Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Good old Arsenal

  1. Akkurat det er veldig sant, sjølv om ein gjekk langt over streken i jakta på Eduardo. Eg står framleis på at Eduardo hadde ei god sak. Det er svært alvorleg når pressa sviktar si oppgåve som kritisk og objektiv vaktbikkje, og å dekke over sine eigne på denne måten er beint fram skammeleg. Nå er den moralske standard blant deler av tabloid-pressa svært låg, så kva kan ein vente. Journalistar frå News of the world og The Sun er arrestert for telefonavlytting og bestikkelsar, og det viser at ein er i stand til å gjere nesten kva som helst for å selge aviser. Utan samanlikning for øvrig ser ein små tendensar til det same innan norsk presse. Ein kan berre forestile seg korleis norske aviser hadde framstilt Petter Northug om han t.d. hadde vore svensk. No er han Gullguten i staden, samme kva krumspring han måtte finne på.
  2. Slik eg ser det: Det er kontakt frå Gibbs og Szczescny, sannsynlegvis minimal i begge tilfeller, og Bale reagerer med eit svalestup. Eg forsvarar det ikkje, men svært mange ville gjort akkurat det same. Det er eit generelt problem, og Tottenham er ikkje verre ann andre lag. Arsenal har også hatt sine svin på skogen opp gjennom åra, sjølv om eg faktisk har sett tendensar til ei betring denne sesongen. Og det er veldig positivt!! Men eg oppmodar likevel til å kutte ut det som i alle fall kan oppfattast som dobbeltmoral. Van Persie hadde neppe fått same medfarten....
  3. Det er vel kanskje å ta litt hardt i. Det vert heller eit val mellom pest og hemoroidar etter mitt syn. Plagsomt, men langt frå livstrugande... Men ja, eit tredje alternativ hadde ikkje vore av vegen. Det er berre det at om ein tek sjansen og ting går galt, så kan det få store fylgjer i årevis framover. Kanskje til og med uopprettelege fylgjer. Då satsar eg heller på det relativt trygge, om enn uspanande.
  4. Ser du verkeleg ikkje skilnaden? Usmanov verkar i eit miljø som er mildt sagt suspekt, og i eit Russland som ikkje akkurat er prega av åpenheit i samfunnsstruktur og forretningsliv. For å låne ein metafor frå Sir John er mannen innhylla i røyk. Då kimer varselklokkene hos meg, og eg vil ha meg frabede eit røyklagd Emirates Stadium. Sidan du hverken vil hoppe i taket eller havet får eg berre konstatere at du stiller deg relativt likegyldig. Deg om det, men det verste er at du neppe er aleine om den haldninga.
  5. Svaret på det er tydelegvis ja. Arsenal's sjel har forsvunne bit for bit dei siste 20 åra i eit fosøk på henge med i den stadig eskalerande pengebruken. Det er ikkje mykje sjel att, og få ser ut til å bry seg lengre. Men det er ein ting å miste sjela. Noko heilt anna er det å invitere ein mogleg representant for russisk mafia som hovudeigar i Arsenal. Det vert aldeles for mykje for min del. Gangsterklubben Arsenal. Tygg på den... Eg har tidlegare spurt om kva Usmanov's fanklubb har tenkt å foreta seg om han som klubbeigar vert avslørt som mafiamedlem og kriminell. Eg får ikkje noko svar, og det forstår seg. Ein får vel berre servert noko svada om at ein må halde fotball adskilt frå politikk og kriminalitet. Lat humla suse og pokalane komme.
