Jump to content

ertesvi

Arsenal Norway
  • Posts

    445
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by ertesvi

  1. ... og ein må også vere klar over at ein av grunnane til at Wenger har fått tak i dei unge talenta er at han har betalt spelarane godt, og også i mange tilfeller klubbane godt. Vi må ikkje vere så naive å tru at Wenger til dømes "oppdaga" Fabregas, Anelka, Walcott, Ramsey, Diaby eller så veldig mange av dei andre. Dette var "etablerte" talent som dei fleste andre klubbane viste om. Forskjellen slik eg ser det, har vore at Arsene tok sjansen på dei, gav dei ei god seniorkontrakt med lønn langt over det andre klubbar var villige til. Dette har han både lykkast å mislykkast med. Dette gjere også at vi nesten er på lønnstoppen i totalutgifter, medan vi ikkje har råd til å betale dei beste det dei kreve...
  2. Min pessimise er bygga på mykje meir enn nokre kampar på slutten. Den er bygga på dei siste års utvikling, som i beste fall er stagnasjon som lag, ei noko positiv utvikling til nokre av våre talent (diaby, song, bendtner,) og total stagnasjon på andre talent, Walcott, denilson, fabianski, vela, (nasri). Ja vi har hatt nokon skada, men det ser ut til å vere regelen, og det blir heilt urealistisk å tru at vi ikkje skal ha skadar neste år. Kanskje noko mindre, men vi vil ha skadar. Å seie at vi er på høgde med Chelsea og United blir merkeleg. Vi endar laaangt bak poengmessig, men det er vist plutselig urelevant, medan det tidlegare var veldig relevant at vi var nærme. Vi er totalt ydmjuka i alle kampar mot dei, kanskje med unntak av på old trafford der vi på høgde men skaut oss sjølve i foten... United og chelsea har hatt svært mykje skadar i år dei også, det er ingen grunn til å tru at dei skal få ein værre situasjon neste år. Heldigvis, vi er ein stor klubb vi har ein dyktig manager så vi vil nok reise oss. MEN det er veldig naivt å tru at meir av det samme som Wenger har gjort dei siste 3-4 åra er medisinen....
  3. For det er vel også 3. eller 4. som har vore Arsene sine målsettingar i år og dei siste åra? No blir vi mest truleg nr 3, men avstanden til toppen er like lang som før, og det byrjar å bli skummelt nærme til ein 6.plass... Så igjen om ikkje Wenger styrkar og endrar noko fokus er eg veldig redd for at vi tek ein pool neste sesong. Heldigvis snur det fort i fotball og ei oppvisning mot Fulham kan gje oss noko meir optimisme før neste sesong...
  4. Eg har tidlegare gitt utrykk for at ein må byrje å vurdere Wenger si framtid etter kontrakta hans går ut neste år. Årsakene til dette er noko manglande resultat, og at eg meiner ikkje Wenger har klart å fonyet laget godt nok etter at vi flytta til Emirates. Når det skal seiast er det klart at ein som Arsenal fan har verdast største respekt for Wenger, og at ingenting hadde gleda meg meir enn at Wenger lykkast med Arsenal og klarer å eteblere eit lag som vil vere dominerande i England og Europa slik som Wenger sjølv har sagt er målet... For at det skal skje meiner eg at Wenger må ta følgjande grep i sommar og i neste sesong. 1. Eg klarer ikkje å sjå at vi skal ta eit steg som topplag utan ein ny keeper. Almunia er på sitt beste bra, på sitt jamne middels og på sitt svakaste vel... tragisk. Vår polske venn har ikkje lykkast, men ein kan sjå eit potensiale. 2. Wenger styrke forsvaret og han må få hjelp i forhold til korleis Arsenal skal opptre som eit lag på defansiven. Vi er svake i press fasen, vi er svake i å vinne ball høgt i bana, vi er svake etter at vi har mista ball og vi ser svakt organsiert over heile fjøla. Vi slepp inn ein del mål men vi bergar oss alt for mykje på gode individuelle ferdigheiter og relativt høg fart på dei i den bakre firaren. 3. Vi treng ein midtbane spelarar som er meir "box to box" og som i større grad kan rive opp motstandarane sitt spel. 4. Vi treng minst ein spiss. 5. Vi må klare å sette formasjonen vår betre offansivt. Eg meiner vi lykkast lite i 4-3-3, vi har vel egentlig spelt 4-5-1 sidan nyttår? Vi har iallefall etter mi meinig alt for store avstandar mellom dei tre på topp, eller aleinespissen og midtbana. Så om du les dette Arsene skal du sjå at alt går bra, og at du får leve lenge som sjef for verdas beste fotballklubb
  5. men gi meg gode døme på lag som vinn noko berre med eit utelukkande offensivt fokus??? Fotball er handlar om å hindre mål og score mål. Vi er blandt dei beste på å score mål, (tredje best i England med relativt langt bak Chelsea som er best), vi er derimot ikkje på CL plass i å hindre mål... (Vi er vel 6 best i england, med 39 baklengs) Barca er vel rekna som det beste offensive laget i verda står med 20 baklengs på 34 kampar, så det er ingen argument at det eine må gå på bekostning av det andre....
