Jump to content

Ulfagrafr

Arsenal Norway
  • Posts

    1,992
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Ulfagrafr

  1. Ulfagrafr

    Serge Gnabry

    Fantastisk talent som Wenger gav slipp på altfor tidleg.
  2. Får håpe det blir noko straff i ettertid. I rettferdas namn bør det bli det
  3. Off topic har forumet vert nede? Eller er det bare meg?
  4. Liker ikkje ryktene rundt Bellerin i kjølvatnet av at ny kontrakt med Arsenal forhandles. "Nære" kontakter i City meiner å vite at Bellerin favoriserer å spele for Guardiola som han gjorde i ungdomsåra i Barçelona. City treng snart nytt blod på backplass. Eg merka ei angst i kroppen når eg tenker over scenarioet; - Guardiola - City må fornye backplass - Bellerin 21 år allerede topp topp kvalitet - minst 10 år igjen av toppkarriera - rask som vinden
  5. Dersom ein tenkjer spelarar ut vs inn i år korleis kan vi ligge to mill i overskot på solgte spelarar
  6. Virker som Wenger har børsta støv av gamle dvder fra 1998-2004 og gått tilbake til spelestilen vår med kjappe direkte overganger og meir tempo generelt i angrepsspelet og det er mykje takka være Sanchez på topp. Eg trudde da Perez blei handla at han skulle stå for farta og vi endeleg skulle bli meir gjennombruddshissig. Tykkjer dei siste to kampane med Sanchez på topp har fungert meget bra, dersom han blir foretrukket også framover får vi håpe at utviklinga fortsetter i samme takt.
  7. Det er, unnskyld uttrykket eg prøver å halde meg så mild som mogleg, hòl i hodet, enda meir spesielt og større hòl i hodet om ein tek i betraktning skadehistorikken vår. Det er plass til både Coquelin og Xhaka i dagens tropp. Det er ein lang sesong og Coquelin har betre defensiv styrke enn Xhaka. Meget disiplinert, knallhard og 100% dedikasjon er gull verdt når vi skal forsvare ei leiing eller vert pressa bakover på Camp Nou i 16. delsfinalen eller på Etihad. Eg kallar det korttenkt å kalle det for eit nødvendig onde. Eg forstår det ikkje, vi er altså ikkje fornøgd med at ein spelar storspelar fordi det held ein annan på benken?? Det er så tidlig i sesongen at vi veit enda ikkje kordan Wenger har tenkt å bruke Xhaka/Coquelin
  8. Ryktes om at han er ute for sesongen med øydelagd 'ligament'. Det er vel korsbånd eller leddbånd av noko slag. Det er så erketypisk at eg trur ikkje det er tilfeldig lenger, men ei himmelsk kraft som vil oss alt ondt
  9. Tenkte på det same tidlegare i dag, samme med Mahrez. Den dødelege kombinasjonen i fjor har vore heilt tam i år. Fire innslupne mot Liverpool, Chelsea (riktignok i ligacupen) og i dag mot United verkar heilt bakvendt ift i fjor då dei nekta å tape, unntaksvis mot oss × 2. Var Kantè så viktig eller var det berre ein ufatteleg flyt akkurat den sesongen vi hamna foran City, United & Chelsea
  10. Eg skjønte at du satte det på spissen ? men tidspunktet og timingen passer overens med at Wenger kan ha mista grepet litt etter den tidsepoken. Uansett det som skjedde etter 2005/06 er nok ikkje en spesiell ting en kan peike på,men er nok sammensatt av fleire ting. Som eg var inne på i forrige svar, blei jo kapteinsbindet gitt ut på feil premisser slik eg ser det. Van Persie spesielt har aldri vert noko kapteinsemne og burde ALDRI blitt det. Eg er forøvrig einig i at kaptein bør vere frå dei defensive rekkjer eller i hjartet av midtbana.
  11. Som kapteinsemne i dagens stall tykkjer eg Coquelin står fram som en med lidenskap, vilje og krigersk framtoning som kan mane fram inspirasjon og ekstra innsats frå dei andre spelararane. Spørsmålet er om han er/blir fast nok i laget til å bli utnemnd som kaptein. Vieira forlot klubben etter siste spark på ballen i finalen mot United i 2005. Etter en tapt finale i CL i 2006 så kan vi si at nedgangstiden samsvarer veldig bra Polljen, sølv om Wenger var veldig unnskyldt frå mi side på den tida med overflytting til nytt stadion. Eg føler at kapteinsbindet har vore gitt på feil premisser, nesten på ein "se-her-får-du-kapteinsbindet-ikkje-forlat-oss"-måte
  12. Høyres ut som et ekko frå fortida. Sakna Wright, Vieira og Bergkamp utpå der i dag! :-)
  13. Kanu believe it! × 3 Tar meg tilbake til Stamford Bridge i 1999 15 min igjen på klokka 2-0 til Chelsea og innbytter Kanu goalla 3 magiske mål.
  14. Fornye kontrakten med Overmars og Pires? Siste-15-joker-kontrakt ?
  15. Oppfordrer folk til å ta ein kikk på Arsenal legends nå. Ekstra gledeleg gjensyn for mitt vedkomande; Seaman, Lehmann, Parlour, Winterburn, Parlour, Ljungberg, Limpar, Keown, Toure og Nwankwu Kanu
  16. Overraskande, fornuftig og klokt. Dette er vel Wilsheres siste sjanse dersom en skal tenkje med hodet og ikkje hjartet.
