Jump to content

ertesvi

Arsenal Norway
  • Posts

    445
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by ertesvi

  1. Syns Wenger både har fått den risen han har fortjent denne sesongen og den rosen han har fortjent. Måten vi som kom klubb kom ut av sommaren var dårleg handtert og her må Wenger ta sin del av skylda. Ja eg er fullt klar over at det ikkje berre er å kjøpe å selje spelarar som ein sjøv vil, men det burde vere mogleg å avklare både fabregas og nasri situasjonen tidlegare, samt å få inn erstattarar før. Eg nekta å tru at det ikkje var mogleg å hente Per, Arteta, Santos, Yossi før dei siste dagane. Dette gjorde at laget brukte unødig lang tid å sette seg, samt at vi stilte med eit relativt svakt lag i fleire kampar tidleg i sesongen. Dette kan i værste fall vere avgjerande for om vi står att med ei CL plass eller ikkje. Wenger skal likevel ha skryt for måten han klarte å snu dette på! Vi kunne fort etter den starten vi fått enda opp med ein sesong som pool hadde i fjor der vi låg langt under midten til i januar. Heldigvis har vi ein stall og ein manager med vesentleg meir klasse enn dei raude i frå liverpool, noko som har vist seg viktig. Ein ting som likevel irriterer meg med Wenger og det laget vi har er kor ujamnt vi presterar både reint prestasjonsmessig, men også strukturmessig og i form av spelestil. Slik eg ser det er den siste gode tida eit steg tilbake til der vi var best før under Wenger. Vi er meir aggressive i spelestilen og sett også større fart slik at vi gien er farlege på kontringar. Tidlegare i sesongen har vi derimot vore prega av laber aggressivitet, svake i gjenvinningsfasen og totalt blotta av kontringsfotball. Er dette tilfeldig, eller er vi så sårbare at vi ikkje får dette til når vi ikkje har dagen/ motstandaren har dagen? Er det taktisk inngang til kampar og medvitne val frå Wenger si side, eller er det resultat av kva spelarar vi har tilgjengeleg til ei kvar tid? Ikkje veit eg, men eg veit i allefall at det vi har vist i det siste er den type Wengerball eg vil sjå. Måtte det berre vare!!!
  2. DB10 har eg håpa skulle vende nasa "heim" til London og jobbe under Wenger som assistent. Om han får sleppe til å delta, trur eg det hadde vore eit scoop. Faren er vel at han blir overkøyrt fullstendig... Eg skulle kanskje og ynskje at han hadde hatt nokre fleire år med trenar erfaring, men det er mykje bra å lære av Wenger også, så for min del er dette den optimale assistenten til Wenger!
  3. Eg hadde prøvd å endra noko av strukturen på midten, for den sikk sakk midtbana vi stiller med må vere ein draum å spele i mot og i mellom. Å endre på strukturen i laget få midtbana til å samle seg, og forsøke å vinne ballen samen, det er det mogleg å rette opp. Men som du nok vil poengtere så gjorde sikkert Wenger det, eller andre geniale grep. Det lykkast han ikkje med idag heller...
  4. Det kan vere håndverket til Wenger, men eg fryktar at han faktisk har blitt satt litt til side i år? Wenger veit at skal laget prestere så treng han toppspelarar og at vi ikkje har råd til å miste mange av våre beste, og Wenger har stort sett berre latt ein av våre beste gå tidlegare sesongar. I år derimot har plutselig alt gått galt. Er det Wenger som plutselig har svikta fullstendig eller får vi sjå Silent Stan sitt sanne ansikt??? Uansett, Arsenal som klubb har gitt eit tydeleg signal til resten av fotballverden om kva slags klubb vi ynskjer å vere; eg trur ikkje Wenger likar det signalet noko meir enn fansen...
  5. Alle har "vist" at vi Cesc og Nasri ville gå, alle utenom Wenger??? Det virkar heilt utrulig at ikkje klubben Arsenal har klart å takle denne sommaren bedre. Enten er Wenger på bærtur, eller så må mannen ha nokre arbeidsforhold som dei fleste trenarar i verda ikkje hadde akseptert og takka for seg... Eg er utrulig spent på kva konsekvensar dette vil få for Arsenal som klubb. Vi har kvitta oss med 3 av våre beste spelarar som var bankers i første 11aren!Av klubbane på øvre halvdel har United, Chelsea, City, Pool, Fulham og Sunderland styrka laget sitt? Spurs og Everton er uforandra medan Villa er vel saman med oss dei einaste som er svekka sin førsteellevar? Kvar er ambisjonane? Kva er målet? KVEN er ansvarlege fro ambisjonane og måla til klubben???
