Jump to content

Min beste debut


Paddy

Recommended Posts

Som publisert på SanderSpace

 

 

Gjennom livet må ein debutere på mange plan, for meg både sportsleg, og personlig (først og fremst seksuelt, men sikkert også andre ting). I helga gjennomførde eg den debuten som var viktigast for meg i forhold til mi sjølvrealisering.

 

Eg har sjølvsagt tenkt å skrive om min debut på The Home of Football (Fotballens heimstad): Arsenal Stadium Highbury. Eg kan, utan tvil i mi stemme, sei at dette var den desidert beste debuten eg har hatt. Dette var ikkje berre på grunn av at Arsenal vann kampen, men sjølve opplevinga av turen til London og ramma rundt kampen bidro til å gjere dette til å bli ein av mine største opplevingar, berre ei veke etter mi største oppleving. Totalt sett har dei siste to vekene vert fantastiske, med dette som kremen på kransekaka.

 

Tur til London har lenge stått på mi ønskeliste, og liste over ting eg må gjere. Det har så alt for ofte blit bortprioritert, av utelukkande økonomiske årsaker. Pengane har blitt brukt til andre ting. Difor blei sumaren 2005, for første gong, nytta til litt sumarjobbing. (Og nei, det er ikkje fordi det er lat eg ikkje har hatt sumarjobb før, det er eit val eg har tatt: eg trengde ferie.) Desse pengane har stått urørt, nettopp med denne turen i sikte.

 

Eg hadde nemleg ikkje noko val lenger. Eg måtte over denne sesongen. Dette er siste sesongen for Arsenal Football Club på ærverdige Highbury, klubben si heimebane gjennom 93 år. Eg måtte over, for å ikkje miste total sjølvrespekt, når det kjem til emnet om eg er ein god supportar eller ei. I tillegg er det jo ein test: er eg verkeleg så opptatt av dette som eg trur? Kunne eg vere sikker på det, før eg kom meg over og såg kva dette verkeleg dreide seg om? Svaret veit eg no. Dette er meg, og Highbury var "heim" eller meir spesifikt: Where I belong.

 

Det var rundt årsskiftet at eg bestemde meg for kva kamp som skulle ta kyskheita mi i denne samanhengen. Etter at mitt syskjenbarn og trusfelle Ole hadde bestemd seg for å droppe meg og reise til Middlesborough-kampen (for ein bomtur, som han sjølv sa det. 7-0.) måtte eg finne alternative måter. Fellestur blei raskt blinka ut. Dette måtte vere det ideelle for ein førstereis som meg! Så blei dette koordinert med andre terminlister, og andre gjeremål og Liverpoolkampen låg midt i smørauget for meg. Mail blei sendt til Per Egil i Fotballturer, og snart var det heile i boks.

 

Tida nærma seg, og Arsenal sin form var sterkt varierande. Samtidig kjempa eg på andre områder, men når det var ute av vegen forrige søndag, var det berre å byrje gleda seg. Fredag var det avreise, og med perfekt oppladning med ei god feiring etter å ha slått Real Madrid ut av Champions Leauge, var det ein oppslått gjeng som møtte meg på Flesland. To brødre med sønner og ein venn var dei andre som skulle reise på Bergen. Det synte seg raskt at dette var meget kjekke folk, og glimrande reisefylgje!

 

Ved ankomst Stansted visste vi at vi hadde dårlig tid. Det var nemleg omvisning på Highbury på tapetet! Det hadde ikkje eg råd til å gå glipp av i alle fall. Vi måtte raske oss gjennom passkontrollen, og hive oss på toget, eit tog vi nådde med eitt halvt minutts margin. Hadde vi ikkje gjort det, kunne vi berre gløyme å nå omvisninga. Vi tok toget til Tottenham (av alle ting) Hale, og taxi derifrå.

 

Dei første vi møter når vi går ut av taxien utanfor inngangen til Arsenal Stadium, er reiseleiar Christian Kasserer, og gjengen som reiste frå Oslo, og Trondheim om eg ikkje tar feil. Dei som reiste frå Stavanger nådde ikkje omvisninga, noko som sjølvsagt var synd! Å gå ut, og sjå den FANTASTISKE grasmatta første gong, var stort. Eg blei mest mållaus. Å gå ned tunellen likeså: målbindande. Trangt og intimt var stikkord for heile stadion, utan at det blei mindre stort av den grunn.

