Jump to content

John Hollins


Good old Arsenal

Recommended Posts

Det vekte oppsikt og hovudristing blant supportarar og andre då Terry Neill sommaren 1979 kjøpte John Hollins dagen før han fylte 33 år. For kva skulle vel Arsenal med ein slik olding. Så feil kan ein ta, for Hollins vart eit av Neill's aller beste kjøp. Han var eit arbeidsjern, og med sine haldningar både på og utanfor bana

representerte han engelsk fotball på sitt aller beste. Hvis eg ikkje hugsar feil vart han eit år kåra til årets spelar blant Arsenal's supportarar, i tillegg fekk han æra av å være kaptein i sin siste sesong i klubben. I det heile tatt kunne me hatt bruk for fleire av hans kaliber i dagens fotball. I staden må me forholde oss til grinegutar som Ashley Cole og Jose Reyes.

 

John Hollins hadde sin bakgrunn i Chelsea, og spelte der det meste av karriera. Dette var i ei tid då, for å bruke eit billedleg språk, klubben bestod av kjøt og blod, og om ikkje akkurat vart elska av andre, så i alle fall respektert. I dag er det ikkje mykje kjøt og blod att av Chelsea, snarare er klubben redusert til eit ynkeleg skue av plastikk og silikon. Eg gad vite kva Hollins eigenleg meiner om situasjonen. Eg trur eg veit svaret.

 

Det som fekk meg til å skrive litt om Hollins var eit tema som er diskutert ein annan stad på forumet, nemleg draktnummer. Det har seg slik at Hollins i sin fyrste sesong i klubben hadde drakt nummer 10. Og han var definitivt ikkje nokon spiss. Derimot vart han brukt både på midtbanen og som back.

Skikkar William Gallas seg like godt som John Hollins, vil me ha mykje å glede oss over framover.

 

 

Eg kan nemne som eit apropos at Hollins overtok Liam Brady's nr 7 trøye etter hans avgang, og at spissen Alan Sunderland i alle år hadde draktnr. 8.

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...