  6. Mata er god nok for oss, men om valget står mellom Arsenal, Chelsea og Valancia så kom vi ut på sisteplass?
  7. Det har nok med at Chelsea pr dags dato * kan etale høgare overgangssum og høgare lønn * er meir attraktive å spele for * kan garantere CL i år
  8. Trur ikkje denne er basert på noko bedre synsing enn noko anna, MEN eg trur klart at det er noko meir som skurrar i leiinga vår enn Wenger. Eg trur nok at Wenger har store ambisjonar for Arsenal og at han faktisk leitar etter "super quality" players. Eg meiner også at av dei spelarane som har blitt seldt av dette kalibere så har det ikkje vore nokon som har vore aktuelle/ vi har klart å konkurrere om. (Føler kanskje at vi kunne ha vore meir bestemte på Mata når vi viste Fabregas gjekk, men det kan godt vere at med ein gang Chelsea/City/united/barca/real er på bana så blir vi for små?) Eg har sjølv meint at spelarar som Cahill, Baines, Jagielka, Parker, som bør vere tilgjengelege og spelarar som Young og Dowining som gjekk dyrt ikkje har kvaliteten vi treng. Desverre byrjar stallen nå å bli så tynn, skadeutsett og med så lite rutine at eg føler at spelarar frå hylle 2 og 3 vil vere gode forsterkningar og også naudsynte forsterkningar for å klare årets mål som bør vere topp 4, vidare frå gruppesepel i CL og ei cupfinale heime på øya...
  9. Wenger sin filosofi er at vår possession skal få motstandaren til å innrømme at vi er best og dermed la oss spasere til sjansar og scoringar. Heilt i tråd med fransk tradisjon; er ein best så får ein fordelar, og der underkastelse til eliten er vanlig... Derimot funkar det relativt dårleg da våre motstandarar av ein eller annan grunn har bestemt seg for å ta opp kampen og forsvare seg så godt ein kan, og i det siste faktisk har blitt så frekke at dei vågar å gå til motangrep for å prøve å slå oss!
  10. Er mykje enig med deg Sir, men det er ikkje noko mål å få inn ein betre spelarar enn Squillaci. Han vil bli eit 4 om ikkje 5 val. Vi må ha inn ein betre spelarar enn enten Vermalen eller Kos. Dei tre du nevner er kanskje det alle sammen, men er dei verdt 15 mill +??? Skal vi betale det for å løfte steminga hos fansen? Ja der er behov, men eg er usikker på alternativa innanfor dei rammane vi har. Det er grunnen til at det tar tid....
  11. Eg er like fortvila over Wenger grunna mangel av kjøp som alle andre, MEN sjå på dei overgangane som er gjort til no i år. Er det mange spelarar som har gått som vi kan sjå for oss hadde passa i Arsenal? Sjå vekk i frå dei dyraste overgangane på 25-30 mill pluss. Der er vi ikkje, og det er usikkert på om vi kjem dit heller, skal vi klare å halde oss innanfor UEFA Finacial Fair Play. Phil Jones hadde kanskje vore ei forsterkning, MEN vi etterlyse alle rutine og da er vel ikkje 18 mill for ein ung forsvarsspelar det rette? Av united sine andre kjøp så veit ikkje eg. Ashley Young var rådyr og eg syns Gervinhio virkar betre for nesten halve prisen. Av Pool sine kjøp er det ingen eg ser for meg hadde forsterka oss? Det ser ut til at sjølv om punda flyg at det er vanskeleg å få gjennomført overgangar. Det er svært få klubbar som vil selge, og sjølv om økonomien skulle tilsei det, så virkar det som om det er svært få klubbar som må selge. Heile markedet er liksom litt på vent. Eg er einig i at vi helst burde hatt inn spelarar tidleg som kunne gått inn i gruppa og for min del meiner eg vi treng både ein ny stoppar, ein defansiv anlagt midtbanespelarar, ein midtspiss og ein venstreback, i den prioriterte rekkjefølga. Når det er sagt, å finne spelarar som er gode nok og som ligg innanfor budsjettet.... Eg er glad det ikkje er min jobb
  12. Spelestil er vel eit nøkkelord. Vi ser ut som dei værste Colombia årgangane frå 90 tallet, og der Fabregas ser ut som valerrama etter han var passert 35.... Det er tilnærma null bevegelse uten ball, og definitivt null bevegelse uten ball i bakrom. Kvar mann skal minst ha 4-5 touch på ballen. Om vi en eller annan gong forsøker på meir direkte spel går dette i 99% av tilfella på første bevegelsen som motstander følgjer og har kontroll på. Vi har tre front spelarar som aldri kombinerar med kvarandre da det ser ut som at dei har som mål og ligge minst 40 meter frå kvarandre. Vi har i Walcott/Nasri kanskje PL svakasta kantspel. Vi kjem vel ikkje rundt 1 gang når vi er 1:1 med ball, med den farta burde det vel vere mulig å komme seg forbi sin oppassar ein gang i løpet av kampen? Spesielt når motstandaren er debutant på dette nivået? Til Theo/Samir sitt forsvar har vi 0 overlappar i løpet av kampen eller andre gode forsøk på å skape 2:1 på kant.Når det er sagt burde våre vingar sjølv skape dei situasjonane når andre er ballførar... Vi har ingen sentrale midtbanespelarar som prøve å skape eit gjennombrot med å bevege seg i bakrom, verken sentralt eller breidt. Dette laget spelar for tida og har spelt i store delar av denne sesongen særs dårleg fotball. Vi driv ein mislykka halde ballen i laget stil som gjere at vi mest ikkje skaper målsjansar (pool hadde nesten like mange sjansar som oss og nesten like store...) samtidig som om at vi gjennom å gjere særs mange enkle pasningsfeil gir våre motstandarar gode overgangar som skaper vanskelege situasjonar i mot.... Dette laget er desverre nett no, ganske nærme noko stort, da det innhelde ein samling svært gode individuelle fotballspalara, men likelve særs langt i frå å lykkast da det kanskje er eit av dei dårligaste fungerande kollektiva i PL...