  17. Utruleg kva to sterke signeringer kan utgjere mentalt. Dette gir nok ny boost og giv til spelararane og tenkjer eg. Håper også at dette samlar fansen igjen og at alle kan stå bak Wenger i komande sesong. At enkelte fortsatt vil ha utskifting respekterer eg, men no bør det bli slutt på Wenger out-plakater og ukvemsord på bana. Eg er forøvrig heilt einig med deg @NoName om at Wenger skal ha honnør og respekt for å halde i tøylene i dette galopperende økonomiske fotballmarked. Men det fins eit men her og, vi er ein del av det mtp dei høgaste billettprisane på øya og får dei same pengane fra PL-rettighetane. Det hadde ikkje vert nokon unnskyldning dersom ingen forsterkningar hadde blitt kjøpt. No har det det,Perez kjenner eg ikkje til, men veldig spanande spelar ut i frå det eg les. Kan Wenger gjere eit Thierry Henry-varp her? ?
  18. No har eg ikkje vert ein del av noko hylekor eller føler eg må bite i meg noko da eg har vore ein pro-Wenger enn så lenge, men føler for å forsvare dei som faktisk på ei kontruktiv måte har kritisert Wenger for blant anna sin manglande handlingsevne. No som et par brikker har falt på plass, har ikkje desse kritiske røystene eigentleg fått rett i sitt syn? Dette har jo vert poengtert sidan i fjor(!) da Wenger kun kjøpte ein keeper. Er ikkje det fortsatt kritikkverdig av Wenger å ha venta så lenge med å kjøpe noko "alle" andre har sett mangler på? Er det ikkje kritikkverdig at han ikkje har samla troppen til pre-season, men venter til etter 3. kampen med å fullbyrde troppen? Eg skjønar ikkje heilt kva du skal bevise i ditt innlegg. For meg så verkar det som du underbygger deira kritikk.
  19. For gjerdesitteren som ikkje klarer å ta stilling til den eine eller andre parten har dette vindauget gjort meg skeivbalansert på gjerdet og i ubalanse. Eigentleg kan ingenting endre på det med så få dagar att av vindauget..... om ikkje Griezman kjem, da er alt tilgitt. For akkurat no trur eg Wenger har mista grepet og det skal mykje til for å endre det no. Men Usmanov? Nei, det er ein ekstremt kortsiktig løysing som eg ikkje vil skal ha full styrerett over klubben.
  20. Enda eitt eksempel på at ord og handling ikkje heilt samsvarar med røynda. Dette skapar usikkerheit ikkje berre blant fansen, men og spelararane vil eg tru. Tippar Sanchez spesielt som gir 100% innsats i einkvar kamp gjerne vil jobbe med manager og spelarar som dedikerer seg 100 %, det er her Wenger misser kredibilitet med sine utspel som du påpeikar. Özil var nok meget frustrert som gang på gang produserer kjempesjanser og opningar med sine lissepasninger, men som vert omsatt i scoring altfor sjeldant. Problemet er der, men vert ikkje tatt alvorleg nok. Frykta er å misse Özil og Sanchez som var tunga på vektskåla kvar sin sesong dei siste to sesongane pga manglande dedikasjon og ambisjon frå leiinga. At ein føler seg lurt når ein tidleg i vindauget fortel om store planar og mykje midlar tilgjengeleg for så å tone det heile ned når vi nærmar oss slutten og prøver å overbevise om at stallen er god nok og berre vi held oss skadefri så..... Det er dette eg frykter, at andre spelarar ser mønsteret vårt dei siste åra og at det same skjer med bærebjelkane i dagens lag, sjølve sentrallinja, og berre gjev oss opp. Hoppar over på den andre sida av gjerdet der graset er grønare i form av vilje til å vise ambisjonar. Før var Wenger-namnet nok til å tiltrekkje seg spelarar, men nå når Wenger fortsatt seier at det ikkje er lett å få spelarar samtidig som vi ser at samtlege rundt oss har forsterka (City har signert 9(!) spelarar til nå i sumar, dersom eg har talt riktig) så er ståa slik at anten tiltrekkjer vi oss ikkje spelarar, Wenger lyg når han seier han jobbar for å få inn spelarar eller så er ikkje midlane der. No har Vardy og Mahrez i følge rykta vist oss ryggen, det er ikkje ei heldig utvikling. Thierry Henry sa i SkySports-studioet det same (etter Liverpoolkampen), det verkar som ikkje nokon vil til Arsenal og det er forunderleg. Eit godt poeng frå Vieira http://www.101greatgoals.com/news/patrick-vieiras-criticism-of-arsenal-leads-to-an-obvious-question-for-the-gunners-legend/ Vi har knapt tilbydd eller holdt ein einaste spelar ei rolle i teamet. Dette er viktig for å behandle identitet og inspirere unge spelarar som skal lære av sine idoler og spelarar som har levert på absolutt toppnivå. Enkelte på forumet her spekulerer i om Wenger rett og slett har for mykje makt og nærmest har eit diktaturstyre i både det taktiske og på det sportslege plan elles. Dette gir i mine auge grobotn for slike spekulasjoner. Han vil ikkje utfordres eller settes på prøve blant andre høgt respekterte Arsenalprofiler. Søkt, men påfallande alikevel.
  21. Ulfagrafr

