Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Good old Arsenal

  1. Fyrst av alt takk for framstillinga av Norris' pengebruk, den var nyttig og klagjerande. Heilt ærleg så trur eg ikkje eg hadde klart å hisse meg veldig opp om Man.City-eigaren kun hadde brukt pengane på redningsaksjonar og stadionbyggjing. Det er denne "støvsuginga" av spelarmarknanden og eskaleringa av overgangssummar og løner som er det verkeleg problematiske, og inntil det motsette er prova trur eg ikkje Norris var ein stor "skurk" i denne samanhengen. Samanlikninga er delvis relevant, men har store manglar. Sidan du nemner Dale Oen, så kan ein sjølsagt sjå han som naiv og lite kynisk. Eller ein kan sjå han som ein representant for verdiar det er verd å stå opp og ta ein kamp for. Ingen treng være i tvil om kva side eg dett ned på. Du har heilt rett i at ein ikkje kjem stort lengre i denne diskusjonen. Me har havna solid på kvar vår side, og det er i og for seg heilt greit. Hallusinasjonar skal ein ta alvorleg, og med mindre nokon kan anbefale ein dyktig psykiatar vurderer eg å ta kontakt med Asbjørnsen & Moe Slutt frå meg.
  2. I så fall vil eg gjerne få stille deg eit reint hypotetisk spørsmål. Om du som mangemilliardær var den heldige eigar av Arsenal, ville du halde deg til hallusinasjonen eller ville du brukt den kapitalen som var naudsynt for å bringe pokalane til Emirates? Eg kan elles stadfeste at eg meiner dei ytterst få klubbane det gjeld burde ha anstendigheit til å begrense seg, i solidaritet med dei 99,99% av andre klubbar som ikkje har noko anna alternativ enn å setje tæring etter næring.
  3. Prestasjonane hans var jamnt nedadgåande, for å seie det slik. Men han redda oss frå nokre verkeleg stygge siffer ved ein del høve. Det skal huskast.
  4. Det ville framleis vært fint om nokon kunne komme fram med tal på Norris' pengebruk, slik at me kan få eit mål på kor ille dette muligens var. Slik det er no vert påstanden på ein måte hengjande i lause lufta. Ein kan vel seie det slik at bl. a. Chelseas og Man. Citys metodar etter ditt syn berre er eit utslag av pragmatisme. Men har desse klubbane integritet? Etter mi meining nei!! Dei pleide å ha det, men med pengefolkas inntog forsvann den som dogg for sola. Dei har ofra sjela si på storkapitalens alter. Når alt kjem til alt er det vel dette mitt engasjement handlar om. At Arsenal skal bevare siste rest av den sjel, identitet, tradisjon, verdigheit, integritet, respekt og elles dei verdiar som klubben har nytt godt av og vore prega av sidan Chapmans tid. Det er etter mitt syn så viktig at her finst det ikkje rom for pragmatisme. Då må det diverre litt meir til enn berre å basere seg på juridiske reglar. Så får me heller berre bli akterutseilt. Arsenal vil uansett være Arsenal. Alltid. Om det er slik at du vil leggje all moral til side og kun basere deg på kva som er lov, må du nødvendigvis akseptere ei slik løysing også for Arsenal om det skulle bli aktuelt. Det som er greit for Man. City må også per definisjon være greit for vår klubb. Om det med velkomstmatta kanskje var å ta hardt i, kan det i alle fall oppfattast som ein litt nølande invitasjon. Sidan du meiner det er Charles Darwins lære om den sterkastes rett som gjeld i fotball, burde ikkje dette være uforeinleg med Tottenhams fortsatte eksistens? Eg ventar i spaning på di forklaring på korleis dette heng saman . Chaz: Det var betryggande. Eg har alltid oppfatta deg på den måten, og no begynte eg å bli bekymra Verminator5: Horna er heldigvis ikkje mitt bord! Ein veit aldri når heile greia ramlar i golvet.