  13. Ved å sitere Myles igjen blir eg vel oppfatta som en fan... det er eg ikkje, men les ein del av det han skriv. I hans siste er det nokre setningar som eg syns er verdt å ta med da dei kunne ha vore mine med litt andre ord. "United have spark, penetration, spirit, character, leadership. Most crucially, United actually have the mental strength that Wenger's been yammering on about for seven years. Arsenal are often slick and pretty but rarely exciting. Their style of play is one-dimensional and, to me, quite boring to watch" Det siste er mi utheving da dette summerer opp det eg meiner har skjedd med Arsenal sin spelstil dei siste åra, og meir og meir denne sesongen. Dette er også kanskje den viktigaste årsaka til at eg byrjar bli usikker på om Wenger er rett mann til å ta dette laget vidare...
  14. Heilt klart ein medviten strategi frå Wenger, og som eg har påpeikt tidlegare heilt sikkert ein årsak til at vi har henta såpass mange unge talent. Vi betalar dei godt. Spørsmålet er da om det er ein riktig strategi. Lønnskilnadane i forhold til ein klubb som presterer nesten like godt som oss dei to siste åra er £44 millionar pr.år.... Eg seier på ingen måte at eg hadde bytta strategi, men med desse summane må ein også stille spørsmålsteikn rundt dette med at vi er ein klubb som brukar vesentleg mindre ressursar enn våre konkurrentar?
  15. Er ingen stor fan av Myles men det er interessant lesing av og til... Her er ein som har stilt eit spørsmål som eg har stilt meg ein del i det siste: Lønningar i Arsenal kontra manglande transfer aktivtet. Ser vi på våre lønningar er det kanskje ikkje så rart at Wenger ikkje kjøper fleire spelarar, for det er vel ein fare for at vi har gått frå å vere ein klubb som har hatt lave lønningar til ein virkeleg big spender?
  16. ååå satt akkurat å tenkte at eg trengte eit arshavin innlegg å irritere meg over + håpe at hans optimisme smitta over til meg! Nå irriterte eg meg lite idag, men litt optimisme fekk eg tilbake Takk!
  17. Keepersituasjonen er som den har vore dei siste åra. Almunia har hatt ein ok sesongstart han, men han er ingen toppkeeper. Har vel ei klar tabbe på mål nr 2, ellers kan ein ikkje forvente meir. Eg er noko meir bekymra for Wenger si evne til å få gutta klar til kamp. Eg syns det er ein svært skummelt tendens dei siste åra til at vi undervurderer motstandarane/over vurderer oss sjølve. Alt for ofte har vi eit lag som "dassar" rundt på bana og trur at sidan vi er Arsenal så vil vi vinne uansett. Kampen igår var eit tydeleg eksempel. Det ser ut som på spelarane at WBA nesten ikkje er verdige til å få spele på emirates og at våre menn forventar at WBA skal snu ræva til å gje oss sigeren... Eg sit å håper kvar gang etter slike kampar at no, no skal Wenger og spelarane lære, desverre er eg redd at dette ikkje kjem til skje....
  18. Eg blir litt betenkt av følgande: Om wenger alltid har rett og alltid har gjort det beste som er mogleg for Arsenal og at han er bedre enn alle andre trenara i verda, kvifor er vi da ikkje betre enn nummer 3-4 i england og 6-10 i Europa. Det er klart at det er særs gode prestasjonar det, men med ein slik mann som sjef, så burde vi vel ha vore enda eit hakk høgre? Eller???