  6. men det er også veldig naivt å tru at det berre er ein mann i verda som kan klare den jobben det er å vere manager i Arsenal??? Det finst tusenvis av fotballtrenarar der ute, og MANGE som vil klare å gjere jobben som manger i Arsenal. Å finne ein like god match som ARSENE OG ARSENAL har vore kan bli tøft, spesielt dersom Wenger må gå mot sin vilje....
  7. Ikkje at dette har noko med Wenger diskusjonen å gjere, men meine de seriøst at Inter burdre reise til Barca med 3-1 for å angripe? Og at dei burde satse på offensiv fotball med 10 mann!!! Da er det mange som må våkne opp frå den hypnosen dei er i om kva fotball handlar om, som er hindre mål og score mål. Eg må berre sei at eg lot meg virkeleg imponere av Inter i går. Det dei gjorde i går var ein kjempeprestasjon, og eit forsvarspel som er det er mange år sidan vi har sett maken til! Når det kjem til forsvarsspel, Mourinho knows Når det gjeld Wenger diskusjonen er eg overraska over kor hårsåre "Wenger klanen" er. Eg er heilt einig i at Wenger ikkje skal sparkast frå klubben, det fortjener han ikkje og er langt under Arsenal sin verdighet, men det må vere lov å diskutere om Wenger klarer å fornyet laget enda ein gang. Det har ikkje gått slik som Wenger sjølv har lova, og på ingen måte slik fansen har håpa og trudd dei siste 3-5 åra. Det er likevel enkelte moment som peikar på framgang og at Wenger får dette til, så er det andre moment som tyder på at mannen har gått seg fast i sitt eget ego, og at han sjølv har lukka seg inn i ei "Wenger knows" boble...
  8. I Graham tida fekk vi mykje skryt for talentarbeid ja, før Graham var eg ikkje mykje Arsenal fan, og lite fotballfan generelt med fødselsår i 78 MEN klart Wenger har som eg har skrive teke dette til eit heilt anna nivå, og det kan godt vere at det under Graham var mest eit blaff. Mitt viktigaste poeng er at vi ikkje må la oss blende totalt av det Wenger har gjort på talentsida, da det ikkje har gitt oss meir resultat enn eit lag som prestere jamnt topp 4. Utan tvil ein god prestasjon med eit godt og ungt lag, men også under både Wenger og fansen sine ambisjonar. Eg personleg er ikkje nøgd med utviklinga til Arsenal sine talent dei siste to åra, eg trur heller ikkje Wenger er heilt nøgd. Eg håper difor Wenger er vis nok og endrar kursen sin ein liten tanke mot litt meir rutinert kvalitet blanda med unge talent. Når det gjeld Wenger er det vel ikkje mangel på kunnskap som avgjer om han endrar kurs eller ikkje, det har nok meir om kor sta han er
  9. Sir John har et eit viktig poeng. Det burder vere mogleg for Wenger å ha styrka laget utan å sette klubben i økonomisk uføre nok til at vi kunne vore ligameisterar i år. Spelarar som Given, Barry, Defoe, Bellamy, Tevez, Torres for å nevne nokon har skifta klubb for summar eg trur vi kunne ha klart å betale ut. Argumentet til Wenger har vore at våre unge er gode nok. Etter 5 år viser det seg at dei unge har blitt betre, men framleis ikkje er gode nok???
  10. Song hadde vel ikkje spelt fast om pool hadde vore skadefri? Danka ut masch? Vel vel kanskje. Walcott hadde kanskje spelt i pool, men betre enn cole, anelka, kalou i chelsea, betre enn valencia, nani i united? Bendtner foran Berbatov? Men betre enn Ngog det kan vi vere einige i No er det vel ikkje rettferdig å måle våre unge opp mot ein spelar som masch eller berbatov som kostar XX antall millionar av pund, men Wenger er avhengig av at hans unge byrjar å levere, og dei må byrje å levere i "nuet" for han kan ikkje selje fansen framtida i så mange fleire sesongar
  11. Gibbs blir 21 i år, Song blir 23 i år, Vela og Walcott er 21, Bendtner er 22, altså er ingen 19-20 lenger. Hadde nokon av desse spelt seg inn på eit topp 6 lag i england utan om Arsenal?
