Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Contact Methods

  • Website URL
    http://
  • ICQ
    0

Profile Information

  • Location
    Bergen

Good old Arsenal's Achievements

Rutinert spiller

Rutinert spiller (5/9)

  1. Fyrst av alt takk for framstillinga av Norris' pengebruk, den var nyttig og klagjerande. Heilt ærleg så trur eg ikkje eg hadde klart å hisse meg veldig opp om Man.City-eigaren kun hadde brukt pengane på redningsaksjonar og stadionbyggjing. Det er denne "støvsuginga" av spelarmarknanden og eskaleringa av overgangssummar og løner som er det verkeleg problematiske, og inntil det motsette er prova trur eg ikkje Norris var ein stor "skurk" i denne samanhengen. Samanlikninga er delvis relevant, men har store manglar. Sidan du nemner Dale Oen, så kan ein sjølsagt sjå han som naiv og lite kynisk. Eller ein kan sjå han som ein representant for verdiar det er verd å stå opp og ta ein kamp for. Ingen treng være i tvil om kva side eg dett ned på. Du har heilt rett i at ein ikkje kjem stort lengre i denne diskusjonen. Me har havna solid på kvar vår side, og det er i og for seg heilt greit. Hallusinasjonar skal ein ta alvorleg, og med mindre nokon kan anbefale ein dyktig psykiatar vurderer eg å ta kontakt med Asbjørnsen & Moe Slutt frå meg.
  2. I så fall vil eg gjerne få stille deg eit reint hypotetisk spørsmål. Om du som mangemilliardær var den heldige eigar av Arsenal, ville du halde deg til hallusinasjonen eller ville du brukt den kapitalen som var naudsynt for å bringe pokalane til Emirates? Eg kan elles stadfeste at eg meiner dei ytterst få klubbane det gjeld burde ha anstendigheit til å begrense seg, i solidaritet med dei 99,99% av andre klubbar som ikkje har noko anna alternativ enn å setje tæring etter næring.
  3. Prestasjonane hans var jamnt nedadgåande, for å seie det slik. Men han redda oss frå nokre verkeleg stygge siffer ved ein del høve. Det skal huskast.
  4. Det ville framleis vært fint om nokon kunne komme fram med tal på Norris' pengebruk, slik at me kan få eit mål på kor ille dette muligens var. Slik det er no vert påstanden på ein måte hengjande i lause lufta. Ein kan vel seie det slik at bl. a. Chelseas og Man. Citys metodar etter ditt syn berre er eit utslag av pragmatisme. Men har desse klubbane integritet? Etter mi meining nei!! Dei pleide å ha det, men med pengefolkas inntog forsvann den som dogg for sola. Dei har ofra sjela si på storkapitalens alter. Når alt kjem til alt er det vel dette mitt engasjement handlar om. At Arsenal skal bevare siste rest av den sjel, identitet, tradisjon, verdigheit, integritet, respekt og elles dei verdiar som klubben har nytt godt av og vore prega av sidan Chapmans tid. Det er etter mitt syn så viktig at her finst det ikkje rom for pragmatisme. Då må det diverre litt meir til enn berre å basere seg på juridiske reglar. Så får me heller berre bli akterutseilt. Arsenal vil uansett være Arsenal. Alltid. Om det er slik at du vil leggje all moral til side og kun basere deg på kva som er lov, må du nødvendigvis akseptere ei slik løysing også for Arsenal om det skulle bli aktuelt. Det som er greit for Man. City må også per definisjon være greit for vår klubb. Om det med velkomstmatta kanskje var å ta hardt i, kan det i alle fall oppfattast som ein litt nølande invitasjon. Sidan du meiner det er Charles Darwins lære om den sterkastes rett som gjeld i fotball, burde ikkje dette være uforeinleg med Tottenhams fortsatte eksistens? Eg ventar i spaning på di forklaring på korleis dette heng saman . Chaz: Det var betryggande. Eg har alltid oppfatta deg på den måten, og no begynte eg å bli bekymra Verminator5: Horna er heldigvis ikkje mitt bord! Ein veit aldri når heile greia ramlar i golvet.
