansiert ved hjelp av lånte pengar, ikkje ulikt det som skjedde med Leeds. Eigarane Hicks og Gillett slit visstnok tungt økonomisk på heimebane i USA, som resultat av nedgangstidene der. Dei har nok og funne ut at livet med Liverpool ikkje er heilt det same som å drive ein NHL klubb. Med ei gjeld på £350 mill. og ei nesten like dyr stadionutbyggjing slit dei med å få bankane med på ei refinansiering, og også ei overføring av all gjeld til Liverpool FC i staden for å stå personleg ansvarleg for gjelda. Dette siste har Malcolm Glazer i Man. Utd klart, men også han har feila i forsøket på å få til ei refinansiering av kortsiktige lån. Resultatet er at Man. Utd må dra på turne til Saudi-Arabia midt i sesongen for å spe på inntektene. Til samanlikning gjekk Arsenal's refinansiering gjennom ganske smertefrittt for ei tid tilbake. Liverpool er havna i ei kattepine det skal godt gjerast å komme heilskinna ut av. Dei kan velje å utsetje stadion-byggjinga, med dei store inntektstapa det fører med seg. Eller dei kan velja å la det stå til, i fall dei får bankane med seg. Men det vert ei uhyggeleg stor gjeld å betene, og min spådom er at dei noværande eigarane ikkje har kapasitet til å ta dette lyftet og, at klubben nok ein gong kjem på andre hender. Eg er sterkt i tvil om Benitez er rette mannen for Liverpool. Han har sanneleg fått nok midlar å kjøpe for, og draumen om ligagull verkar fjernare enn nokon gong. Dei kunne trengt ein Arsene Wenger. Han er hovudgrunnen, i tillegg til eit oppegåande styre, til at vår klubb er såpass stabil og veldriven som den er. Kva me kan takke denne mannen for, både økonomisk og sportsleg, er faktisk vanskeleg å ta inn over seg. I mi Arsenal-verd stiller han på line med Nelson Mandela og Mor Teresa. Me skal ikkje rosemåle situasjonen, for vår gjeld er framleis svært stor, men på meg verkar det som Arsenal har eit betre økonomisk fundament (ikkje minst langt mindre gjeld) enn både Liverpool og Man. Utd. Og det meiner eg oppriktig, også etter å ha tatt av mine relativt tjukke Arsenal-briller.
  5. Eg vil tru Anelka og Henry har spelt sin siste kamp for Wenger. Dette er sikkert mest Wenger's avgjerd, snarare enn klubbens. Wenger er som Fantomet; hard mot dei harde. At dei kan kome attende i ei eller anna stilling etter å ha lagt opp er ei heilt anna sak. Dersom dei har dei rette kvalifikasjonane, vel og merke. Steve Bould er eit godt døme på dette, etter mellomspelet i Sunderland.
  6. Alltid litt usikkert med slik statistikk, alt etter kva kjelder ein nyttar. I fylgje Sky Sports fotballårbok (ex Rothmans) skal Gallas være 182 og Toure 178. Berre for å pirke litt:-), og eg veit eigentleg heller ikkje om dette er korrekt. Overraskinga for meg er Alex Song(180). På meg har han alltid verka kortvokst, men han skal altså være litt høgare en Kolo.