  12. Eg syns mange heng seg veldig opp i at Wenger har utvikla så veldig mange talent. Eg vil ikkje starte ei heksejakt på Wenger, det vert feil, men eg meiner ein må sjå noko meir kritisk på Wenger sitt arbeid. Kven er desse talenta som Arsenal/wenger har utvikla så storlegen?Er ikkje mange av desse dei spelarane me er minst nøgde med i dagens stall??? I dagens stall er vel følgjande spelarar som ein kan seie Wenger har vore med å utvikla og som pr. dags dato burde byrje å levere: Djourou, Clichy, gibbs, Traoure, Diaby, Fabregas, Denilson, Song, Vela, Walcott, Bendtner. Eg er einig i at dette er ei imponerande rekkje fotballspelarar, men det er ikkje mange av desse som har utmerka seg som topp topp spelarar dei siste åra. Arsenal var vel kjent som ein talentfabrikk også før Wenger kom, sjølv om Wenger har heva kvaliteten på dette arbeidet mange lysår. Har vi latt oss blende litt av Wenger si satsing og sine fagre ord om unge talent?
  13. Ein ting må vere sikkert. Wenger må aldri få sparken i Arsenal. Wenger har gjort alt for mykje for vår klubb til at det skal skje. Da tar eg heller 10 nye trofelause år, med Wenger i sjefsstolen. MEN eg meiner at det for første gang bør diskuterast både blant fansen og blandt dei som styrer og steller i klubben om Wenger skal få tilbod om ny kontrakt. Ikkje nødvendigivs fordi Wenger har gjort ein veldig svak jobb i Arsenal dei siste åra, vi har prestert brukbart på lave budsjett, samt at vi har utvikla ei ung gruppe gode PL spelarar. Mange vil seie at vi har vore nærmare i år enn i fjor, at vi har vore ekstra plaga med skadar, neste år vil spelarane bli eldre og betre osv, Wenger vil forsterke stallen. Eg håper de har rett, og eg håper at Wenger neste år kan heve seg sjølv og Arsenal opp til det nivået klubben har potensiale til å klare. Dersom dette deriomot ikkje skjer. Dersom vi også neste år er tydeleg svakare enn dei beste, dersom vi framleis sviktar i alle kampar som betyr noko, at Wenger framleis ikkje finn spelarar som er gode nok, om spelarar som diaby, denilson, walcott, bendtner, clichy, song for å nevne nokon framleis er like ustabile og vi framleis skyldar på skadar, håper eg at nokon i Arsenal har "ballar" nok til å takke Wenger for ein fantastisk jobb, tilby han plass i styret og finn ein ny manager. Til sist; eg trur Wenger er unik, og at ingen andre hadde kunne gjort den jobben han har gjort. MEN eg trur også det mange (ja eg meinar mange!) andre ute i fotballverden som kan gjere ein god jobb i Arsenal. Det treng ikkje ein gong vere ein merittert toppmanager. Hugs kor "ukjent" Wenger var når vi henta han. Problemet er vel heller å finne ein som er ein så "perfect match" som Arsene og Arsenal faktisk har vore, er og kanskje eller kanskje eller kanskje ikkje framleis bør vere...
  14. Det er ikkje å vere supporter å syns at alt er bra uansett.... Og eg formulerer meg litt feil. Eg vil alltid støtte Arsenal uansett, og Wenger er etter mi meining den beste manageren vi har hatt, men for min del har eg mista trua på det Wenger gjer. Eg vil støtte Arsenal og Wenger i alle kampar framover og om styret i Arsenal vel å gi Wenger ny 10 års kontrakt så vil eg likevel støtte dei 100%, men eg trur at eit vegskilje må til, om ikkje Wenger sjølv klarer å endre kursen neste år...
  15. Beklager Wenger, men du har brukt opp di støtte frå meg. Du fortjene ikkje sparken så eg skal nok halde ut ein sesong til med dette her, men etter neste sesong håper eg at vi har ein manager som Arsenal fortjene. Wenger har bygd oss opp til ein storklubb, men han er jaggu meg godt på veg til å bryte oss ned til der vi var på slutten av Graham tida også.....