  5. For å ta det siste fyrst, så er det kanskje nokon som kan svare på kor mykje pengar Norris brukte på Arsenal? Han la ein del av grunnlaget ved å flytte klubben til Highbury, samt å utnemne Chapman som manager. Faktum er at Arsenal på alle måtar var ein middelmådigheit då Norris måtte gå i 1929 (enda på niande plass). Dei hadde til då ikkje vunne ein einaste pokal av betydning. Stadion var på det tidspunkt veldig lite å skryte av. Faktum er også at byggjinga av West- og East Stand, som kom tidleg på 30-talet, kosta flesk og sette klubben i stor gjeld. Eg har ikkje grunnlag for å hevde at Norris ikkje brukte pengar frå eiga lomme, men det er med all respekt ikkje mykje som minner om Man. City her. Eg vil hevde at Norris' største genistrek var utnemninga av Chapman, og ikkje pengebruken. Kor Arsenal hadde vært i dag utan arven frå Chapman kan ein berre spekulere i. Korles kjem våre fans til å reagere om ein kastar prinsippa på dør og med det oppnår suksess? Man. Citys supportarar er som supportarar flest, inkludert våre. Eg vil anslå at minst 98% av deira supportarar forsvarar pengebruken, og slik vil det også bli hos oss. Forfattaren og Man. City supportaren Colin Schindler kom nyss ut med boka "Manchester City ruined my life" der han tek eit oppgjer med klubben og deira metodar. Som han sjølv uttrykkjer det: "I've written this book on behalf of people like me who are losing what we grew up with". Ein kan trygt seie at boka ikkje fall i god jord hos den jevne Man. City supportar. Eller som ein kan lese her: http://forums.bluemo...hp?f=1&t=256590 17 sider med sjikane og skittkasting. Eg er ein av dei som nektar å tilpasse meg, og meiner at moral må være ein del av livet enten det finst reglar eller ikkje. Om det ikkje hadde funnest reglar mot promillekøyring, og nokon ville setje seg bak rattet sørpe full ville eg likevel teke nøklane frå vedkommande. Og det ville nok du også... Du er sikkert også samd i at om Darwins teoriar også skulle danne grunnlaget for alt samkvem mellom menneska ville jordkloden blitt ein enda meir utriveleg plass en kva me allereie har klart å gjere den til. Alexander Dale Oen er sannsynlegvis den største idrettsmann me her på Vestlandet har fostra. For nokre år sidan nekta han å ta i bruk ei ny og prestasjonsfremjande symjedrakt. Det det kosta han i medaljar tok han mange gonger igjen i respekt og integritet. Denne handlinga gjorde ein stor idrettsutøvar enda større, og det er akkurat denne type integritet eg ynskjer at folk skal forbinde med Arsenal. Tar du poenget Piscator? Eg må sei rett ut at eg er skuffa over forumets "seniorar". Ved å argumentere slik de gjer, legg de ut velkomstmatta for ein kvar riking som ynskjer å bruke Arsenal som sitt eige private leikety. Det er ikkje berre skuffande, det er skammeleg.
  6. Eg anar ikkje kva båt du har vært i, sjølv var eg ikkje i nærleiken av å være påtenkt på den tida. Besteforeldra mine levde i beste velgåande, men deira forhold til Arsenal var nok litt fjernt for å seie det slik.... For å gjere det klart for alle som gidd lese: Eg har aldri på noko tidspunkt støtta ureint trav enten det gjeld min eigen klubb aller andre. Eg anser ikkje meg sjølv for å være medskuldig i eller støttespelar for dei krumspringa Sir Henry Norris og andre måtte ha funne på i klubbens barndom. Eg tek det som ein sjølvsagt ting at Arsenal vert drifta på ein fornuftig måte, og vil reagere deretter om så ikkje skjer. Om dette i Piscators verden er å befinne seg på sin høge hest, så gjerne det. Med dette utgangspunktet er det i drygaste laget å skulde meg for hykleri og steinkasting i glashus. Ut i frå din logikk har eg to val. Enten skifte til ein klubb med plettfritt rulleblad (heilt uaktuelt), eller å akseptere tingas tilstand som dei er (også uaktuelt). Eg har tatt mitt standpunkt og står på det, så får dei som ynskjer det gjere som Peer Gynt: "Protestere for all verden, men følge villig med på ferden."