  7. Jammen ikkje løye det vert mykje daukjøt.
  8. Tror du definitivt har misforstått det RP7 og jeg har sagt her inne. Ingen har sagt at det Eboue gjør er ok. Poenget som er tatt opp er måten og ordbruken som blir brukt mot Eboue som vitner om en dobbeltmoral uten like. Eboue sine fakter både når det gjelder filming,syting,og de tendensene han viste mot Mbro er absolutt ikke akseptabelt. Og det står også hvis du gidder lese. Når du nevner cheats så har vi også det gjennom Pires,Reyes men kan ikke huske de ble slakta her inne. Og det er hele poenget som er tatt opp fra min side. Dobbeltmoralen blant Arsenalsupporterne her inne...det har du med all tydelighet misforstått. Eg beklagar at eg ikkje hadde høve til å svare før. For å ta dette med dobbeltmoral fyrst. Det kan godt være at det finst eit element av det her. Eg kan kun svare for meg sjølv, og mi haldning har alltid vore at juks er feil, same om det vert begått av t.d. Pires, Reyes eller Eboue. Det som imidlertid er det sentrale her, er at Eboue stiller i ein klasse for seg sjølv når det gjeld ufinheiter. Han tek i bruk heile registeret for å skaffe seg og laget fordelar, og det skjer alt for hyppig. Han filmar, slår, sparkar, klagar til dommaren, og simulerer skader (om ikkje akkurat i dag), bl.a. ved hive seg ned og halde seg for ansiktet etter å ha blitt treft ein heilt annan stad på kroppen. Om ikkje desse episodane skjer i kvar kamp, så er det ikkje langt ifrå. Og det er ikkje berre her inne det vert reagert på dette. Han har etter kvart fått eit tvilsamt rykte blant engelske fotballkommentatorar. Det eg vil fram til er at det det finst grader av usportslegheit, og etter mi meining er det i engelsk fotball berre Robbie Savage som kan gjere han rangen stridig. Til og med Wenger har kritisert han offentleg (ikkje ofte han gjer det mot eigne spelarar), så langt attende som etter E-cup finalen mot Barcelona. Men når bodskapen ikkje trengjer inn, ei heller frå manageren, kva gjer ein da? Det er greitt at du finn Eboue's handlingar uakseptable, og eg har heller aldri meint å antyde noko anna. Du skriv imidlertid i eit tidlegare innlegg at "--- så lenge han bærer Arsenal-drakt, støtter jeg Eboue." Her stussar eg litt, for det er vel eigenleg ein sjølvmotsigelse. Eg skal vakte meg for å ta i bruk uttrykket dobbeltmoral . Uansett har det etter mi meinig liten hensikt "å protestere for all verden, men følge villig med på ferden" for å sitere Ibsen. Elles er det lett å være samd i at noko av språkbruken og karakteristikkane i denne tråden er forumet lite verdig.
  9. Eg trur me alle aksepterer at fotballspelarar frå tid til annan kan miste fatninga, og at blodtåka kjem sigande. Jfr. Kolo Toure i årets ligacupfinale. I slike tilfeller vert dei også straffa for det internt i klubben i form av bøter. Det skal være lov å feile, og som Arsenal-supportar ser eg gjerne mellom fingrane med mykje som eg aldri ville godtatt frå ein motspelar. Eboue er sikkert også ein hyggeleg gut utanfor bana, men det må være openberrt at han på bana har eit problem som takast alvorleg og løysast, både for klubbens og hans eigen del. Når ein Arsenal-spelar opptrer usportsleg og usympatisk såpass hyppig og over tid, kjenner eg meg berre ille til mote og flau på klubbens vegne. Eg ynskjer ikkje at denne type oppførsel skal bli assosiert med Arsenal. Enkelt og greit. Eg meiner og at ein må kunne kalle Eboue hans "likesinna" i premier league for deira rette namn: "cheats". Det står respekt av den eineståande lojaliteten somme viser i dette høvet, men ein kan jo lure på kor dei meiner grensa bør gå. Mange av oss ser tilværet gjennom tjukke Arsenal-briller, men det skadar ikkje av og til å ta dei av. Då er det kan hende lettare å sjå skilnaden på rett og gale. Elles minner eg om avataren under. Den burde vore like relevant i dag som den var før. Bertie Mee ville aldri ha godtatt Eboue's oppførsel, og han ville havna på hovudet ut døra jo før jo heller.
  10. Når eg ser på klovneria til Lehmann kjem eg til å tenkje på ein annan eksentrikar, Basil Fawlty. "DON'T MENTION THE WAR!!"
  11. Her fylgjer ei liste over antal minuttar mellom kvart baklengsmål, gjennomsnittleg, for topplaga i P.L. (gjeld ligamål) Manchester United 405 minuttar Liverpool 180 Arsenal 120 (Jens Lehmann 90 minuttar, Manuel Almunia 135 minuttar) Manchester City 116 Lista er i og for seg ikkje prov på noko som helst, og er i hovudsak eit resultat av eit lags totale defensive arbeid, men den gjev i alle fall ein peikepinn på at det finst eit forbetringspotensial for vår del. Korkje Lehmann eller Almunia held topp kvalitet. Almunia er til tider god, men ikkje spektakulær, og har til dels hatt flaks som ikkje har vorte straffa for dei feila han har gjort. Fabianski veit eg for lite om. Målvaktposisjonen er vel den Wenger har slite mest med, og har ennå til gode å gjere eit skikkeleg godt kjøp. Det hadde vore greitt om det kom i Januar.