  16. Dette er mitt inntrykk også, og da syns eg det er eit val mellom pest eller kolera. Det virka for meg som om at Kroenke må ta opp eit lån for å kunne kjøpe Arsenal. Dette kan gjerast gjennom United og Pool metoden ved å overføre lånet på klubben, noko som vil vere katastrofalt, eller Kroenke må ta lånet sjølv. Uansett er nok målet at Arsenal FC skal vere ei investering som gir KROENKE pengar i kassa på sikt? Altså etter mitt sin ikkje akkurat ein ideel eigar? Motsett har vi russaren, som vil inn å leike FM med juksepengar. På langt nær nokon drømmesituasjon, men kanskje ikkje så alvorleg for klubben si drift, da han mest truleg vil pumpe pengar inn i klubben. Men kva om han går lei, med store utgifter eller lån? Kva hadde skjedd i Chelsea med 3 milliardar i lån om Abra hadde gått lei og selt alt med tap? ALtså russar: RISKY BUSINESS Situasjonen i dag er jo også noko uklar, og dette kan eg for lite om. Tek dagens eigarar ut noko økonomisk utbytte ut frå Arsenal FC, eller er det å eige aksjar i Arsenal berre stas og ei god investering der verdiane stig på sikt? Nokon som kan fylle ut den?
  17. Kroenke er vel ein mann som jobbar for å tjene pengar av sport. Det vil vel bety at han ynskjer at Arsenal FC skal gå med pluss kvart år og at han kan ta ut utbytte av overskotet???
  18. Holde oss til Wenger i denne tråden da vel? Wenger feila igjen i går. Laguttaket svikta og spesielt å starte med Walcott mot ein spelar som desverre har utvikla seg til kanskje verdens beste venstreback er katastrofalt. Så lenge vi spelte med Walcott var vi nesten ein spelar i undertal. Ein kan seie kva ein vil om at Wenger har brukt Eboue som kant tidlegare men i ein bortekamp mot Chelsea er det lov å tenke noko meir musklar og tryggleik bakover... Elles er Wenger sin posisjon svært knytt opp til kva klubben Arsenal ynskje. Wenger driv spelarutvikling på svært høgt nivå. Dette betyr at han som det er nevnt, kjøpe ungt og billig for å utvikle til toppspelarar. Dette er Wenger unik på, og kanskje best i verda??? Har Arsenal som klubb råd til å miste denne kompetansen? Desverre er Wenger ingen lagbyggar eller taktikar. Wenger endrar ikkje måte å spele på eller tek ut lag i forhold til komplementære ferdigheiter. Wenger sitt motto er at ein spelar sin ferdigheiter er det som tel, og står beintøft på at så lenge vi har det laget der kvar enkelt spelar har dei beste ferdigheitene så vil vi vinne. For å illusterer dette: Wenger summerer kvar enkelt spelar sine ferdigheiter og får ein svært høg sum. MEN han utnyttar svært dårleg det potensialet som ligg i laget. Der til dømes Benites, sir sur eller Mourinho klarer å få 2+2 til å bli 5 eller 6, får aldri wenger meir enn 4. Så spørs det da kva ein ynskjer. Wenger er nærme med å lykkast, men som vi har sett mot United og Chelsea samtidig ganske langt unna. Kor lenge tåler Arsenal som klubb (toppspelarane, fansen, styret, osv) å vente på pokalane?
  19. Eg meiner vel som følger: 1: Eg er stornøgd med at Wenger har klart å halde oss som topplag utan å svi av X antall millionar pund. 2: Eg seier og at det hadde vore spennande kva vi kunne ha oppnådd om Wenger i tillegg hadde tatt sjansen på å bruke noko meir pengar på nokre toppspelarar. Det hadde ikkje trengt å vere Torres, men han var eit døme på ein toppspelar som ikkje var dyrare enn at eg trur vi hadde klart oss godt økonomisk. Dette kunne kanskje ha vore det som hadde gitt oss ligagullet for 2 år sidan eller ei CL finale. Eit viktig poeng er at ein ikkje veit korleis eit kjøp av Torres eller andre hadde virka inn både på laget vi har og på spelaren sjølv. Eg trur likevel at ein eller to slike kjøp kunne ha gjort at vi hadde eit par pokalar meir samt at vi likevel kunne ha hatt vårt unge lovande lag... Difor all respekt til Wenger, men eg syns han vore noko feig på spelarmarknaden når nokre av toppspelarane har skifta klubb...
