Jump to content

ertesvi

Arsenal Norway
  • Posts

    445
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by ertesvi

  1. Ein manager har vel eit stort ansvar for spelarane sin indre motivasjon??? Men at spelarane må vere villige til å gå ut å vere med frå start er eg einig i. Sann som i dei to siste kampane virkar vi nesten overraska over at city og Chelsea går i strupen på oss, samtidig som vi ikkje har ein ide om kva vi skal gjere når dette skjer.....
  2. Eg har tenkt det same som Safe hands over. Dette med at Wenger er som ein far for sine spelarar, men også ein far det er om å gjere å reise frå så fort sjansen byr seg. Vi har over dei siste åra hatt ei rekkje topp topp spelarar i stallen men alle har forlatt sin "far". Er det berre grunna lønn? Eller er det andre ting også, som ein erkjennelse frå dei som er på innsida av takk for alt; men dette prosjektet har eg ikkje tru på lenger. Når dei spelarane som vert selde heile vegen vert erstatta av vesentleg svakarar spelarar,(og det er ikkje alltid dei blir erstatta same sesongen dei blir selde ein gong, Cazorla eit år etter cesc, ??? etter Song?) sit vi igjen med den svakaste troppen sidan slutten av Graham si periode...
  3. Ikkje ein gong engelske medier orkar å skrive om Arsenal rykter lenger... Dei har gitt opp å tippe, sidan dei har innsett at set ikkje blir noko uansett. Fortvilandes, men hugs på at det ikkje er så mange andre som har forsterka seg heller...
  4. Vi får tru Walcott skriv under, og ynskjer eg meg at det blir prioritert å bruke dei tilgjengelege pengane på ein kantspelar og ein sterk fysisk sentral midtbane spelar i dette vindauget. Om det i tillegg dukkar opp ein sjans for ein god venstreback og ei keeper signering til ein rimeleg pris er ikkje det dumt, men ikkje første prioritet...
  5. ertesvi