  6. Dersom alternativet er Usmanov får me verkeleg vone han har det...
  7. Ja, det skjedde visstnok heilt plutseleg, etter at han ein dag våkna opp med englefjør over heile seg etter middagsluren. Usmanov er for øvrig sponsor for Dinamo Moskva. "My first love", som han sa til klubbens nettside. Det er vel slik at Arsenal er nummer to i køen da, i beste fall... Det er ikkje til å unngå å leggje merke til at stemninga over tid har snudd til fordel for Usmanov, både her på forumet og andre stader. Så vidt eg veit er det berre 1 (ein) forumist, (i tillegg til underteikna) som den seinare tid har stilt seg kritisk til Usmanov's motiv for å overta Arsenal. Resten fordeler seg slik: a: sit på gjerdet (lite konstruktivt i lengda), b: hans gode intensjonar for Arsenal vert slukt med agn, søkkje og snøre, velkommen skal han være og c: Usmanov må gjerne bidra med alt det han har av rublar, euro, dollar og annan valuta. "The more the merrier". Ein kvar bonde veit at å sleppe reven inn i hønsegarden er dårleg butikk i lengda. No veit ein ikkje sikkert at det er reven det dreiar seg om i dette tilfellet, men det herskar så mykje uvisse og uklarheit rundt mannen at det førekjem meg utruleg naivt å tru på alt han seier. Men eg forstår jo såpass at utsikter til pokalar og snarleg suksess endar med at føre var-prinsippet går rett ut vindauget. Kva har de tenkt å gjere om Usmanov vert ein forretningsmessig og sportsleg katastrofe? Møte opp på Emirates med kvart sitt banner? Då skal de vite at ein ikkje tek lett på den typen protestar i Usbekistan, eller i Moskva for den del. Kanskje litt seint å snyte seg når nasa er vekke. Eg ville gjerne hatt ei avstemning på forumet om haldninga til Kroenke og Usmanov. Kan nokon ordne det? Kor mange vil ha Kroenke? Kor mange vil ha inn Usmanov? Kor mange vil ha ut begge to? Kor mange ynskjer seg ein "sukkerpappa"? Eg får leggje til at eg er ingen nasegrus beundrar av Kroenke, men han er det minste av to onder. Eg legg til grunn at Arsenal's revisorselskap gjer ein grundig jobb, at forrige rekneskap er korrekt og at det ikkje forsvinn pengar ut av klubben som havnar i lommer dei ikkje skal være. Den neste rekneskapen vert interessant i så måte. Om det skulle vise seg at Kroenke tappar klubben for midlar er det berre ein ting å seie: UT!!! Forhåpentleg har han i så fall nok vit i skallen til å finne ein annan kjøpar enn Usmanov.
  8. Til dei som meiner at vårt forsvar er så skrekkeleg minner eg om at me så langt har sluppe in 9 mål heime, og det er det faktisk berre Man. City og Liverpool(!) som kan matche. Bortestatistikken er litt dårlegare, hovudsakleg p.g.a. kampen på Old Trafford. Med omsyn til alle skadene i forsvaret og stadige utskiftingar med spelarar som må spele på plassar dei ikkje er vane med, synest eg det er meir enn godkjent. Det er langt meir alvorleg at me har berre ein spiss som scorar regelmessig og at midtbane/kantspelarar bidreg med alt for få mål.
  9. Nei, i utgangspunktet ikkje. Men ting heng saman, og ein kan ikkje sjå Usmanov kun som fotballadministrator og lukke augene for alt anna. Ingen er tènt med å feie ubehagelege ting under teppet, og late som om dei ikkje eksisterer. Det er heller ikkje likegyldig kven som eig Arsenal, og kva bakgrunn han har. Eg kan diverre ikkje love å la Usmanov i fred heretter. Om katastrofen skulle inntreffe, og mannen tek over kontrollen i Arsenal, skal det verkeleg bli månelyst her.