 

Etter omvisninga i Heimen, som diverre ikkje inneheldt ein tur innom garderobane av di dei blei vaska, var det sjølvsagt rett på Arsenal Museum, og seinare til Arsenal Shop, noko som gjekk kraftig ut over mitt studentbudsjett. Det skulle seinare syne seg at det var alle pintane som blei nytt under turen som skulle stå for den største utgiftsposten. Det eg likevel vil bemerke er at Arsenal nok taper ein del pengar på at Arsenal Shop ved Highbury (fekk diverre ikkje besøkt Arsenal World of Sports), er utforma som den er. Vanskelig å vite kva ein vil og skal ha. Håpar det blir sjølvplukk på den nye sjappa på Emirates. Det gjer det lettare for oss og Arsenal.

 

Den første pinten kom deretter. Gunners Pub blei sjølvsagt avlagt besøk, og det var her den første sosialiseringa med andre enn Bergensgjengen blei gjennomført. Hilste på både Christian Kasserar, og to hyggelege austlandsfamiliar i denne legendariske puben, før ein gjekk vidare for å få den første maten på Engelsk jord. Highbury Barn blei vald som etestad. God mat, og sjølvsagt god drikke, og det var her ein kunne få eit visst inntrykk av korleis dei andre var, i alle fall nokre av dei.

 

Etter å ha vore i Highburyområdet ei stund, var det på tide å kome seg tilbake til hotellet. Buss ned til Upper Street, og lett gange til Hilton Hotel Islington. Rett opp og setje i frå seg bagasjen, før det var rett ned til hotellbaren, for dagens tredje type øl: Stella Artois. (John Smiths, Staropramen før). Også Guiness blei fortært i hotellbaren, før eg, saman med Ingemar frå Bodø, Vidar frå Bergen og reiseleiaren sjølv, tok turen ut for å rocke London litt!

 

Vi byrja som fire, og etter å ha vore innom eit par plassar og tatt ein drink (Hemingway's favoritt - ikkje min), havna vi på ein plass i Upper Street ved navn The Slugs og noko attåt det. Brått forsvinn Vidar frå oss, utan forvarsel. Mystiske forsvinningar skulle det bli fleire av. Reiseleiaren, den einaste som hadde vore ute i denne delen av London før, gir beskjed om at han skulle på toalettet. Dit gjekk han også, men eit par minutt etterpå ser vi ein travel reiseleiar forsvinne ut døra, og gå målretta mot hotellet.

 

Tilbake stod meg og Mr.Bodø som på dette tidspunktet var 35 år. (Seinare på kvelden var alderen sunket til 27). Vi gjekk vidare, og fleire stader mellom dei Living Room og The Embassy vart besøkne frå oss, før vi ei heil rekke øltypar, eit par glas Jack Daniels med meir seinare kom oss tilbake på hotellet. Der fann vi Vidar sitjande i telefonen med sin kjære heime i Bergen - det var det han hadde gjort sida han forlot oss 3 timar tidlegare. Blir nok ei bra telefonrekning neste gong, spesielt tatt i betraktning hans konstante telefonering helga gjennom.

 

Laurdagen blei tilbringe i senga, med unntak av ein god engelsk frokost, fram til avreise til Leyton. Vi skulle nemlig sjå Leyton Orient-Cheltenham. Toppoppgjer i League 2, tidlegare 3.divisjon. 6000 tilskodarar i ein kamp på fjerde nivå, med billettar som gjekk for opp i mot 20 pund, det er ganske imponerande. Fotballinteressa er definitivt til stades. Denne kampen gjekk samstundes som ei rekkje oppgjer i Premier Leauge. Litt skuffande stemning var det likevel, bortsett frå bortefansen, som imponerte med synging gjennom 90 minutt.

 

Sjølve kampen vitnar om ein fotball på eit nivå som kanskje ikkje legitimerar alle tilskodarane, men artig likevel. Ein såg lett at dette var meir prega av tilfeldigheiter enn noko anna. Leyton Orient tok, noko ufortjent, leiinga om lag midtvegs i første omgang - men seinare kan dei berre takke sin meget gode keeper (Glyn Garner) og ein noko ineffektiv nummer 7 (Brian Wilson) på det gjestande laget for at dei beholdt leiinga. Brian Wilson blei forøvrig eit begrep under turen, og Wilson viste seg seinare i både Adebayor, Crouch og Bergkamp sin skikkelse i kampen Søndag.