    Useriøse rykter

    Henry og Vieira var vel ok navn før dei blei kjøpt... Men enig med poenget, kvalitet framføre store navn. Det som et blitt eit problem er at dei aller fleste europeiske klubbane har eit så godt scouting system at å gjere eit varp av det wenger har gjort før er vanskeleg. Dei gode talenta er også dyre... Det er blitt eit vesentleg tøffare marked, og Wenger har truffe mindre og mindre blink...
  6. Veit ikkje årsaka. Barca er vel av dei best trente også fysisk. Tempoet er mykje høgre enn vårt både når dei har ballen, men enormt mykje betre når motstandar har ballen. Vi er mest aldri i press på ballførar da vi ikkje klarer å flytte beina fort nok...
  7. Problema er meir enn Wenger ja, MEN laget har ikkje prestert sitt potensiale ut i frå dei spelarane vi har på lenge lenge. Vi heng ikkje mrd i dagens fotball, vi er alt for dårleg trent og ser ustrukturert ut både offensivt og defensivt. Vi klarer heller ikkje å fornye stallen sjølv om vi har større økonomiske musklar enn dei vi konkurrere med om ein fjerdeplass. Wenger har vore PL sin nest beste manager utan tvil, men dessverre; han har ikkje prestert på fleire år. Wenger out!
  8. Sportsleg * mangel på press på ballførar og eit svakt kollektivt press * lite eller ingen bevegelse forann ballførar * vi truar knapt bakrom * utruleg mange enkle offensive feil i det oppbyggande spelet vårt * vi virkar sjeldan klar til kamp når fløyta går Utanfor bana * enormt mange spelarar med høge lønningar som ikkje bidreg * manglande vilje til å forsterke troppen med kvalitet * ein eigar som ikkje er offensiv og visjonær Det er sikkert mykje meir og ting kan diskuterast. Likevel; eg meiner det meste kan og bør Wenger stå til ansvar for! Så hadde det vore kjekt om ein med eit meir positivt syn kunne liste opp kvar er bra med Arsenal FC!
  9. I følgje truverdige The Sun brukte vi 1 mill pund i lønn meir enn Spurs i veka på lønn i fjor, Dvs 52 mill pund! Da kan vi på ingen måte kunne sei at det fordi vi ikkje kan konkurrere økonomisk...
  10. Eg kan forsåvidt støtte meg på wenger sin tanke om at 3.plass og CL er eit trofe. Det betyr nok også meir enn ein ligacup. Problemet for meg og mange er vel ikkje direkte knytt til mangel av trofe, men heller ei stadig svekking av kvalitet, og ei treng over mange år som tyder på at vi er ein klubb i stagnasjon på alle frontar i staden for ein klubb som er i positiv utvikling...
  11. Støttar Sir J 100% i innlegget over. Vi prøvar på noko vi ikkje har spelarar til eller noko vår manager kan, forresten er Barca sin stil mange gangar meir gjennombrotshissig en vår, vi ser meir ut som Columbia i VM (90?) med Valderrama i spissen for tidenes mest inneffektive fotball...
  12. Med dagens styre og dagens manager og dagens sompekartropp, er vi akkurat der vi kan forvente.Vi var veldig heldige at vi var innanfor topp 4 i fjor, og til sist var det griseflaks at vi tok 3. plassen, noko som i større grad skuldast at spyrs og chelski svikta. Troppen i år er kanskje meir jamn, men i kvalitet er vi svakare. Wenger er like clueless mot lag som vel å fokusere på innsats og def tryggleik, noko 5 poeng mot Stoke, sunderland, west ham og Norwich viser. Vi har etter mi meining spelt tre ok kampar i år, resten er under det eg forventar av klubben. Spørsmålet er kanskje om ikkje mine og storparten av fansen sine forventningar er alt for høge for eg kjenner at klubben no er meir i ei fase som minner meg om den siste tida til G. Graham. Dessverre kan eg ikkje ønske meg ein ny manager, for eg trur ikkje at det finst ein einaste person i Arsenal si leiing som kan finne ein kompetent mann til å vidareføre jobben Wenger har gjort, så da er vil vel best tjent med å la akt gå som før, og håpe på at klubbar som spurs, Newcastle, everton og til og med pool sviktar i år igjen. Dei tre andre topplaga ser eg alt som overlegne i forhold til oss... It is hard to be a gooner....
  13. Eg trur at vi ikkje har så mykje meir å gå på økonomisk som ein gir utrykk for, og sidan vi ikkje blei kvitt så mange forpliktelsa ala Bendtner, Squi, Park, arshavin Chamak osv så trur eg ikkje det er så mykje å gå på i forhold til å gamble på så i forhold til å kjøpe spelarar. At vi sit att med desse spelarane med desse høge lønningane er sjølvsagt Wenger sin feil, men det får bli ein annan diskusjon. Eg trur at hadde nokre av dei over blitt selde, så hadde vi hatt meir å gå. Men så lenge vi framleis betalar lønn til mange av dei og dei resterande har kontraktar som er lange er nok utgiftene våre vel høge. Vi er tross alt blandt dei klubbane i verda med høgast lønnsutgifter, eit framleis enormt lån og dårlege sponsoravtalar...
  14. Enig om det. Eit par spelarar til kunne ha vore å ønska men desverre var det ikkje innan for vår rekkevidde denne gangen heller...
  15. Er ikkje einig i Dempsey. Van der Wiel ja, men trur ikkje vi har pengar til å kjøpe ein back up for den prisen, tenk også lønn. Det er desverre der vi er. Er heller ikkje sikker på om ein spelar som van de Wiel ser det som interessant å gå til Arsenal og risikere å vere andreval... M Vila kunne vi nok fått, men det virka som om at vi har mista interessa, samt at dei fleste andre klubbane har mista den og. Det ser ut som ein vil sjå han minst eit halvår til... Står fortsatt på at dette er til G+ i karakter, ikkje supert men betre enn i fjor og at vi totalt sett har eit spennande lag som eg trur skal bite frå seg!
