Jump to content

ertesvi

Arsenal Norway
  • Posts

    445
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by ertesvi

  1. Da er vel svaret her Mr. Wenger. Vi blei ikkje sterkare neste nesong. Desverre vart våre motstandare det... Heldigvis i fotbal får både vi og du Wenger nye sjansar...
  2. Ja og vi har hatt Bentley, Sidwell, Muamba og andre tidlegare. Eg er einig i at mange av dei vi har framleis kan bli gode, MEN eg meiner at det er stykke frå å vere gode til å bli ein spelar som dei vi har mista. Skal Arsenal bli den toppklubben som Wenger fortsatt meiner vi skal bli, er eg svært usikker på kor mange av dagens unge som tek steget opp til den verkelege toppen. Eg fryktar det blir få, men håpar eg tek feil. Eg meiner desverre årets sesong gir minst odds for at eg tek rett....
  3. Wenger har beskytta seg bak si ungdomsstatsing i mange år no. Kven er det av Wenger sine ungdommar som verkeleg har slått til? Dagens tropp: Ingen keeper. Clichy kan vel seiast å vere eit produkt av Wenger si satsing. God på sitt beste, men etter mi meining alt for ustabil, og beklagelegvis svakare enn Cole som vi mista. Senderos tok aldri steget, Djourou kan framleis klare det. Eldstebror Hoyte er ute, yngste mann har ikkje overbevist men kan sjølvsagt klare det. På midten er Fabregas unik og var eit kupp. Elles har vi spelarar som Denilson, Song og Diaby (dette er alle spelarar som kosta rimeleg mange mill...) Desse spelar mykje fotball no, utan at nokon ser ut til å ta steget til å bli gode nok til å vere fast på eit topplag i Europa. Av juniorane er det berre unge Jack som etter mi meining ser ut til å ha noko ekstraordinært. Desse skal likevel få tid til å utvikle seg, men her snakkar vi 2-4 år fram i tid...Theo kan nevnast men vi snakkar da om ein spelar i nesten 100 mill klassa... På topp har vi Bendtner og Vela. Talentfulle ja vel, men framleis er ingen av dei blitt topp premier league spelarar. Så kvar kjære Wenger? Kvar er den lovande blomstrande unge gruppa spelara som skal ta PL og CL med storm?
  4. Wenger ser sliten ut. Han er i villrede, og eg trur ærleg talt at han ikkje ana kva han skal gjere om dagen for å få Arsenal ut av problema. Vi treng frisk blod, å sparke Wenger er uaktuelt med hans historie, men nokon må gje den mannen ei handsrekning og friskt mot, eller så blir det intertoto spel i sommar....
  5. Wenger står for prosjektet sitt, og så lenge det ikkje er nokon i klubben som tør eller kan stå opp mot han så blir det som det blir. Ein ting er sikkert. Arsenal som lag er vesentleg svekka frå i fjor. Av vårt unge lovande lag frå i fjor er det vel ingen av dei som spelte i fjor som har teke positive steg. Denilson har fått speletid og har gjort nokre gode kampar, men det er vel alt? Eg fryktar at vi ikkje vil vere ein ligautfordrar på fleire år, vi har desverre ikkje eit godt nok lag. Ansvaret for dette sit Wenger med. Så får vi nå gje Wenger ein sjanse eller to til for å snu dette for er det noko som er sikkert er det at Wenger fortjener nokre sjansar etter det han har gjort for oss tidlegare....
  6. Det heile handlar vel meir og meir om ein ynskjer å vere med på Wenger sitt prosjekt eller ikkje. Wenger ser at å konkurrere med United, Chelsea, Pool, og no også City på deira eigne premissar ikkje er mogleg for Arsenal pr.dags dato. Vi har rett og slett ikkje økonomi til dette. Vi har ein ny stadion, som skaffar oss meir cash, men som i tillegg kostar oss mykje i mange år framover. Når Wenger da veit som bør vere klart for alle, at det å bruke masse pengar på dyre spelarar heller ikkje er nokon garanti for å vinne titlar, vel Wenger å prøve nå toppen på ein annan måte. For to år sidan var vi langt i frå, og forventningane før fjorårssesongen var lave. I fjor overraska vi derimot stort, og konkurrerte om gull lenge, før vi rakna noko på slutten. I år derimot ser det tyngre ut, og eg er einige i at det ser ut som vi er blitt vesentleg svakare enn i fjor. Det ser også ut som at Wenger er meir rådvill no enn tidlegare. Wenger vil nok stå på prosjektet sitt til han forlet oss (om han nokon gang forlet oss...) Arsenal kjem ikkje til å kjøpe stort under Wenger, Wenger kjem til å selge dei beste spelarane dersom desse ikkje vil vere med på Wenger sitt prosjekt. Wenger har stor tru på at han med å satse godt og ungt skal kunne få eit lag som kan kjempe i toppen og som minst skal vere topp 4. Dette er Wenger sitt mål og sin draum, Wenger vil nok vinne meir enn nokon av oss Så er det opp til alle andre i klubben, styre/leiing, spelarar, støtteapparat, fans og andre om vi vil vere med på prosjektet. Hleb hadde ikkje trua, David Dein mista den, og delar av fansen er i ferd med å miste den. Wenger tåler ikkje at mange mister trua, det Wenger og Arsenal trenger er at vi har trua på prosjeket, for ein ting skal vere sikkert: Lykkast det kjem det til å vere Wenger sin og kanskje Arsenal sin største suksess nokon sinne....
  7. ertesvi

    Jose Antonio Reyes

    Når det prisen arsenal får på sine spelarar, er eg enig i at dei har vore lave. Eit moment i denne saken er at Arsenal i hovudsak sel utanlands og at desse klubbane faktisk har mindre pengar enn engelske klubbar. Klubbar i england er i ferd med å få ein unik posisjon når det gjeld økonomi, og kan no konkurerre ut klubbar som milan, real og barca, noko som var utenkeleg for nokre år sidan. Hadde vi kunne selt henry til for eksempel ein stor engels klubb, kan eg garantere at prisen hadde vore mest det dobbelte, det samme hadde vi nok fått for Reyes. Det er engelske klubbar som betalar dei store summane for tida, og ein arsenal spelar går IKKJE til ein annan topp klubb i england. Heldigvis Unntaket i år er svensken, som eg trur Wenger rett og slett lot gå litt billig grunna at han var arsenal sin best betalte reserve!
  8. ertesvi

    Thierry Henry

    Viss det her skjer er det ikkje krise, prisen er lav det er det einaste. Forstår godt om Henry vil gå. Han har opplevd det meste med oss og det kan vere siste sjansen til å prøve noko nytt. Arsenal vil bestå og nye stjerner vil komme. Om to år vil vi kanskje hugse Henry som ein god spelar vi som spelte for oss, eller vi vil kanskje framleis gremme oss over hans manglande engasjement som klubbens kaptein
×
×
  • Create New...