  10. Dette er mannen du meiner er skikka til å eige Arsenal: -- Han driv forretningar i eit miljø som er så gjennomkorrupt at det er vanskeleg å fatte for oss utanforståande. -- Han er kompis med, og har fri tilgang til, president Medvedev og sjarmtrollet Putin, som begge for tida er opptatt med å halde si hand over det bloddryppande regimet i Syria, og som ellers har gjort likvidasjonar i statleg regi av personar dei ikkje likar til ein spesialitet. Jfr. m.a. Alexander Litvinenko. -- Han eig ei rekkje aviser samstundes som pressefridomen i landet lever under stadig trangare kår. Redaktørar som er kritiske mot regimet vert sparka. Jfr. Maxim Kovalsky, redaktør i Kommersant Vlast. Verkeleg ein sann demokrat denne Usmanov. -- Usmanov's firma Metallinvest er nedsylta i gjeld. I fylgje han sjølv fem milliardar dollar, sannsynlegvis langt meir. Han bør vel heller bruke kreftene på å rydde opp der fyrst. Eg tykkjer denne heilt ukritiske haldninga til Usmanov og det han driv med er skremmande og trist. Enten er det manglande forståing og kunnskapar om kva som faktisk foregår i Russland, eller så stiller ein seg heilt likegyldig så lenge målet heilagar middelet og Usmanov kan tilføre oss pengar og pokalar. Det siste er eigentleg det verste. Personleg kjem eg aldri til å bli så pokal-kåt at eg kastar alle prinsippar på båten. Før ser eg heller at Arsenal havnar i den grå massen av middelmådigheiter, snarare enn å miste den siste rest av anstendigheit. Den som vil vite meir om Usmanov kan trykkje her: http://rumafia.com/person.php?id=88
  11. Det er eit par faktorar som jobbar for dei. Den eine er eit historisk lågt rentenivå, som antakeleg vil forbli slik i overskueleg framtid. Den andre er eigar og milliardær Joe Lewis, som neppe vil sitje og sjå på at klubben knekkjer ryggen på dette prosjektet. Bortsett frå det, er det ein heil haug med faktorar som jobbar mot dei. Deira største problem er at dei stod att på perrongen når toget gjekk. Det har vore nøling heile tida, medan Arsenal og Man. Utd. tok grep og tidleg forstod at det ligg store inntekter i auka stadionkapasitet. Tottenham tapar store summar per heimekamp samanlikna med sine største konkurrentar. Imens går tida, og det er heilt urealistisk å tru at dei skal sleppe billegare frå dette enn me gjorde. Eg vil heller tru kostnadane med å byggje har stige på desse åra, og at sluttsummen vil bli noko større. Tottenham er også ein mindre aktør på eigedomsmarknaden enn kva Arsenal er, og pengane me tok inn på eigedomssal vil dei måtte skaffe andre stader. Det er eit paradoks at medan Tottenham tek mot pengar frå kommunestyret for å bli værande der dei er, vart Arsenal nærmast halde som gissel frå lokalstyret i Islington, og måtte ta del i det eine byutviklingsprosjektet etter det andre for at stadionet skulle kunne oppførast. Kor store summar dette har kosta oss anar eg ikkje, men det gjer det ikkje mindre imponerande at me har komme gjennom dette utan større tap. Dertil kjem finanskrisa, som innebærer at eit kvart prosjekt av ein slik storleik vil medføre ein betydeleg risiko. Er bankane, som er smånervøse nok frå før, viljug til å ta den? Arsenal hadde si fulle hyre med å skaffe finansiering i meir normale tider, og det førte vel til og med til ei tids utsetjing for vår del. Eg antar at dette likevel vil gå i orden om Lewis stiller kausjon for lånet. Til slutt er det ikkje nok å ha eit 56 000 seters stadion, det skal også fyllast opp til kvar heimekamp. Klarer dei det? Dei påstår at dei har rundt 35000 på venteliste for sesongbillett. Slik eg forstår det er det ei sanning med visse modifikasjonar. For å kunne kjøpe billett må ein ha eit såkalt "bronze membership", og alle som melder seg inn kjem også automatisk inn i køen for sesongbillett, uansett om ein er interessert eller ikkje. Det er jo ein kreativ måte å gjere det på, om det er sant, men det befestar i så fall inntrykket om ein klubb som så veldig gjerne vil ete kirsebær med dei store, og ikkje heilt får det til. Men sjølvskryt er dei gode på, det skal dei ha.
  12. Anelka sytte for å svi av denne brua for mange år sidan. Frå begge endar, med god hjelp av sin bror. Too little, too late, too old, too greedy.
  13. Med Wilshere's tilbakekomst i ikkje altfor fjern framtid melder spørsmålet seg om kven som skal vike plass. Eller vert kanskje Wilshere sitjande på benken?? For ein månad eller to sidan ville eg knapt ofra dette spørsmålet ein tanke, men nå ser det ut til å bli ei kinkig, om enn hyggjeleg, problemstilling for Wenger. For det er vel ikkje lengre opplagt at det er Arteta som må ut? Song og Arteta ser ut til å overlappe kvarandre, men sidan dette partnerskapet åpenbart fungerer må ein kanskje sjå etter andre alternativ? Wilshere på høgre kant? Wilshere for Ramsey? Eg er ikkje heilt komfortabel med den løysinga heller. Ikkje veit eg, og overlet heller heile floka til Wenger:-) Nå kan jo dette fort bli ei hypotetisk problemstilling, sidan det dukkar opp nye langtidsskader med jamne mellomrom. Kunne likevel vore interessant å vite kva forumets medlemer meiner om dette...