  5. For å ta det siste fyrst, så er det kanskje nokon som kan svare på kor mykje pengar Norris brukte på Arsenal? Han la ein del av grunnlaget ved å flytte klubben til Highbury, samt å utnemne Chapman som manager. Faktum er at Arsenal på alle måtar var ein middelmådigheit då Norris måtte gå i 1929 (enda på niande plass). Dei hadde til då ikkje vunne ein einaste pokal av betydning. Stadion var på det tidspunkt veldig lite å skryte av. Faktum er også at byggjinga av West- og East Stand, som kom tidleg på 30-talet, kosta flesk og sette klubben i stor gjeld. Eg har ikkje grunnlag for å hevde at Norris ikkje brukte pengar frå eiga lomme, men det er med all respekt ikkje mykje som minner om Man. City her. Eg vil hevde at Norris' største genistrek var utnemninga av Chapman, og ikkje pengebruken. Kor Arsenal hadde vært i dag utan arven frå Chapman kan ein berre spekulere i. Korles kjem våre fans til å reagere om ein kastar prinsippa på dør og med det oppnår suksess? Man. Citys supportarar er som supportarar flest, inkludert våre. Eg vil anslå at minst 98% av deira supportarar forsvarar pengebruken, og slik vil det også bli hos oss. Forfattaren og Man. City supportaren Colin Schindler kom nyss ut med boka "Manchester City ruined my life" der han tek eit oppgjer med klubben og deira metodar. Som han sjølv uttrykkjer det: "I've written this book on behalf of people like me who are losing what we grew up with". Ein kan trygt seie at boka ikkje fall i god jord hos den jevne Man. City supportar. Eller som ein kan lese her: http://forums.bluemo...hp?f=1&t=256590 17 sider med sjikane og skittkasting. Eg er ein av dei som nektar å tilpasse meg, og meiner at moral må være ein del av livet enten det finst reglar eller ikkje. Om det ikkje hadde funnest reglar mot promillekøyring, og nokon ville setje seg bak rattet sørpe full ville eg likevel teke nøklane frå vedkommande. Og det ville nok du også... Du er sikkert også samd i at om Darwins teoriar også skulle danne grunnlaget for alt samkvem mellom menneska ville jordkloden blitt ein enda meir utriveleg plass en kva me allereie har klart å gjere den til. Alexander Dale Oen er sannsynlegvis den største idrettsmann me her på Vestlandet har fostra. For nokre år sidan nekta han å ta i bruk ei ny og prestasjonsfremjande symjedrakt. Det det kosta han i medaljar tok han mange gonger igjen i respekt og integritet. Denne handlinga gjorde ein stor idrettsutøvar enda større, og det er akkurat denne type integritet eg ynskjer at folk skal forbinde med Arsenal. Tar du poenget Piscator? Eg må sei rett ut at eg er skuffa over forumets "seniorar". Ved å argumentere slik de gjer, legg de ut velkomstmatta for ein kvar riking som ynskjer å bruke Arsenal som sitt eige private leikety. Det er ikkje berre skuffande, det er skammeleg.
  6. Eg anar ikkje kva båt du har vært i, sjølv var eg ikkje i nærleiken av å være påtenkt på den tida. Besteforeldra mine levde i beste velgåande, men deira forhold til Arsenal var nok litt fjernt for å seie det slik.... For å gjere det klart for alle som gidd lese: Eg har aldri på noko tidspunkt støtta ureint trav enten det gjeld min eigen klubb aller andre. Eg anser ikkje meg sjølv for å være medskuldig i eller støttespelar for dei krumspringa Sir Henry Norris og andre måtte ha funne på i klubbens barndom. Eg tek det som ein sjølvsagt ting at Arsenal vert drifta på ein fornuftig måte, og vil reagere deretter om så ikkje skjer. Om dette i Piscators verden er å befinne seg på sin høge hest, så gjerne det. Med dette utgangspunktet er det i drygaste laget å skulde meg for hykleri og steinkasting i glashus. Ut i frå din logikk har eg to val. Enten skifte til ein klubb med plettfritt rulleblad (heilt uaktuelt), eller å akseptere tingas tilstand som dei er (også uaktuelt). Eg har tatt mitt standpunkt og står på det, så får dei som ynskjer det gjere som Peer Gynt: "Protestere for all verden, men følge villig med på ferden."