  7. Om eg tolkar nokon her rett er det på ein måte hyklersk for ei Arsenal-supportar å ta avstand frå dagens uvettige pengebruk, fordi Arsenal kanskje kutta nokre svingar for 80-90 år sidan. Som om nokon som lever i dag skulle ha noko som helst ansvar for det.(Og nei, om så skulle være tilfelle er eg ikkje spesielt stolt over det.) Dessutan er det så mange som har drive denne geskjeften i åra etterpå, at det må liksom aksepterast som ein uungåeleg del av spelet. Det er så veldig mange andre som gjer det, så da så. For å dra ei litt søkt samanlkning: Ingen ventar vel at dagens tyskarar skal akseptere folkemord à la det nokon av deira besteforeldre dreiv med, fordi nokon faktisk har bedrive desse grusomheitene heilt opp til vår tid. Og jada, eg veit at denne samanlikniga er heilt irrelevant, bortsett frå dette eine punktet: spørsmålet om moral og skilnaden på rett og urett. Nokon av oss forbeheld oss retten til å protestere mot ei utvikling som er veldig øydeleggjande, og om fleirtalet ynskjer å kritisere oss for det må dei for all del få lov til det. Men det seier ein god del om haldningar i endring, og om kva veg dette går.
  8. Mi stemme går til Bayern München. Eg ynskjer ikkje å sjå kjøpelubb nr.1 gå til topps i England, medan kjøpeklubb nr.2 går til topps i Europa. Det sender ut heilt feile signal til resten av fotballverda. Det er ei gong slik at Tottenham tok fjerdeplassen, og har gjort seg fortènt til C.L.-spel. Eg har ikkje spesielt mykje til overs for denne klubben, men forholdet er ikkje så angstbitersk at eg ikkje kan unne dei denne sjansen. Dei kjem ikkje til å vinne neste år likevel. Big deal.
  9. Det er fordi antipatien mot Man. Utd. stikk rimeleg djupt blant svært mange. Og denne antipatien er for ein stor del ein direkte konsekvens av deira mangeårige suksess, akkurat som den i si tid var mot Liverpool (og til dels framleis er). Så hurra for denne styrtrike oljesjeiken som har redda folket og engelsk fotball ut av elendigheita. Jubelen kjem neppe til å sitje like laust om Man. City kjem til å dominere engelsk fotball dei neste 10-20 åra, men skitt au. Den tid den sorg. Det ville ikkje forbause meg om nokon kjem til å feire saman med den raude delen av Manchester etter nokre år med total City-dominans.
  10. Fotball kan aldri bli heilt rettferdig. Skilnad på inntekter og potensial har det alltid vore, og det må ein leve med. Det bidreg jo også til noko av sjarmen med engelsk fotball som til dømes kvar gong det smell ei cupbombe. Engelske klubbar har, heilt til dette så smått byrja å endre seg på 90-talet, sett si ære i å drive etter sunne økonomiske prinsipp. Ein har nok vore fullt klar over kva som føregjekk i nokon av klubbane på kontinentet, men samstundes også sett verdien av å setje tæring etter næring. I dette perspektivet må ein også sjå Liverpools totale dominans på 70-talet som ein imponerande prestasjon, same kva ein elles måtte meine om klubben At innføringa av P.L og C.L har gjort sitt til å auke skilnadane er det ingen tvil om. Om Premier League har øydelagt fotballen kan imidlertid diskuterast, og det må sjåast på som eit sunnheitsteikn at det framleis er rom for lettvektarar som Swansea, Reading og Hull. (Spesielt det faktum at dei har ein lei tendens til å ta poeng frå "the mighty Arsenal".....) Om fotballen er ille ute frå før, gjer Chelsea og Man. City sitt beste for å slå dei siste spikrane i kista, og det meiner eg er heilt forkasteleg både ut i frå eit moralsk og økonomisk synspunkt. Slik ståa er rundt om i verda i dag, er det heilt andre som har trong for den type kunstig åndedrett som bl.a desse sjeikane driv med i Man. City. 2012 er det fyrste året der FPR er gjeldande, og det er spanande å sjå kva som skjer når rekneskapa etter kvart dukkar opp i løpet av neste år. Det vert sanningas time for UEFA, og det vil vise seg kor stor makt og vilje dei har til å skjære gjennom. Europas rikaste klubbar har stor innflytelse, og det stadige trugsmålet om å bryte ut og danne sin eigen superliga kan igjen bli veldig aktuelt. Og det må antakeleg være UEFAs største skrekk.