  14. Ein skal heller ikkje undervurdere den miljøskapande faktoren nye folk som t.d. Arteta, Gervinho og Mertesacker har bidratt med. I den forstand trur eg ikkje det er nokon ulukke at Knoll og Tott, alias Fàbregas og Nasri, forsvann ut garderobedørane. Heller tvert imot. For det er sikkert ikkje lett å predike samhald når, ein samstundes går rundt og ynskjer seg vekk og i tillegg demonstrerer at ein ikkje har sjenerande stor tru på det ein driv med.
  15. Manchester City er framleis under gransking av UEFA. Dette er kva Jean-Luc Dehaene, formann i UEFA's Club Financial Control Panel, hadde å seie om saka: " If we see clubs that are looking for loopholes we will act. It is not enough to say, 'We'we got a sponsorship contract and that's okay' if the contract is out of line". Dette står om siste rest av UEFA's truverdigheit, og det må være i alles interesse at det vert rydda opp.
  16. Me kjem på feil side i forhold til klubbar som vil være meir eller mindre uberørt av krisa. Det var difor eg tok utgangspunkt i Man. City. Og gapet mellom "dei og oss" vil berre auke fordi Arsenal og andre klubbar som driv bærekraftig vil måtte ta omsyn til fallande inntekter. Skulle krisa slå inn for alvor risikerer Arsenal publikumssvikt, og kan i tillegg bli tvinga til å redusere billettprisane. Inntektene av medierettar og supportareffektar kan bli sterkt redusert og sponsormarknaden tørkar inn. Korleis skal Arsenal kunne oppretthalde dagens lønsnivå i ein slik situasjon? Risikerer me at enda fleire av våre beste folk tek ein "Nasri", og dreg av garde til klubbar som kan betale? Da er det ei mager trøyst at det finst klubbar som er i ein enda verre situasjon enn oss. Sjølv om eg er heilt samd i at me er i ein gunstig posisjon blant klubbane som driv seriøst, betyr ikkje det nødvendigvis at me kjem til å hevde oss heilt i toppen i åra framover. Det er difor eg vonar at UEFA's tiltak vil hjelpe, og at dei tettar alle smutthòl som måtte dukke opp, slik at alle klubbar kan konkurrere på like vilkår. Da er det håp, også for Arsenal..
  17. Tilskodartala i P.L. har så langt halde seg stabil samanlikna med forrige sesong. Det er likevel liten tvil om at britar flest merkar dei tøffe tidene på kroppen. Ein ny økonomisk nedtur nå vert fort dramatisk. Eit val mellom å mette familien, gå på fotballkamp eller gå til innkjøp av den siste Arsenal-trøya vert ikkje særleg vanskeleg. Eg trur Wenger ser det dei fleste ekspertar ser: at Hellas er fortapt. Det er dårleg nytt for ei rekkje europeiske bankar, som er ille ute om så skjer. Dermed har me det gåande ned nye børsfall, etc, etc. Og det er dårleg nytt for alle som er involvert i fotball. Bortsett frå slike som City-eigar Mansour bin Zayed Al Nahyan som vil forbli upåverka av det heile, og for alt eg veit synest det er flotte greier. I den settinga kjem Arsenal til å komme på feil side så det held. Eg er heller ikkje optimist, og er stygt redd dette kan være slutten på byrjinga heller enn byrjinga på slutten.
  18. Du må gjerne skryte av Vieira04's kunnskapar, men det hjelper veldig lite når du i neste augneblink føretek eit tilnærma karaktèrdrap på samme person. Om du seriøst meiner han er blant forumets spissaste albogar, er du knappast den rette til å be nokon skjerpe seg.
  19. Klassisk debatt-teknikk, dette. Snu alle argumenta opp ned, og bruk det mot vedkommande. Samme kor meiningslaust resultatet vert, er det berre å køyre på. Dette er demagogi av verste skuffe, og å diskutere med dykk må være omtrent som å diskutere med Tea-Party rørsla i USA: Sjølv dei mest lettfattelege argument trengjer ikkje gjennom, men vert i staden brukt mot ein. Og målet ser ut til å være det totale anarki. Akkurat som her på forumet. Kor lenge skal denne flokken herje med forumet, og til stadigheit påberope seg fleirtalets rett? Sjølv forsøk på demokratiske avstemningar vert underslått fordi resultatet denne gongen gjekk "feil veg". Som om det skulle være forumets problem at nokon har sove i timen. Slik ståa er, vil eg likevel appellere til dei ansvarlege om å vise litt rausheit, og å opne opp att for avstemninga. Så kan me kanskje få ein slutt på dette viss-vasset ei gong for alle.