  7. Om eg tolkar nokon her rett er det på ein måte hyklersk for ei Arsenal-supportar å ta avstand frå dagens uvettige pengebruk, fordi Arsenal kanskje kutta nokre svingar for 80-90 år sidan. Som om nokon som lever i dag skulle ha noko som helst ansvar for det.(Og nei, om så skulle være tilfelle er eg ikkje spesielt stolt over det.) Dessutan er det så mange som har drive denne geskjeften i åra etterpå, at det må liksom aksepterast som ein uungåeleg del av spelet. Det er så veldig mange andre som gjer det, så da så. For å dra ei litt søkt samanlkning: Ingen ventar vel at dagens tyskarar skal akseptere folkemord à la det nokon av deira besteforeldre dreiv med, fordi nokon faktisk har bedrive desse grusomheitene heilt opp til vår tid. Og jada, eg veit at denne samanlikniga er heilt irrelevant, bortsett frå dette eine punktet: spørsmålet om moral og skilnaden på rett og urett. Nokon av oss forbeheld oss retten til å protestere mot ei utvikling som er veldig øydeleggjande, og om fleirtalet ynskjer å kritisere oss for det må dei for all del få lov til det. Men det seier ein god del om haldningar i endring, og om kva veg dette går.
  8. Mi stemme går til Bayern München. Eg ynskjer ikkje å sjå kjøpelubb nr.1 gå til topps i England, medan kjøpeklubb nr.2 går til topps i Europa. Det sender ut heilt feile signal til resten av fotballverda. Det er ei gong slik at Tottenham tok fjerdeplassen, og har gjort seg fortènt til C.L.-spel. Eg har ikkje spesielt mykje til overs for denne klubben, men forholdet er ikkje så angstbitersk at eg ikkje kan unne dei denne sjansen. Dei kjem ikkje til å vinne neste år likevel. Big deal.
  9. Det er fordi antipatien mot Man. Utd. stikk rimeleg djupt blant svært mange. Og denne antipatien er for ein stor del ein direkte konsekvens av deira mangeårige suksess, akkurat som den i si tid var mot Liverpool (og til dels framleis er). Så hurra for denne styrtrike oljesjeiken som har redda folket og engelsk fotball ut av elendigheita. Jubelen kjem neppe til å sitje like laust om Man. City kjem til å dominere engelsk fotball dei neste 10-20 åra, men skitt au. Den tid den sorg. Det ville ikkje forbause meg om nokon kjem til å feire saman med den raude delen av Manchester etter nokre år med total City-dominans.
  10. Fotball kan aldri bli heilt rettferdig. Skilnad på inntekter og potensial har det alltid vore, og det må ein leve med. Det bidreg jo også til noko av sjarmen med engelsk fotball som til dømes kvar gong det smell ei cupbombe. Engelske klubbar har, heilt til dette så smått byrja å endre seg på 90-talet, sett si ære i å drive etter sunne økonomiske prinsipp. Ein har nok vore fullt klar over kva som føregjekk i nokon av klubbane på kontinentet, men samstundes også sett verdien av å setje tæring etter næring. I dette perspektivet må ein også sjå Liverpools totale dominans på 70-talet som ein imponerande prestasjon, same kva ein elles måtte meine om klubben At innføringa av P.L og C.L har gjort sitt til å auke skilnadane er det ingen tvil om. Om Premier League har øydelagt fotballen kan imidlertid diskuterast, og det må sjåast på som eit sunnheitsteikn at det framleis er rom for lettvektarar som Swansea, Reading og Hull. (Spesielt det faktum at dei har ein lei tendens til å ta poeng frå "the mighty Arsenal".....) Om fotballen er ille ute frå før, gjer Chelsea og Man. City sitt beste for å slå dei siste spikrane i kista, og det meiner eg er heilt forkasteleg både ut i frå eit moralsk og økonomisk synspunkt. Slik ståa er rundt om i verda i dag, er det heilt andre som har trong for den type kunstig åndedrett som bl.a desse sjeikane driv med i Man. City. 2012 er det fyrste året der FPR er gjeldande, og det er spanande å sjå kva som skjer når rekneskapa etter kvart dukkar opp i løpet av neste år. Det vert sanningas time for UEFA, og det vil vise seg kor stor makt og vilje dei har til å skjære gjennom. Europas rikaste klubbar har stor innflytelse, og det stadige trugsmålet om å bryte ut og danne sin eigen superliga kan igjen bli veldig aktuelt. Og det må antakeleg være UEFAs største skrekk.
