Jump to content

ertesvi

Arsenal Norway
  • Posts

    445
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by ertesvi

  1. Forstår ikkje kvifor vi skal ha ein stoppar "reserve". Vi skal ha ein stoppar som er god nok til å bli klart førstevalg! Så får dei som er i troppen ta opp konkurransen
  2. Om ein snakkar om podolski: han er for dyr i drift i forhold til speletid! Enten bruk han meir, eller selg! Vi kan ikkje ha 100.000 pund i veka ut på spelarar som vi ikkje har bruk for...
  3. Har sagt dette før: ein god manager får meir ut sv spelarmateriellet enn det ein kan forvente. Det gjere ikkje wenger lenger, og vi prestere i år langt under... Kor mange sigrar har vi i år? Eg håpte han gav seg i mai. Når det ikkje skjedde, prøvde eg å vere positiv. Det var i periode spelemessig framgang i fjor ( mest defensivt dog) kjøpet av alexis gav meg ny optimisme. Prestasjonar til laget då langt har sendt meg ned i djupet. Eg veit det ikkje er lov å tenke seg å kvitte seg med ei legende som wenger, så i staden endar eg på same måten som mange med sesongkort, eg let vere å sjå kampane det ikkje passar heilt for meg, sjølv om eg betaler tv2 dyrt for dei... Det har ikkje skjedd sidan eg vart fan i 88
  4. Eit nytt lee dixon sjølvmål? Mannen må vere klasse!
  5. Er også enig med wenger her, dei har vel ingen nytte i det heile? Men ein ting; Meiner Wenger at fotballen vi spelar er så kjedeleg at dei bør ha ei bok
  6. Trur rett og slett ikkje Suarez ville til oss dessverre, og kanskje han valgte rett sett med nøytrale auger? For min del henger eg meg på polljen. Det er ikkje mangel på trofé som gjer at eg ynskjer ny manager. Eg meiner mangel på utvikling av laget, spelarar, spelestil er det som gjere at det bør vere på tide at wenger går. Eg syns rett og slett puls har peika nedover i fleire år. No var det nokre tendensar til at ting var betre i 2013, men sjølv ikkje i den perioden har vi gode resultat mot topplaga i PL. Sjølv om eg håpar på at wenger gir seg, vil eg vere trist inni meg når det skjer, da vi snakkar om kanskje den viktigaste manageren i Arsenal og engelsk fotball.
  7. Enig Sir J. Om sagna og Vermalen går er faktisk stoppar og back pri 1. Deretter spiss, sentral midt og ving. Skal vi ta gull må vi forsterke på alle desse plassane... Så vil vi ha den første wenger fotballen tilbake. Eg klarer enda ikkje å forstå wenger sine tankar i høve ei så radikal endring av suksessoppskrifta...
  8. Av dei du nemner som toppkampar, har vi etter mitt syn 1 god prestasjon. Heime mot eit pool, som da også hadde si doen periode. Elles har vi eit par gode resultat siste året eller så mot gode lag, Bayern og dortmund borte, men prestasjonane har likevel vore so som so. Eg hugsar av og til dårleg; men kva gode prestasjonar har vi mot det vi kan kalle topplag i det siste?
  9. Eg trudde eg hadde sett ein wenger som hadde lært og eit lag i framgang. Sidan pool kampen har eg byrja å tvile igjen. Om ikje eg ropar wenger out, så gjere deg meg lite om han går. Denne klubben skriker etter å utvikle seg vidare, og eg ser ikkje at wenger gjere anna en å kopiere det som er gjort før...
  10. Støttar polljen heilt!
  11. Skryt når det går bra. Wenger gambler ein del med laguttaket idag, men dei som spelte viste nok klasse, samt hadde nok flaks til å ta oss vidare. Herleg. Samtidig også skryt i forhold til å få meir gjennombrotskraft i laget igjen. Håper dette blei eit lite vendepunkt etter eit par kampar i motbakke!
  12. Vi dett nedover på listene til deloitte i høve inntekter, og har penge dopa city, psg og Chelsea over oss. Betyr dette da også at disse tre har klart å snoke seg unna FFP, og at tullesponsorkontraktene blir godkjente???
  13. Wenger har også bomma i fleire år, men har endeleg tilpassa seg og haustar fruktar. Om du ikkje ser at wenger har gjort endringar i retning av det mykje av kritikken i mot han har dreia seg om,måå ein kunne setje spørjeteikn ved fotballforståinga di arshavin;)
  14. Vi er på bedringens veg, MEN det er fordi Wenger har vore inne på dette forumet og teke til seg all den gode konstruktive kritikken han har fått og dermed endra både transfer strategi og taktikk hadde han hørt på den skumle gude dyrkinga nokre enkelte driv mrd her inne i staden hadde vi vel vore der vi har vore på denne tida av året dei siste sesongane
  15. Syns prioritering skal vere: 1. Ein topp topp spiss, som i utgangspunktet bør vere første valg. Om denne spissen ikkje er tilgjengeleg så ventar vi med spiss til sommaren( evt ein backup spiss på lån...) 2. Sikre kontrakt med sagna. 3. Om kontrakt ikkje blir sikra med sagna må det inn to nye h. backa. Om kontrakt blir inngått meiner eg vi må ha ein som er betre enn Carl jenkinson. Dette kan skje i januar, men ikkje naudsynt. 4. På sikt, Dvs enten til sommaren eller i løpet av sesongen 14/15 bør vi ha ein fysisk sterk og def anlagt sentral midt, som blir første val foran arteta og flamini. 5. Ein venstrekant som er meir gjennombrotshissig enn santi. Om ingen forsvinn frå stallen da, meiner eg vi har eit lag som stabilt kan knive om ligagull og også heilt i toppen av Europa:)
  16. Det minkar behovet i forhold til antall, men ikkje i forhold til kvalitet. Når det er sagt er det nok mindre sjanse for å få god kvalitet i januar enn til sommaren. Eg ser heller at vi brukar ein skadefri podolski på topp enn pengar på til dømes demba ba i januar. Vi treng ein ny spiss, men da i frå øverste hylle...
  17. ertesvi