  11. Når Man.City er med på å bære enda meir olje til bålet, er det deira avgjerd og deira ansvar. Ingen andres.
  12. Nei, kvifor bry seg med "fair play" når pengekassa er full? Kvifor bry seg med kva som er rettferdig og ikkje, berre ein har dei spissaste albogane og dei mest kyniske eigarane? Kvifor bry seg med at det oppstår eit uoverstigeleg skilje melllom dei som har og dei som ikkje har? Kvifor bry seg med dei 98% av klubbane som må spinke og spare for å halde hovudet over vatnet? Kvifor skal Contador og hans tilhengarar ha dårleg samvit fordi han har ete opp alle kirsebæra dei siste åra? Skal det være deiras problem at nokon av idiot-konkurrentane ikkje dopar seg? Kvifor skal ikkje målet heilage middelet? Kvifor skal Arsenal drive etter budsjett, når det finst potensielle eigarar der ute med honningkrukka full? Kan det være fordi nokon ynskjer å ta ansvar? Er det fordi nokon av oss innser at ein er fullstendig på ville vegar, og at fotballen er i ferd med å grave si eiga grav?
  13. Det er nok fordi dei har den beste hårfønaren.
  14. Og det var Wengers ansvar! #%#%¤"¤¤&%!!
  15. Det er i år seks år sidan flyttinga frå Highbury, noko som medførte det største økonomiske lyft i klubbens historie. Desse åra har ein brukt til å stabilisere økonomien, og som ein konsekvens av det måtte det å tene pengar bli prioritet nummer ein på bekostning av det sportslege. Ansvarlegheit er ein god ting, og heller det enn å la ting gå til helvete på fyrste klasse fordi me supportarar krev umiddelbar suksess. I denne settinga er det å være blant dei fire beste absolutt å trakte etter, fordi me har konkurrert mot klubbar som har hatt ein god del meir å rutte med og da vert sjølv ein fjerdeplass ingen sjølvsagt ting. Det tyder ikkje at me ikkje skal være ambisiøse, og sikte mot toppen i eit lengre perspektiv. Eg er rimeleg trygg på at alle med ansvar i Arsenal har ein ambisjon om å bli best. Det ligg i klubbens "dna", og har gjort det like sidan Chapmans dagar. Eg tykkjer uansett at ein fjerdeplass år etter år er sterkt, om det er slik at ein etter ditt syn heile tida fylller opp med middelmådigheiter. Så svak er ikkje Premier League. Når det gjeld Fàbregas bør han ta seg ein god kikk i spegelen. Ikkje alt han bidrog med var like fantastisk. Som kaptein var han ein elendig motivator, og den siste sesongen bar preg av at han meir eller mindre hadde mista interessa. Ein ventar meir profesjonalitet frå folk som hevar millionløn. Han må gjerne agere moralens vaktar og kritisere, men noko av kritikken fell attende på han sjølv. Sidan du nemner Almunia og tittelkandidatar så var han veldig nære i 2008, og det var faktisk ikkje han som dumma seg ut. Det biten tok Gallas seg av, så gjorde Martin Taylor kort prosess med Eduardos bein og det heile imploderte derifrå og inn. Det sluttar ikkje å forbause meg når nokon hevdar at me år etter år med den største selvfølge skal kunne konkurrere med pengeklubbane. Det er etter mitt syn mykje Wengers forteneste at me hevdar oss såpass bra. Når Ben Johnson, Johann Mûhlegg og Alberto Contador var så suverene som dei var, så var det ein grunn til det. Sjølv om dei rike klubbane i lovas forstand ikkje gjer noko gale, må nokon snart forklare meg kvifor denne typen "doping" ikkje skal ha den samme verknaden i fotball. Du vil kjempe for fyrsteplassen uansett. Greit nok, men vær budd på å bli skuffa.