    Serge Gnabry

    Eg hadde nesten avskrevet Campbell og før fjorårssesongen, men har fått meir trua på han og spesielt slik laget er samansatt og spelar no skulle eg gjerne ha hatt han på laget og som du seier lånt ut Chamberlain. Eg vil ikkje gi Chamberlain opp heilt enda som eg nemnde, men godt poeng å leige han ut for å sjå om han klarer å komme seg opp igjen på sitt toppnivå og på den måte frigjere plass til Campbell og dermed "ofre" (les: selge) Walcott. Det blir berre utopi når "skaden" allereie er skjedd frå Wenger si side. Skulle gjerne høyrd kva argument han hadde for å låne ut både Debuchy og Campbell sesong etter sesong framfor å selge medan dei har fleire år igjen på kontrakta. Det er tydeleg at han har frøse dei ut alikavel.
  22. Ulfagrafr

    Serge Gnabry

    Eg har ikkje heilt enda gitt opp håpet på Chamberlain og meinar at dersom han får spele seg "varm" utan skadeavbrekk så kan han bli meget meget god. Walcott derimot hadde eg ikkje hatt med i speidertroppen til KFUM IL eingong. Han har fått ti år på seg og, som ein fortalde til Arsenal TV etter Leicesterkampen, alt han har utretta er å gro litt skjegg.
  23. Ulfagrafr