  20. Eg trur neppe det er færre ytringar, korkje i positiv eller negativ forstand, enn kva det var før. Eg har i utgangspunktet ingen sterke meiningar i denne +/- diskusjonen, og det heile ville fungert heilt greit om ein nytta funskjonane med vit og forstand. No viste det seg ganske snart at nokon ynskte å nytte minusfunksjonen til å single ut einskildpersonar, enten p.g.a. trynefaktor eller av andre årsaker. Kampanjar av dette slaget er reine barnehagefakter, og langt under det ein forventar av voksne folk. Når minusfunksjonen forsvinn, er det med respekt å melde ganske fortènt. Nokon har på ein ganske ettertrykkeleg måte sytt for å lage ris til eigen bak.
  21. Diverre har Nicklas Bendtner brukt opp heile lageret av tyggegummi, og dermed forsvann også siste rest av realaktiva..
  22. Eller at den kan nullstillast t.d. ein gong i månaden?
  23. Om Gazidis verkeleg meiner dette, bør han finne seg noko anna å gjere. Om han eigentleg ikkje meiner det, men kun snakkar folk etter munnen for å betre sin eigen popularitet, er det omtrent like ille og han bør framleis finne seg noko anna å gjere.
  24. For det fyrste. Man. Utd fortener å være der dei er. All grunn til å gratulere, eller i det minste å vise eit minimum av sportsånd. For det andre. Eg forstår meg ikkje på denne rørande omsuta for Chelsea, og skittlukta er etter mitt syn minst like påtrengjande på Stamford Bridge som på Old Trafford. For det tredje. Me fortener ikkje å vinne noko. Ingen kan seriøst meine det etter dagens kamp.
  25. Sist gong det var krise i Arsenal var i 1995. Det nærma seg slutten av sesongen, George Graham hadde nett fått sparken, og klubben befant seg ubehageleg nær nedrykkssona. Arsenal møtte Nottingham Forest, og etter 90 neglebitande minuttar stod det 1-0 til oss. Den seinare latterleggjorte Chris Kiwomya scora målet, og redda stumpane etter ein miserabel sesong på alle måtar. Dette var ein klubb under press, men den kom ut av det, og eg kjenner enno på lettelsen. Er det berre meg, eller er det minst like mykje støy no enn det var den gongen? Om ein skal tru alt som vert skrive om Arsenal og Arsène Wenger for tida, skulle ein tru at Arsenal ligg for døden. Ein sunn, veldriiven fotballklubb med bærekraftig økonomi, årlege topplasseringar og C.L.-deltaking er eit ytterst dårleg utgangspunkt for å drive krisemaksimering. Problemet er, i alle fall delvis, at forventningane no er så store at "krisa" vert forveksla med uforløyst potensiale. Og ja, der slit me "big time". I fylgje stadig fleire i så stor grad at trenaren bør vurdere si stilling. At Wenger sit med det øverste sportslege ansvaret veit alle, men det fordeler seg også andre stader. I den forstand har Wenger min sympati. Har til dømes Fàbregas eit ansvar, og i så fall; korleis skjøttar han det? Er det bra for moralen i laget at kapteinen ynskjer seg vekk? Er det bra for moralen at han kritiserer klubben offentleg, og på toppen av det heile dolkar trenaren i ryggen? Tilsynelatande er han av den oppfatning at problema ligg hjå alle andre enn han sjølv. Situasjonen med Fàbregas er eit dilemma, fordi det vil være eit stort sportsleg tap om han forsvinn. Sjølv for halv maskin, som han har vore ei stund no, er han ein klassespelar. Etter å ha tenkt gjennom dette ei tid, er eg likevel kommen til at det er like greit at han får det som han vil i sommar. Nok er nok, og på litt lengre sikt er det nok den beste løysinga. På kort sikt vert det antakeleg enda meir trofè-tørke. Eg er litt usikker på korleis pokal-mafiaen vil takle ein slik situasjon, men eg trur heilt sikkert dei vil overleve. Krisepsykiatrien er nok vant til å handtere verre ting enn dette.
×
×
  • Create New...