  16. Ungdomsprosjektet var ikkje ein fiks idè Wenger sette i gang med for moro skuld. Det var ei bedriftsøkonomisk nødvendigheit, og det har på langt nær vore den fiaskoen somme vil ha det til. Tvert om har det vore ein betinga suksess. Det ser ut som Arsenal er på veg til Champions League spel for femtande år på rad. Slik eg ser det er det kun Sir Alex Ferguson som kunne ha makta noko liknande, men då snakkar ein da også om den største manager i engelsk fotballs historie. Den nemnte Liverpool-supportaren har rett i at gjennomtrekket av nøkkelspelarar, og dermed også ein gjennomgåande mangel på rutine dei siste 7-8 åra, har kosta oss. På samma måten som langvarige skader folk som van Persie, Vermaelen, Ramsey og Wilshere har gjort det. Wenger gjer ufatteleg mykje rett, og har ein teft for ungt talent som ingen andre kan vise til. Han har også ein eigen evne til å få det aller beste ut av desse talenta. Deri ligg hans genialitet. Men for all del, det er også blitt noko feilgrep opp gjennom åra, og i etterpåklokskapens lys skulle sjølvsagt Arteta blitt handla inn for mange år sidan. Plussane med Wenger overgår likevel dei få minusane som er, og eg kan med min beste vilje ikkje sjå at nokon andre kunne oppnådd noko betre resultat dei seinaste åra, ut frå dei ressursane klubben har rådd over.
  17. Har limt inn dette innlegget frå ein reflektert og oppegåande Liverpool-fan i The Telegraph. (Dei eksisterer faktisk!) Eg tek ikkje stilling til folks mentale helse, men skriv gjerne under på resten. Great win for Arsenal. I'm delighted for Wenger. City tried to buy The Gunners best players in the last couple of seasons, but Wenger has proved he has the ability to unearth quality players, young and old. Arsenal just need to be a bit more patient when it comes to winning trophies. As a Liverpool fan, i would much rather have the manager, players and league position that The Gunners have. The Arsenal "fans" that were/are calling for Wenger's head SHOULD be locked up in a mental institution. The man is a genius. Ok, maybe he should have a bit more experience in his side. But the young players Arsenal have coming through are getting the BEST footballing education a player can get. Arsenal's biggest problem is going to be holding on to these players when the big bucks come calling, as has been the problem in recent years. Alex Song is just 24. What a player. An unsung (pardon the pun) hero if ever there was one! With Jack Wilshere 20, yet to come back and Sagna, Koscielny, Vermaelen, Rosicky, Chamberlain, Ramsey, Arteta, Benayoun and Van Persie, they are not doing too badly at all. Just hold on to those players. Look at it from Wengers point of view. Its not easy building a team when other clubs keep teasing your best players away. Wenger is quality and the Arsenal fans are very lucky to have him. Skrellar ein vekk den verste hat-retorikken trur eg det framleis er mange som misunner oss Wenger, til og med langt inn blant Tottenham og Chelsea-folkets rekkjer. Wenger (og laget!) har redda oss ut frå ei knipe på ein måte som sjølv Houdini ville vore stolt av, Ja, mannen er eit geni. Med visse manglar her og der, men framleis eit geni.