    Aaron Ramsey

    Syns han misser for mykje på "killer passes". Er vel han som spelar til ein svakt plassert podolski i staden for å spele til Walcott midt på mål på vår eine kontring. Men mange steg i riktig retning og viser kva som bur i han. Vert spennande om han klarer det siste steget å bli ein spelar som skaper fleire sjansar for seg sjølv og andre...
  18. Eg har ikkje full oversikt over alle klubbar sine lønningar, men dette er saksa frå det som Skysports skreiv om saka for nokre dagar sida: The AST said the figures showed Arsenal's wage bill would be close to £150m for the year, not far behind Manchester United's, but that had not paid off in terms of results on the pitch Så er vi så langt unna som enkelte meiner? Vi brukte i fjor i følge rekneskapa £52 mill meir enn scumspurs på lønn, altså 1 mill pund meir pr. veke, med tilnærma like prestasjonar…
  19. Denne stadfestar vel også at vi er ein klubb med eit enormt lønnsbudsjett... Noko må gjerast med dette om vi ikkje klarer å betale gode nok lønningar innanfor dei rammene! 150 mill pund....
  20. det som irriterer meg mest med Wenger i det siste er følgjande: 1; Endringa av spelestil til ein kjedeleg halde ballen i laget fotball som vi ikkje meistrar. Kvar er aggressivitet, tempo, blitzfotballen til dei gode Wenger laga. Noko ligg i spelarmateriell, men det mest har faktisk med valg av måte å spele på. 2: Ein klarer ikkje å utnytte potensialet i spelargruppa. Ja vi er blitt svekka og ja det kan vere at dette berre er delvis Wenger sin feil. Likevel føler eg at summen av enkeltspelarar sine kvaliteter som eit lag blir lavare enn kvar enkelt spelarar. Forenkla blir laget til Wenger ikkje 2+2=4, men heller 2+2=3 (eg meiner derimot at managerer som Wenger og også Moyes som blir nevnt ofte klarer mesterstykket 2+2=5) 3: Eg føler han ikkje lenger klarer å få det beste ut av kvar enkelt spelar og at mange av dei stagnerer i utvikling eller faktisk får ei negativ utvikling. (tenker på unge lovande spelarar som Oxlade, WS, ramsey, gervinhio og også til dels Walcott, gibbs, vermalen, kos. Det at vi ikkje har skaffa oss eit trofe dei siste åra er ikkje så nøye med for min del. God underhaldning at vi er med å kjempe mot dei beste + eit lag/spelargruppe som ein ser eit potensiale i og som ein gledar seg til skal utvikle seg vidare er ting eg er meir oppteken av. No føler eg diverre at vi har særs lite av desse tinga, og at framtida ikkje ser så lovandes ut som ein burde kunne forvente
  21. Som med deg Polljen finn eg få grunnar til å ønske Wenger som sjef for 13/14 sesongen. Det sterkaste argumentet mitt er at eg er særs usikre på kven som skal tilsette den nye manageren. Om det skulle vere våre amerikanske "venner" i styre og stell er det vel ein stor sjanse for at ting kan bli ende verre? Uansett det er ikkje mykje utvikling Wenger har klart å få til på ein einaste spelar eller laget som heilheit dei siste 5 åra....
  22. ertesvi