  19. Applaus magnus.... BRAVO. Godt skrive og enig.. Og så vil eg legge til ein ting til. Det må alltid vere lov for ein supporter å syte å klage over spelarar på eige lag! Dette er ein viktig del av det å vere supporter! Eg støttar arsenal og spelarar i alt, men klart det har vore spelarar opp igjennom ein er glad har bytta klubb, lagt opp osv? Alt er ikkje rosenraudt i arsenal FC, det er ikkje alle spelarane som viser det vi ønsker å da har vi rett til å syte å klage. Nå er det heldigvis sjeldan at slik klaging kjem til spelarane, (unntaket er den flaue Eboue episoden). La oss fortsette å syte å klage å juble og berømme det er viktig for oss som supportarar, å så bør vi vel av og til tenke oss to gangar om når ein trykke på "add replay".. Burde eg gjere det no? shit au eg sender, har dårleg tid
  20. ertesvi

    Aaron Ramsey

    Syns det er merkeleg å gje Ramsey ny kontrakt no. Om eg ikkje hugsar feil fekk han ny og forbetra langtidskontrakt i fjor sommar? Klart han har teke steg i år, men han har også ein skade som er blitt karakterisert som karrieretruande. Merkeleg å da gje ei ny og mest truleg forbetra kontrakt igjen no? Ein kunne vel venta eit år eller so og så eventuelt belønna Ramsey med ei ny kontrakt???? Må seie eg ikkje heilt forstår denne måten å stadig fornye og forbetre unge spelarar sine kontraker på, men så er det mykje eg ikkje forstår når det gjeld å drive ein fotballklubb....
  21. Denne her er vel også viktig i forhold til framtide investeringar, og i forhold til å vurdere om Wenger er vår mann eller ikkje???
  22. sjølv med dei tala prestere vi knappast bedre enn spurs.... eg er fotballsupporter å ikkje akskjespekulant, så tabellen er meir interessant enn økonomi oversikt. På den andre sida om vi no klarer å utnytte sportsleg at vi kan konkurrere med dei beste også på økonomi kan dette bli spennade. Use the cash wenger and use it wise:)
  23. når det gjeld lønn finn eg ikkje dei siste tala. Dei eg har er frå 07/08, men Arsenal har tatt etter det eg meinar tatt noko innpå Chelsea, medan avstanden til United er nokså lik. Med tanke på at vi da har rykte for oss å ikkje betale dei beste topplønningar, må vel lønna gå til dei mange talenta??? Eller er det Wenger sjølv som stikk av med kaka??? Når det gjeld relativt dyre unge relativt uprøvde spelarr på toppnivå spelarkjøp, sleng på Wright (keep), Upson, Pennant, Boa morte, , ljungberg, diawara, senderos, van persie, diaby, denilson, adebayor.... Mange suksessar for all del, men også ein del som ikkje var like store suksessar. Mange har han henta beskjedent ja, som fabregas, anelka, flamini men dette er spelarar som wenger har "snappa" utanom kontrakta, med mellom anna å tilby relativt gode lønningar.... Men no vart eg plutselig ein Wenger hatar, noko som ikkje er meininga. Eg meiner Wenger er vår beste manager gjennom tidene, og har enorm respekt, ingenting vil glede meg meir enn at Wenger lykkast med sitt prosjekt og blir i Arsenal i ti år til... Eg prøver berre å påpeika at mange virkar utrulig naive på at Wenger er gud og det er berre en mann i verda som kan klare å vere manger i Arsenal FC
  24. om wenger utvikla Fabregas kan ein til dels vere einig i, men han var alt toppscorar i U16 vm (?) da han kom, så talentet var vel opplagt for alle før han kom under Wenger sine venger.... At Wenger har foredla han særs tilfredstillande kan alle vere einigi i... Når det gjeld Vieira var han eit stortalent lenge før Wenger kom på bana. Det var ikkje utan grunn at Milan punga ut mykje cash for han. At han ikkje fekk det til i italia kan vi vere glade for og ekstra glade for at wenger tok sjansen på han. Igjen, wenger er flink til å gje unge spelarar sjansen, han kjøper ungt, med noko større risiko (legg meir pengar i overgangar på unge og ikkje minst meir pengar på lønningar enn adnre) enn mange andre vil ta. Han har lykkast i stor grad, men har også særs mange unge kjøp som har mislykkast. Wenger har vore unik, er unik, men han er ikkje Gud eller noko anna forhøya vesen som er uerstatteleg...
×
×
  • Create New...