 

Etter kampen var det å finne seg ein plass å fortære ein bedre middag, og sjølvsagt konsumere nokre liter tjuktflytande gjæra væske. Denne kvelden kom ein seg aldri lenger ut enn hotellbaren, men det blei moro nok det, ettersom det kom fram fleire historiar. Mellom anna var det etter dette at Vidar skifta namn til sitt barndoms kallenavn: Vigdis, etter forteljingar om opptredenar i kjole og brystimplantat. I det heile tatt mykje latter og glede, før ein tusla i seng.

 

Søndag, kampdag. Opp klokka 09.15 - ser seg sjølv i speilet i nytt Arsenalutstyr: Dette blir ein bra dag! Bedre frokost igjen, trass i litt halssmerter etter det utsvevande livet kveldane i forvegen, før ein sett seg i hotellbaren, kosar seg med dagens aviser der særskild oppslag om Beckham til Arsenal blir diskutert. Folk er litt til og frå, men ikkje utelukkande negative. Ein bayer blir det også tid til, før avreise mot Arsenal-land tar til om lag klokka 13.

 

I det eg går av undergrunnstasjonen med det vakre namnet skjønnar eg at dette er Det. Dette er det eg har venta på så lenge. Det kryr av folk i Arsenal-effektar, og den vakre dekoreringa på vegen opp frå stasjonen er sjølvsagt berre utrulig flott å sjå. Vel oppe, og dei første supportersjappane openberr seg for meg. Eg spring sjølvsagt til den første og beste, for å få fatt i eit par Arsenal-hanskar, ettersom eg erfaringsmessig blei ganske kald på nevane dagen i forvegen.

 

Så beveger vi oss bort for å sjå på nyestadion. For eit fantastisk byggverk. Hadde heller ikkje trudd det var så nært gamle stadion. Selge sjela vår, my ass! Dette er jo ypperleg plassert for oss, og vi beheld nærleiken til alt det vi har så nært og kjært. Ingen fare for ståa til Gunners Pub, spør du meg. Etter å ha stått måpande og beundrande over gigaprosjektet, var det på tide å kome seg bort til Supporterpuben. Ein klart spesiell pub, med ei heilt spesiell atmosfære og mange nordmenn. Det var mellom anna der eg snakka med Stian for første gong på turen. Hyggeleg bekjentskap ted_uh!!

 

Etterkvart som kampstart nærma seg bevegde vi oss ut i gatene, for å suge opp atmosfæren, kjøpe program, og berre fordrive litt tid fram til det heile skulle gå av stabelen. Etterkvart bevega ein seg inn på stadion, og under tribuna på North Bank. I det vi gjekk opp og inn på sjølve stadion og bana, banka det litt ekstra i hjartet, og å sjå setene fyllast opp, og spelarane varme opp var stort berre det.

 

Så var det kickoff, og synginga på tribuna tok seg sakte men sikkert opp. Litt friendly, og ikkje fullt så friendly, banter frå heimesupporterane til bortesvingen, og omvendt. Eg må ærleg innrømme at i periodar høyrte ein bortesupportarane best. Dei har likevel ein klar fordel i at alle dei hardbarka er samla på ein plass - og dermed er det lettare å få i gang dei skikkelige sangane. Etter 1-0 var det likevel ingen tvil: det var stemning på Highbury. Sjølv om scouserane yppa seg på 1-1 med "You are not singing anymore" fekk dei den i fleisen igjen etter 2-1. Etter det famøse 2-1 målet var det også den desidert beste stemninga. Trur ingen sparte røystene sine då "There's only one Steven Gerrard, only one Steven Gerrard!" runga ut over stadion. Ja, bortsett frå dei nemnde scouserane då sjølvsagt.

 

Sjølve kampen veit vel dei fleste det meste om. Arsenal var klart best, og burde avgjort lenge før dei to siste "tabbemåla". Likevel: sigeren blei om mogleg enno deiligare når det etter at det såg ut som vi skulle gå glipp av det heilt store, likevel kjem tilbake og vinn. Spesielt etter ei stjernetabbe av den store stjerna på Liverpool: Steven Gerrard.

 

"Theres only one Steven Gerrard" og "Gerrard is a Gooner" var også dei store sangslagarane ut over kvelden - i alle fall i den norske delegasjonen. Etter sangslutt var det nemlig rett til næraste burgersjappe, hive i seg ein burger før det var å kome seg bort på Gunners Pub for litt post-match celebrations. Stinn brakke. Vi kom oss om lag ein meter innafor døra, før det var bom stopp. Vi pressa oss fram til baren, og fekk bestilt den første pinten. Etterkvart tømdest lokalet, og ettersom Mandag er ein arbeidsdag i England var det mykje nordmenn som var igjen. Etterkvart dukka mellom anna også Kjellus og ein liten delegasjon opp, som var særs ivrige på Gerrard-sangen.