  18. Eit spørsmål det ikkje er heilt lett å svare på. Skuldast det Wenger, eller skuldast det administrativt rot? Har styret nokon skuld, eller er spelarane som forlèt oss litt å laste? Kanskje ansvaret går litt alle vegar? Ein kan ha sine meiningar, men det vert berre spekulasjonar når ein ikkje har den naudsynte innsikta. Å trekkje inn ein bestemt syndebukkk utan å basere seg på fakta er kanskje å dra det litt langt? Eg erkjenner at Wenger har sine manglar, og at feildisponeringar kanskje til og med har kosta oss eit trofè og to. Det endrar ikkje mi grunnleggjande tru på at han har vore rett mann på rett plass i ein særs krevjande periode for klubben. Kor lenge hadde det gått før Mourinho hadde pakka kofferten om han i årevis måtte forhalde seg til eit så stramt budsjett? Dei som trur at andre hadde gjort ein mykje betre jobb under slike vilkår, kunne fort fått seg ei lei overrasking. Til Castor: Eg forstår deg slik at du meiner det er nesten ingen som meiner Wenger bør trekkje seg. Det er vel å ta litt for hardt i. I fylgje avstemninga her er det 23% som har null tiltru til Wenger, og såleis meiner han bør gå av snarast. Blant 36% er tiltrua svært tynnslitt, og folk i denne katergorien bør vel snart hoppe ned frå gjerdet og gjere seg opp ei meining, sidan denne avstemninga no har pågått i alle fall to år. Det vil styrke nei-sida ytterlegare, vil eg tru. Eg kunne godt dradd fram konkrete døme på Wenger-ut innlegg, men sidan eg ikkje har tid, og det berre er å leite seg fram i kamptrådane etter dei mest sviande tapa, lèt eg det være.
  19. Går det an å spørje kva forventningar du hadde tidleg i sesongen med 2-10 i sekken etter tre kampar, tilsynelatande utan lagmoral, samt ingen Nasri, Fàbregas og Wilshere? Eg gjorde meg mine mørke tankar, og ein tredjeplass virka veldig fjern der og då. Eg ser på denne sesongen som ein suksess uansett kva som skjer på slutten. Fordi me har klart å hevde oss trass i ein alvorleg svekka midtbane. Fordi lagmoral og fighting spirit er attende i fullt monn. Fordi eit baklengsmål styrker kampviljen i staden for at laget klappar saman slik me diverre har vore vitne til i altfor mange år nå. Å vinne 5-6 kampar på rad etter å liggje under kunne aldri ha skjedd i fjor eller i forfjor. Klart flyten me er i no før eller sidan vil ta ein ende. Det er nærmast det ein kan kalle ei naturlov, og gjeld såvisst ikkje berre oss. Poenget er vel at ein har tru på det ein driv med, sjølv når motgangen melder seg. Og det er her det har svikta kapitalt dei siste sesongane. Og framgangen kan faktisk ha litt å gjere med at kaptein van Persie er ein større motivator enn kva som var tilfellet med kaptein Fàbregas. Eg noterer med glede at du ynskjer at Wenger held fram ei stund til. Det er tydelegvis ikkje alle som er like generøse:-) No er det slik at Wenger's kontrakt går ut om to år, i det han fyller 65 år. Eg har meint ei stund, og meiner framleis, at det er naturleg å ta ein større diskusjon innad om kva som då skal skje vidare. Eg er heller ikkje overtydd om at han er lysten på ein ny periode, og litt avheng kanske også av kva som skjer med van Persie i sommar. Eg innbiller meg at det må være frustrerande å miste nøkkelfolk år etter år, slik at ein aldri får fullført byggverket. Korthuset rasar stadig vekk saman i den siste fasen. Om Wenger skulle velje å gje seg, kan me fort få erfare at ikkje alt nødvendigvis vert så mykje betre, og me kan omsider byrje å verdsetje forgjengarens formidable innsats for å tette lekkasjane i skuta dei siste 7-8 åra. Til slutt litt om Wenger-ut brigaden, og det merkelege fenomen at den for tida har gått i dekning. Eit par tap på rappen, og vips så sprett dei ut frå buskane for å fortelje omverda kor fælt allting er i sedvanleg udiplomatisk språkdrakt. Eg veit ikkje kor mange gonger Wenger har mista garderoben, "lost the plot", og stort sett ikkje er noko anna enn ein senil gammal gubbe som knapt veit sitt eige, og langt ifrå Arsenal's, beste. Desse "ekspertane" dukkar opp like sikkert som amen i kyrkja, og forsvinn like fort. Kanskje dette handlar om ei form for eigenterapi, men i så fall er det ikkje noko ein bør belemre forumet med. Ta heller ut frustrasjonane på andre og meir handfaste ting som stovemøblar, fjernkontrollar og den slags.