  12. Selg, selg, selg . Og helst så snart som mogleg, før Eriksson oppdagar at det ikkje let seg gjere å skvise det gigantiske egoet hans innanfor stadionportane i Manchester. Maken til usympatisk haldning er det heldigvis lenge mellom kvar gong ein opplever frå ein Arsenal-spelar. Oppførselen hans overfor Almunia er berre pinleg, og han kan med fordel jekke seg nokre hakk ned. Ein plar kalle franskmenn arrogante, men på dette området stiller denne tyskaren verkeleg i ei klasse for seg sjølv. Av dei fire sesongane han har vore her, er det kun ein av dei han har vist verdsklasse. Elles har det i beste fall vore på det jamne. Som alle andre som har spelt for Arsenal fortener Lehmann ei viss respekt, men denne karen kjem eg ikkje til å sakne.
  13. så dersom man skal være pedantisk og gi et korrekt evolusjonært bilde her så må vel det være at Spurs representerer en evolusjonær blindgate, snarere enn et startpunkt. Interessant teori. Kanskje er det slik at neandertalaren ikkje tilhøyrer ein utdøydd rase likevel. EDIT: Det er mogleg dette kan oppfattast som ei fornærming mot neandertalarane. I så fall bed eg om orsaking.
  14. Helt eing og vist dette er sant blir Arsenal kvitt SCUM i Nord London. Og det er mega trist Det er diverre ikkje langt nok unna til å bli kvitt skitt-lukta
  15. Helt enig, en Gallas og Toure i form pluss Senderos, Nordtveit og Djourou som backup, så er vel ikke han vi trenger mest. Terry kommer nok aldri til å spille for Arsenal. Eg kjenner ikkje John Terry, så i kva grad han er ufyseleg skal være usagt. Det eg veit er at han er ein vinnartype det ikkje finst så mange av, og som me avgjort har trong for. Ikkje minst når ein ser kor me til tider strevar med å rydde unna innlegg. Og heilt ærleg, kven ville de helst hatt på laget? Philippe Senderos eller John Terry?
  16. Det er ikkje tvil om at Terry i utgangspunktet er lojal mot Chelsea. Men etter kvart som sirkuset på Stamford Brigde får utfalde seg trur eg han, og kanskje også fleire med han, får nok. Enten reiser russaren, elles vert det exit Terry. Eg set pengane mine på sistnemnde.
  17. Skal ein tru somme oppslag er Abramovich i ferd med å ta kontroll over det sportslege på Stamford Bridge, med unntak av treninngsøktene. Det forklarar i så fall kvifor han tilsette ein såpass anonym manager. Er dette sant ville eg vore alvorleg bekymra dersom eg hadde hatt Chelsea sympatiar. Det heile er ein farse, og klubben er snart ein parodi på seg sjølv. Det er også alvorleg for engelsk fotball generelt, i den grad ein kan bli stempla som useriøse. Og kva toppspelar kan eigentleg tenkje seg å skrive under for klubben, dersom ein da ikkje prioriterer pengane framfor det sportslege. Stakkars Chelsea. Det kan fort bli ein bratt nedtur framover. Eg vonar Wenger vurderer å leggje inn eit bod på John Terry i Januar. Eg har ei kjensle av at han ikkje vil være heilt uinteressert. Edit: Eg tek meir enn gjerne med Peter Cech på handlelista.
  18. Det var det. "The special one has left the building." Så får me sjå kven Abramovich har i bakhand. Capello? Han er neppe så desperat at han tek Chelsea-jobben.
  19. Eg vil takke Thierry Henry for alle dei magiske stundene og all den gleda han har gjeve meg dei siste åra. Bergkamp og Henry var legender med eit ekstremt ferdigheitsnivå, og det er ikkje gjeve at me nokon gong får sjå deira like igjen. Det førekjem meg noko naivt at nokre framleis bit på utsegner som "eg vert i klubben ut karriera". Fotball er og blir ein kynisk business og ein gjer lurt i å ta denslags med ei solid klype salt. Og berre for å ha sagt det, Henry er ingen uheiderleg person. Eg ser at somme meiner han gjekk på billegsal. Tja, mon det. Eg er ikkje sikker på at eg ville betalt £16 mill. for ein spelar som fyller 30 i August, som er stadig meir skadeutsett, som har vist ein dalande formkurve dei to siste sesongane og som, i alle fall etter mi meining, har mista ikkje så heilt lite fart. Barcelona tek ein stor sjanse, og inntil det motsette er prova, står eg på at Arsenal har gjort den beste handelen. Eg stoler framleis på Wenger's dømekraft, og når han no er seld er det bl. a. fordi Wenger meiner det kan forsvarast sportsleg. Eg mistenker Wenger for å meine at Henry den seinare tid har hatt ein destabiliserande effekt på det unge laget, og at ein i det lange løp vil tene på Henry's avgang. Me får stadig forsikringar frå styret om at det finst midlar å handle for. Noko anna kan dei knapt seie, utan å gje inntrykk av finansiell krise. Eg trur ikkje kassa er heilt bunnskrapt, men skal ein handle inn klassespelarar er klubben avhengig av å selje fyrst. Bl.a. difor vart Henry seld, og eg ventar meg minst ein "super, super class player" (for å nytte Wenger's uttrykk) i løpet av sommaren. Noko anna vil kun skape inntrykk av at den økonomiske krisa faktisk er reell.