 

Gunners Pub stengde tidleg, og det var på tide å kome seg vidare til Bank of Friendship - og det var her feiringa verkeleg tok av, i alle fall i den forstand at det var her alle pintane byrja gå til hovudet på folket. Etterkvart kom det fram at vi som satt der eigentleg likna frykteleg på andre kjendisar. ted_uh liknar på Tom Sterri, underteikna (med caps vel og merke) liknar på Lehmann, medan to kompisar frå austlandet, som eg diverre ikkje hugsar navnet på enda opp som Bobbie og Jackie Charlton etter fleire omvegar. Christian kasserar likna på, ja, vel.... Christian Kasserar.

 

Etter uendeleg mange latterar (og pints?) var tida inne for somme av oss å kome med fryktelege innrømmingar frå barndomen, a la Vigdis kvelden i forvegen, men kva det var forblir mellom oss, for etter enda fleire latterar og enda fleire pils var tida inne for å kome seg tilbake på hotellet. Kvelden blei avslutta i Hotellbaren, som alle andre kveldar, saman med bergensgjengen, Ingemar og reiseleiar, kor Vigdis fekk demonstrert sine eminente sjekkekunnskapar:

1. Sjå deg rundt etter ei attraktiv dame

2. Reis deg opp, og len deg mot eit eller anna (i dette tilfellet eit rekkverk)

3. Stirr godt og lenge på din utkåra

4. Peik på ho, og sei "You!" i ein svært anklagande tone.

5. Avslutt etter ei kunstpause med: "are beautiful", før du sett deg ned igjen.

 

Kort etter dette opptrinnet gjekk ein og la seg.

 

Neste dag byrja med frokost, og tidlig avreise for oss frå Bergen. Vi sa farvel til dei andre som var oppe på dette tidspunktet, og sette nasa mot byen mellom dei sju fjell. Heimturen foregikk uten dramatikk, men Vigdis prøvde seg igjen. Denne gang ved å "ufrivillig" søle drikke på seg i sitt "spesielle" område, akkurat når ein av dei to svært attraktive flyvertinnene stod ved sidan av.

 

 

Kort og godt: ein heilt fantastisk tur, ei heilt fantastisk oppleving, og noko som definitivt skal gjentakast. Om ikkje vennar for livet, så har eg i alle fall fått bekjente for livet. Takk til Highbury for dette minnet, det skal eg bære med meg over til det nye stadionet. Andre som eventuelt var med på turen, kan sjølvsagt spe på med minner frå turen som eg eventuelt har gløymd ut.

 

Up the Arsenal!

Link to comment
Share on other sites

Huff...Hadde man bare hatt penger. Hadde billetter til denne kampen, men måtte desverre be supporterklubben gi dem til nestemann på lista. Når jeg leser Paddy's skildringer fra turen, så forbanner jeg meg selv over at jeg ikke tok opp et lite lån :D

Link to comment
Share on other sites

Det var nå jaggu godt dere til slutt kom dere innom Bank`en, Paddy! Og det kan bekreftes at syngingen ut over kvelden var meget høylytt. Beklager Paddy og Kjellus at jeg satt i styremøte, og ikke kunne viderebefordre deres velklingende røster! :D

 

Ingenting er som en velykket debut, Sander! :o

Link to comment
Share on other sites

Guest Gunho

Droppa deg og reiste på Boro-kampen i stede.....give me a break

Høres brutalt ut ;)

 

Skal noe til å få min familiefar-situasjon til å klaffe med din toppidretskalender.

 

Flott debut og reisebrev. Du skal bare vite at det er like godt den 15 gangen også :D

Link to comment
Share on other sites

Droppa deg og reiste på Boro-kampen i stede.....give me a break

Høres brutalt ut ;)

Må gi ein liten ekstra spiss til historia veit du! ;) Elles har jo eg deg alt å takke for at eg blei opplyst.

 

Elles er bilder no lagt ut på spacet, vi kan jo legge med denne smakebiten, av Liverpoolstallen (trykk på biletet):

IMG_0156.jpg

 

 

PS: Er heime i helga gunho - så du får klare deg aleine igjen. ;)

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...