  11. Når Man.City er med på å bære enda meir olje til bålet, er det deira avgjerd og deira ansvar. Ingen andres.
  12. Nei, kvifor bry seg med "fair play" når pengekassa er full? Kvifor bry seg med kva som er rettferdig og ikkje, berre ein har dei spissaste albogane og dei mest kyniske eigarane? Kvifor bry seg med at det oppstår eit uoverstigeleg skilje melllom dei som har og dei som ikkje har? Kvifor bry seg med dei 98% av klubbane som må spinke og spare for å halde hovudet over vatnet? Kvifor skal Contador og hans tilhengarar ha dårleg samvit fordi han har ete opp alle kirsebæra dei siste åra? Skal det være deiras problem at nokon av idiot-konkurrentane ikkje dopar seg? Kvifor skal ikkje målet heilage middelet? Kvifor skal Arsenal drive etter budsjett, når det finst potensielle eigarar der ute med honningkrukka full? Kan det være fordi nokon ynskjer å ta ansvar? Er det fordi nokon av oss innser at ein er fullstendig på ville vegar, og at fotballen er i ferd med å grave si eiga grav?
  13. Det er nok fordi dei har den beste hårfønaren.
  14. Og det var Wengers ansvar! #%#%¤"¤¤&%!!
  15. Det er i år seks år sidan flyttinga frå Highbury, noko som medførte det største økonomiske lyft i klubbens historie. Desse åra har ein brukt til å stabilisere økonomien, og som ein konsekvens av det måtte det å tene pengar bli prioritet nummer ein på bekostning av det sportslege. Ansvarlegheit er ein god ting, og heller det enn å la ting gå til helvete på fyrste klasse fordi me supportarar krev umiddelbar suksess. I denne settinga er det å være blant dei fire beste absolutt å trakte etter, fordi me har konkurrert mot klubbar som har hatt ein god del meir å rutte med og da vert sjølv ein fjerdeplass ingen sjølvsagt ting. Det tyder ikkje at me ikkje skal være ambisiøse, og sikte mot toppen i eit lengre perspektiv. Eg er rimeleg trygg på at alle med ansvar i Arsenal har ein ambisjon om å bli best. Det ligg i klubbens "dna", og har gjort det like sidan Chapmans dagar. Eg tykkjer uansett at ein fjerdeplass år etter år er sterkt, om det er slik at ein etter ditt syn heile tida fylller opp med middelmådigheiter. Så svak er ikkje Premier League. Når det gjeld Fàbregas bør han ta seg ein god kikk i spegelen. Ikkje alt han bidrog med var like fantastisk. Som kaptein var han ein elendig motivator, og den siste sesongen bar preg av at han meir eller mindre hadde mista interessa. Ein ventar meir profesjonalitet frå folk som hevar millionløn. Han må gjerne agere moralens vaktar og kritisere, men noko av kritikken fell attende på han sjølv. Sidan du nemner Almunia og tittelkandidatar så var han veldig nære i 2008, og det var faktisk ikkje han som dumma seg ut. Det biten tok Gallas seg av, så gjorde Martin Taylor kort prosess med Eduardos bein og det heile imploderte derifrå og inn. Det sluttar ikkje å forbause meg når nokon hevdar at me år etter år med den største selvfølge skal kunne konkurrere med pengeklubbane. Det er etter mitt syn mykje Wengers forteneste at me hevdar oss såpass bra. Når Ben Johnson, Johann Mûhlegg og Alberto Contador var så suverene som dei var, så var det ein grunn til det. Sjølv om dei rike klubbane i lovas forstand ikkje gjer noko gale, må nokon snart forklare meg kvifor denne typen "doping" ikkje skal ha den samme verknaden i fotball. Du vil kjempe for fyrsteplassen uansett. Greit nok, men vær budd på å bli skuffa.
×
×
  • Create New...