  20. No er han sjølv ei av årsakene til den manglande suksessen dei siste to åra. Då er det ganske sterkt å ha mage til å skulde på alle andre, og speselt dei unge på laget. Både Henry og Gallas bør klappe igjen, og heller ta opp eventuell misnøye internt. Dersom det er slik at Henry ynskjer å dra må han gjerne få lov til det. Han står ikkje i gjeld til nokon i Arsenal, snarare tvert imot. Det vil sannsynlegvis være god butikk for klubben å selje ein spelar som godt kan ha dei beste åra bak seg.
  21. Women's FA Cup Final Arsenal 4 Charlton 1 2 mål kvar av Kelly Smith og Jayne Ludlow 20 000 tilskodarar, City Ground Nottingham Gratulerer med ein stor sesong. Det vert ikkje betre enn dette. Spesielt må Vic Akers (fødd i Islington!) nemnast. Han var med å skipe klubben i 1987, hundre og eit år etter skipinga av AFC, og har på desse 20 åra vunne 31 trofe, medrekna dagens pokal. Han fortener tittelen "the Herbert Chapman of women's football".
  22. Det kom opp ein svært interessant artikkel på Arsenal.com der Arsene Wenger kjem inn på framtida til somme av spelarane på utlån. Nicklas Bendtner kjem attende . Ei grei avgjerd, og han fortener sjansen. Fabrice Muamba kjem etter alt å døme til å ta ein ny sesong på lån i Birmingham. Tydeleg at Wenger er usikker, og treng meir tid. Kerrea Gilbert kan komme attende, men avgjerda er enda ikkje teken. Litt rart om det ikkje skjer, for korkje Eboue eller Hoyte hadde hatt vondt av litt konkurranse på høgre back. Alex Song kjem attende. Forståeleg , for han har vist gode takter hjå Charlton. Men sanneleg kjem det til å verte trangt på sentral midtbane med Gilberto, Fabregas, Diaby, Denilson, Song og kanskje til og med Merida til å kjempe om plassane (og då har eg ikkje ei gong nemnt Flamini). Det ligg i korta at nokon forlet klubben. Når det gjeld Baptista er tinga litt i det blå, men dei resterande kampane vert avgjerande, til likes med kva som skjer med Reyes i Real Madrid. Arsenal's stall tel per i dag 32 mann (inkludert spelarar på lån), og er med det ein av dei største i P.L. Eg vert ikkje overraska om det vert ei større opprydding etter sesongslutt, ikkje minst med tanke på alle dei talentfulle spelarane på juniorlaget samt det faktum at Wenger har lova å handla inn eit par klassespelarar.
  23. Dette er rekord for FA Youth Cup, og såvidt nok til at alle ville fått plass på Highbury----.
  24. Arsenal 1 Man.Utd 0 Scoring: Kieran Gibbs 60" 38187 tilskodarar Returkamp 2. April
  25. Finale mot Umeå(?) 21 og 29 april(hjemme på Ashburton)! For første gang... "For the record", kampen går på Meadow Park, Borehamwood sundag 29/4 kl. 1300 norsk tid. Det var reint praktiske årsaker til at det ikkje let seg gjere å spele på Ashburton. Meadow Park har normalt ein kapasitet på 4500, derav 500 sitjeplassar. Korleis UEFA kan godta at ein stor kamp som dette vert spelt under slike fasilitetar har eg ikkje noko godt svar på, men det tyder vel på at damefotball i høgaste grad er ein bigeskjeft for UEFA. Det har nok igjen å gjere med at dei store pengane ligg i herrefotballen. Og pengar er som kjent noko UEFA forstår seg på.
×
×
  • Create New...