    Serge Gnabry

    Før skaden var eg mektig imponert over Gnabry og han har sidan blitt "gløymd". Håpar han får sjansar på Arsenal framover framfor eit nytt meiningslaust utlån. Den karen har potensial og mykje å bevise.
  24. Nokon som kan forklare meg kvifor uoversiktelege Facebook-tråder har tatt over eit velfungerande forum? Kor var denne *kremt, unnskyld rusk i halsen* fanskaren før Facebook? Er det det som skal til for å få med "alle", tilrettelegging på Facebook? Da tek eg heller takke med få kvalitative meddebatanter enn kvantitativ vrøvl. Eg har vore på forumet sidan det var ei gjestebok på gunners.no og fulgt med utviklinga både aktivt og passivt, no føler eg at eg er på eit stadie midt i mellom. Men eg skjønar ikkje kvifor ting må på Facebook for å skape aktivitet. Det var ein digresjon. Wenger. Eg har eit ambivalent forhold til Wenger om dagen. Eg har utruleg mykje respekt for den mannen, og kva han har utretta som manager for Arsenal. Det vil eg alltid være han takksam for. Gudane veit kvar vi hadde vore dersom han ikkje hadde avløyst Bruce Rioch(!) i 1996. Men det er ei tid for alt og Wenger har køyrd seg fast dei siste åra. All honnør til gentleman Arsene Wenger som nobelt nok, for meg, virkar som å halde litt i tøylane på den gale pengegaloppen vi no opplev i fotballen. Men det skal seiast, vi er like mykje med på den galoppen i form av inntening på blant anna billettsal, som du og eg kjøper i dyre(ste) dommer, og for å henge med må vi pøse ut det som verkar, ikkje berre for ein økonom som Wenger, men og for dei fleste menigmenn ein sinnsjuk pengesum for ein idrettsmann. 200-300 millionar er nær minstesum for ein prøva spelar om dagen. Og laget skrik etter desse forsterkningane, mest av alt på spissplass og midtstopparplass. Midtbana vår er god og godt dekt, men skadeplaga. Wenger var tidleg ute og handla enda ein midtbanespelar i Granit Xhaka, vel og bra det, men det var ikkje der skoen trykte mest og på sedvanleg vis drøyar med kjøp der vi har umiddelbare behov. Forstå det den som kan, det er til å rive av seg håret av. "Alle" ser det, "alle" hadde adressert problemet, til og med Wenger innrømmer det kryptisk og motvillig, men gjer tilsynelatande ingenting med problemet. Wenger knows er utgått på dato, ein må få stille kritiske spørsmål no ved drifta av Arsenal Football Club. Kva skjer innad i klubben, er midlane der? Sit Wenger og bit seg i tunga på kvar og ein pressekonferanse er kanskje tida inne som ein påpeikar i tråden over her at Wenger burde kanskje ta sin hatt å gå i protest. Hans ettermæle i gullskrift er i ferd med å viskes ut med tinn. Handlingar og ord samsvarar per dags dato ikkje. Eg forstår reaksjonen til fansen både under Norwich-kampen og i går. Eg gjer det. Eg ville ikkje sjølv ha kasta meg på den bølga (enda) ut i fra min djupe respekt og takknemlighet til Wenger, men haldning fra Wenger i forhold til fansen og klubben bør snu ganske så kjapt ellers er klubben og fansen på kollisjonskurs. Fansen er splitta, og frustrasjon både mot eigar og Wenger er på maksnivå for den eine halvdelen. Det er ikkje til å neglisjere, ei heller å stue bort som "dårlege fans". Mange angrip og Silent Stan, det kanskje med rette, men eg er einig i filosofien hans om at klubben skal vere sjølvdreven. Slik burde det vere. Men det er vanskeleg når spesielt City og Chelsea sit og pøser ut penger som om det var monopolpeng på spelarkjøp med FAs velsignelse. Men samtidig blir eg bekymra når han i ei uttalelse seier trofe ikkje er viktig, men går langt i at han er meir enn fornøgd med topp fire og CL-pengar. Det er ambisiøsløst og veldig defensiv innstilling som eg er redd sakker oss akterut på sikt. Eg skjønar ikkje korleis han klarte å få så stor aksjemajoritet på det tidspunktet den værste kneike i forbindelse med overgangen til Emirates var over og vi var på veg opp og fram sjølvstendig økonomisk. Alternativet Usmanov som har sportslege ambisjoner i fleng og villig til å brue midlene når som helst er ikkje berre positivt. Å gjere seg avhengig av nokon er skummelt, og dersom han skulle snøre igjen sekken av ukjende årsaker kan vi fort senkes som Leeds, eller enda værre Portsmouth. Det er for mykje pengar i fotballen i dag og det er øydeleggande. Eg stiller spørsmålet om Wenger er like motivert og sulten som han var ved årtusenskiftet, da håndplukka han talenter på rad og rekke for ein rimeleg penge og fostra dei fram som superstjerner der mange utakknemlege tvang seg like kjapt ut av dørene til Highbury når anledninga bydde seg. Kvifor får West Ham fram Payet, Leicester får fram Vardy og Mahrez ++, Chelsea får fram Zouma for å ta nokre spørsmål, og når hadde vi sist eit slikt talent som slo til? Cesc og Bellerin føler eg er i ei gråsone, dei hadde allerede ei høg stjerne i akademiet til Barcelona på tidspunktet vi kjøpte dei. Tidene har nok endra seg, men det bør vere like mykje eit fortrinn for Wenger og Arsenal som det er for andre klubbar, spesielt når dei heiter Leicester og West Ham. Eg berre håpar Wenger kan gå ut av porten med heva hodet når han går
  25. Eg veit ikkje kva løn han får, men å gå derfra til Arsenal må vel vere litt som å vinne i lotto. Det er ganske innlysende so langt at han er meir benkpryd enn ein ressurs
×
×
  • Create New...