    Useriøse rykter

    Nokså lik avtale som vi har hatt på Walcott og the ox? Spennande for utd, men ikkje den spelaren vi treng...
  23. Kort. Motivasjon til å drive ein aktivitet på grunn av glede frå aktiviteten sjølv...
  24. Kjekt med motivasjonsdebatt Det må avklarast med ein gang at det er ei myte at trenarar ikkje kan påverke indre motivasjon. Det kan dei og slik Wenger stort sett vert framstilt gjere han stort sett det meste riktig i forhold til det vi veit som kan fremme indre motivasjon. Det enkelte påpeikar at han mangle nok for å skape ein ytre motivasjon gjennom tiradar, press osv kan vere so, men eg trur dette er eit klart medvite val da å forsøke å fremje ytre motivasjon kan ha ein effekt der og da, men vil virke negativt på spelarane sin ytre motivasjon. Eg trur ikkje det er mykje gale med motivasjonen hjå Arsenal spelarane (har tenkt litt på Sagna om han har byrja å få tankane sine andre stadar, men syns også han virka meir på i går...) Derimot kan det virka som vi har eit problem i starten av kampane. Det kan vere at vi ikkje heilt har trua på oss sjølve mot dei gode laga, samtidig som at sjølvtilliten vår er utruleg sårbar mot alle lag vi møter. Det skal ikkje mykje motgang til før vi kjem i trøbbel. Ein annan ting eg har tenkt på er dette med at vi kanskje er noko naive i starten av kampane. Alle laga i PL vil klare å gje oss tøff kamp gjennom å skape dueller presse oss hardt osv. Kanskje bør vi ta noko mindre risiko, spesielt på eigen halvdel i byrjinga av kampane, til det største tempoet/ aggressiviteten i forsvarsspelet til motstandaren har gitt seg?
  25. En trenar/ manager kan gjere mykje som styrkar eller minkar spelarane sin indre motivasjon. Eg er usikker på at mangelen på motivasjon er det store problemet. Tru på eigne ferdigheiter? Manglande ferdigheiter som gjer at vi først er gode nok når topplaga leiar 2-0 og lar oss få vere med i kampen? Manglande plan om korleis vi handterer å bli pressa bakpå? Svært naiv inngang til kampane, det at vi spelar med høg risiko i ei periode av kampen der alle PL laga orkar å presse oss høgt?
×
×
  • Create New...