  20. Er mykje einig i at Wenger sin veg har det meste riktig i seg. MEN eg meiner det hadde vore veldig interessant om Wenger i tillegg til sin politikk kunne kjøpt ein Torres eller liknande i si tid? For to år sidan var vi nokre få poeng i frå gullet, og vi har vore nærme finaler både i CL og FA cupen. Ein superspiss/ ein sentral midt kunne kanskje gitt oss eit eller fleire trofe dei siste åra, utan at det hadde satt oss i økonomiske trøbbel. Uansett, Wenger har tatt laget eit steg vidare som eg ikkje trudde han ville i år. Det er imponerande, og viser oss at denne mannen framleis kan sitt yrke
  21. Du treff nok godt når du seier at Wenger sin fotball krever at ein suverent mykje betre enn motstandarane sine. Dette er Wenger sitt filosofi. Kvalitet avgjer fotballkampar. Dersom du har meir kvalitet enn motstandaren vil du stort sett vinne fotballkampar. Det er tre problem med dette. Det første er at det er latterleg naivt, og at det faktisk ikkje stemmer. Vi som er vokst opp med "Drillos" veit at kvalitet er vel å bra, men langt frå alt! Det andre er at det i dagens fotball er umogleg å skape eit lag som er kvalitetsmessig mykje betre enn dei andre utan å bruke store pengesummar. Når dei andre klubbane både i England og Europa kjøper inn kvalitet, må vi til ein viss grad prøve å henge med på dette, enten ein likar det eller ikkje. Det siste er at Wenger ikkje klarer å sjå på komplementerande kvalitet. Med dette meiner eg at Wenger ikkje har meistra å skape eit lag som utfyller kvarandre. Vi er svake fysisk og gode teknisk, frå bakerst til fremst. Kvalitet er meir enn evna til å slå hurtige ti meterspasningar rundt midtbana!
  22. Lite smart trekk av Wenger, men det var vel ikkje slik at Wenger stod der å nekta å gje Hughes lanken. Ein skuffa Wenger var vel i garderoba før Hughus var klar for å ta Wenger i handa... Uansett Wenger kjenner nok presset. Tapet mot City var ikkje så ille men ein god start i PL har utvikla seg til å bli ein tilnærma lik start som i fjor. Vi er fortsatt langt bak dei beste, det går mot ein kamp om å bli topp 4 igjen... Wenger sitt prosjekt ser ut til å gå mot nok ein "fiasko" dersom ein krev at det skal bli seier i PL/ eller i CL (eg trur ikkje vi er gode nok til å vinne, men dårlegare lag enn oss har vunne CL tidlegare...) Wenger må etterkvart ta eit val. Fortsette sin måte, vere sta og jobbe vidare eller endre kurset delvis eller heilt. Sjølv håper eg på ei lita kursendring. Wenger er nemleg nærme med å lykkast, sjølv om det av og til virkar som vi er milevis unna...
  23. Ja Wenger da er stallen satt til januar. Igjen blir ei forsterking på 2-3 mann til at vi selg 2-3 å kjøper 1. Om det er økonomi eller at det ikkje er spelarar som vil forsterke oss der ute veit eg ikkje, men stallen er vel tynnare i år enn i fjor. Vi får håpe på at vi er heldige med skadar samt at nokre av juniorane tek steg. Da kan vi få ein morosam haust, dersom skadeproblema fortsett som før er eg redd det blir ein laaaaaang haust....
  24. Ja takk, men svært lite sannsynleg desverre...
  25. Enig med at det ser lovande ut, men syns ikkje stallen ser så fryktinngytande ut. Vi har ein solid keeper, som har tatt steg i år. Ikkje verdsklasse men solid, og ser ingen grunn til at han ikkje skal bli betre neste år. Vi har eit forsvar som vi kan kalle ujamnt. Eg føle Sagna, Kolo, Gallas og Clichy er bra, men samanlikna med våre konkurrentar er vi nok svakare. På midten er vi bra, sjølv om vi ikkje heilt har balansen. Fabregas er stjerna. Nasri, Arshavin og (Rosciky) er kvalitet. Eg meiner Walcott har laaaangt igjen, og eg fryktar han er ein betre men ikkje meir effektiv spelar enn Pennant. Eg håper eg tar feil, men det er veldig langt mellom lyspunkta.. Song, Denilson og Diaby har tatt store steg. Song er vel den som er nærmast å slå igjennom og det blir spennande å følge. Når vi likevel ser korleis vår midtbane er knust av pool, utd og chelsea må vi stille spørsmål kor bra det er... Når det gjeld spissar syns eg vi manglar mykje. Eg meiner vår beste spiss er Niklas B. for tida. Han er eit veldig uferdig produkt, men er allikevel den som vil noko. Ade og Van persie meine eg ikkje er gode nok, samt at dei ikkje passar inn med resten av laget. Her kunne eg tenke meg at Wenger tør å ta ei utskifting, utan at eg trur det skjer....
×
×
  • Create New...