  20. Eg skulle gjerne sett den manager som hadde fått meir ut av dette mannskapet enn Wenger. Denne tredjeplassen har laget kjempa seg fram til mot absolutt alle odds, og med eit skrekkeleg utgangspunkt. Det kan virke som om det viktigaste no er å rettferdiggjere gammal kritikk, og å klamre seg til halmstrå av typen "sesongen er ikkje slutt enda". Det må være eit traurig fotballiv om ein ikkje klarer å glede seg fullt og heilt når lyspunkta ligg opp i dagen, og i staden held fram med å tyggje drøv på gamle oppgulp. Denne gjengen er ikkje skikka til å sitje i nokon jury, og har langt mindre gjort seg fortent til nokon pokal.
  21. Ser ein vekk frå dei to største klubbane nærmar spansk fotball seg ei kjempekrise. Gjelda klubbane i mellom er på heftige 4000 millionar euro. Mange klubbar spelar utan draktreklame p.g.a. sponsortørke. Fleire hundre spelarar har anmeldt klubbane sine p.g.a. manglande lønsutbetaling. Sjølv om Real Madrid og Barcelona på kort sikt vil profitere på denne situasjonen, vil det i det lange løp være svært uheldig både for dei og spansk fotball i det heile.
  22. Ferguson tar trykket av sine spelarar bl.a. ved å manipulere dommarstanden, og det spørs vel om det er så mykje betre når alt kjem til alt. Eg har meint lenge at Liverpool gjekk for "gårsdagens mann", men det er ikkje særleg relevant i denne diskusjonen. Eg forsvarar ikkje hans språkbruk, men meiner bestemt at fotballen har vore og framleis er belemra med større drittsekker enn Kenny Dalglish, My opinion, only.
  23. Dalglish seier sikkert mykje dumt i kampens hete, og det reflekterer vel berre det presset han lever under som manager i Liverpool. Ei sak har som regel to sider, og det er på sin plass å få fram at han også har ei raus og sympatisk side, som det klart og tydeleg går fram av hans bok "My Livepool Home" : http://www.sport.co....lassy_club.aspx Kven er me til å klage uansett, for det er vel ikkje akkurat noko moralsk fyrtårn som har leia Arsenal frå sidelina dei siste åra. Wenger, Dalglish og Ferguson er elendige taparar, men endrar alle personlegdom i det dei kjem i betryggande avstand frå ein fotballbane.
  24. Det var i alle fall ein snodig tittel, sidan Arsenal ikkje har nokon president og meg bekjent helller aldri har hatt det. Men det er vel så enkelt som at at styret skulda henne ei gjenteneste, og Bracewell-Smith familien sakna gratis adgang til kampane. Så noko måtte ein finne på. No står det berre att å finne ein god president-kandidat. Enkefru Fiszman?
  25. Når det gjeld dette med ustabilitet er det eit moment til som også bør nemnast. Eit lag spelar til ei kvar tid så godt som motstandaren tillèt. Tottenham la opp til ein åpen kamp, tillot oss å spele rundt dei og betalte prisen for det "big time". Vårt problem er at me enda ikkje taklar tette markeringar og hardt press på ballførar. Me finn ingen å passe til, feilpasningsprosenten går opp, me vert tvinga til å spele på tvers og det heile går i stå. Det er i grunn heile skilnaden på dagens spelarar og den forrige generasjonen, der ein kombinasjon av mobilitet, pasningssikkerheit og tekniske ferdigheiter gjorde oss bortimot uslåelege. Me har framleis eit ungt lag, og det er heilt avgjerande at Wenger og spelarane knekkjer denne koden om ein vil kjempe heilt i toppen i åra framover.
×
×
  • Create New...