  16. Tja med City... Inn med Wright? Inn med Sinclair når dei hadde Johnson? Det er ulike ting som avgjer kva ein kjøper og sel. Wenger fann ikkje spelarar som han meinte kunne forsterke midtbana vår tilgjengeleg. Eg meiner det var ingen som gjekk den siste veka av markedet som kunne vore viktige for oss, evt ein Sahin, men her meiner vel dei fleste at vi strekte oss langt nok? Eg kunne og tenke meg ein spiss til, ein midtbane til og ein backup på høgreback. Vi kunne nok fått det, men det hadde nok kosta oss vel dyrt... Vi får akseptere at vi ikkje kan konkurrere med City, utd og chelsea om spelarar, så får vi sjå om vi likevel kan konkurre på bana eller om vi må fokusere å sloss med pool, scum og newcastle om ein 4 plass...
  17. Ikkje at eg er spesielt nøgd med at vi ikkje fekk inn ein ny mann på midten, men eg meiner at det ikkje var noken aktuelle toppspelarar ledig. Eg spør som eg gjorde i går, kven har skifta klubb som virkeleg kunne vere aktuelle for oss? Spelarar som går til City, Utd, Real, Barca og PSG er ikkje aktuelle for oss. Vi er ikkje i den ligaen der, enda... Vidare er vi heller ikkje der vi kan bruke X antall mill pund på ein spelar som skal vere backup. Eg ser på ingen måte at ein Dempsey skulle forsterke oss og heller ikkje at vi kunne bruke 15 mill på ein Dembele. Eg trur markedet er som det er; få klubbar med pengar, og dei fleste sparar og prøver å behalde dei spelarane dei har, eller få mest mogleg for dei. Mest skuffa over at vi ikkje har fått kvitta oss med fleire av dei med realtivt høge lønningar, og det er nok Wenger også. Eg trur difor også Wenger er meir forsiktig på markedet enn han var før. Ein gjennomsnittleg PL spelar krever 50 000 + i lønn. Om han da ikkje slår igjennom er det vanskeleg å bli kvitt dei med dagens marked. Klubbar som Juve og Milan har jo faktisk ikkje råd til å kjøpe Bendtner... Eg gir Wenger G+ eg for året sommar. Vi var tidleg ute og har satt troppen. Eg er spent på kva dei nye kan få til. Av våre reelle konkurrentar om topp 4 er det ingen som er vanvittig styrka, men Chelsea ser bedre ut enn fiaskoen sesongen i fjor. Dette blir moro, og blir det krise står vi igjen med pund på bok i januar, da kan det vere at fleire av dei europeiske klubbane er i ein situasjon der dei MÅ selge....
  18. Syns dette igjen viser enorm inkompetanse i styre og stell. Det er ingen krise i at Walcott forsvinn, sjølv syns eg ikkje han har dei ferdigheitene som skal til for å spele for Arsenal, MEN om det no skjer ein dag eller to før deadline og i det heile at spelarar som er aktuelle i ein førstelagstropp får lov tl å forlate Arsenal FC etter sesongen er starta er heilt tragisk. Dette burde vore avklara før EM, om det ikkje var mogleg så var det berre å selje... Eg er sikker på at vi kunne få mellom 15 og 20 mill i tida før/rett etter EM. Da var også ein spelar som Moses ledig på markedet til ein lågare pris, ein spelar som etter mi meining hadde tilført oss mykje meir enn Walcott. Trist å seie det men Arsenal er ikkje lenger ein fotballklubb, men reinspikka ei bedrift med eit enkelt mål. Auke verdien til aksjane til Kroenke. At Wenger i tilegg drøymer seg inn i ei verd der han trur at spelarane vel å bli i klubben fordi dei bør vere lojale til klubben/han gjere ikkje saka betre. Desverre trur eg det under dagens føresetnader ikkje er ein betre manager for Arsenal enn det vi har, om vi igjen får eigarar som ynskjer at vi skal vere ein fotballklubb der målet er å prestere best mogleg sportsleg er eg open for å bytte manager fortare enn svint!
  19. 15 mill for Song tilsvarar vel saman med 24 mill for Van Persie det vi har brukt på våre tre. Dermed er vi omtrent på staus quo stallmessig og økonomisk. Det betyr vel at dersom vi er like heldige med at dei andre laga sviktar som i fjor, så kan vi flakse oss til ein ny topp 4... For all den ein god prestasjon, men ikkje der vi håper på å vere....
  20. Ja den summen tyder på ein flaudeleg dårleg jobb av Gazidis.... Men godt det er avklara, håper erstattaren alt er på veg inn, og at vi slepp å vente til siste dag av vinduet og nye kriseløysingar...
  21. er redd RP7 har rett, men håper han tar feil...
  22. kunne vi ha høyrt dette frå Wenger? Kanskje ein grunn til at arshavin er fit og tilbake i form. nokon har faktisk satt krav....
  23. Eit spørsmål til Good old Arsenal og arshavin: " Meiner de at Wenger ikkje har noko skuld i at vi havna i den situasjonen vi gjorde i sommar og i starten av sesongen, ein situasjon som gjorde at vi sat att med eit lag som ikkje var godt nok til å konkurrere og som ikkje satte seg før vi var ute av kampen om ligagullet?
  24. Støttar meg til den siste Sir John. Pokalar i seg sjølv er ikkje noko must for meg for at Wenger skal fortsette. MEN vi bør vere i nærleiken av å nå dei klart uttalte ambisjonane om å kjempe om titlar, samt at eg ynskjer å sjå eit lag som får ut potensialet sitt og eit lag som om det ikkje lukkast ein sesong likevel ber preg av at det kan bli bedre neste år. Dei siste åra har vi vel stort sett starta kvar sesong med ei kjensle av at å klare topp 4 skal bli tøffare enn året før, og der eg berre i mine villaste fantasiar trur at me kan bli seriemeisterar...
  25. Trur Wenger etter kvar sesong har kjøpt inn ei stor bøtte til seg sjølv der det står "CL - qualified". Eg mistenker og at denne personlege trofe samlinga som mest truleg står på Wenger sitt kontor er verdas mest verdifulle da Wenger kvart år brukar overskotet frå kjøpt og selde spelarar til årets trofe... For all del, prestasjonen er stor og klarer vi det i år igjen er det særs respektfult og til å ta av seg hatten for, MEN det er lenge sidan vi har vore eit stabilt topplag som kjempar om dei ordentlege pokalen, samt at det er lenge sidan vi har hatt ei positiv utvikling spelemessig frå år til år... så for min del: Juryen er framleis ute, og vil framleis vere det sjølv med ein 3 plass i år...
×
×
  • Create New...