Jump to content

Good old Arsenal

Arsenal Norway
  • Posts

    808
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Good old Arsenal

  1. Det er IKKE pga de amerikanske eierne de har kunnet kjøpe de spillerne. Det blir feil å si at det er medaljens bakside. Du kan gjerne si at det er baksiden til en annen medalje eller noe slikt, men Manu hadde vært minst like kjøpedyktige uten de amerikanske eierne.

     

    Når dei kjøper nye spelarar, er det med pengar dei ikkje har. I perioden 2004 til 2009 brukte dei 85,5 millionar pund (fråtrekt spelarsal), samstundes som Glazer belemra klubben med si personlege gjeld.

    Det er ein veldig spesiell måte å drive butikk på, og eg står fast på at klubben teknisk sett vert driven for lånte midlar. Med andre ord: ein kjøper seg suksess , i alle fall delvis, ved hjelp av låneopptak. Og det kallar eg framleis medaljas bakside. Men det er sant at dei ville vore meir kjøpedyktige utan Glazer's. Sidan du ikkje svarte på spørsmålet, spør eg igjen: Ville du hatt Glazer-familien i Arsenal?

  2. Tenkte akkurat å spørre om det samme!

     

    Manu har gjerne betalt mer enn oss, men de har tross alt, i den tiden det er snakk om, fått 3 seriemesterskap, 2 ligacupseire og en CL-triumf mer enn oss...

     

    Nå må du ikkje gløyme at alle desse medaljane har ei bakside: Ei gjeld på 6,7 milliardar kroner. Meiner du dette er ein grei pris å betale? Ville du hatt Glazer-familien i Arsenal, om det var det som skulle til?

    Eg kan love deg at svært mange Man. Utd. fans er mildt sagt lite komfortable med situasjonen, og mange av dei ville glatt ha bytta vekk desse pokalane mot ein gjeldfri klubb.

  3. Mitt forslag er å auke talet på sitéringar frå ei til to, dersom det lét seg gjere. Dette vil gje ein betre oversikt, og det vert lettare å fylgje med. Eg forstår kvifor ein kutta ned på sitèrings-funksjonen, men eg meiner det framleis er ein viss skilnad på å barbere seg og å skjære av seg haka.

  4. Ha ha- det er en samtale jeg skulle likt å overhøre :) ;)

     

    Den unge dama vart naturleg nok sinna på Almunia, då ho lærte om alle farene med to steg fram og eit attende. Elles er ho litt tilbakehalden med rosen, då alt laurdagsgodtet forsvant etter å ha kommentert ei god redning.

  5.  

    Hvem går under kranglefant?

     

    Om du mener jeg er en kranglefant i denne debatten, er helt opp til deg å mene. Jeg føler at jeg har prøvd å argumentere mot denne ekstreme påstanden, for å sette ting litt på spissen for å se om Ben Elfen fortsatt mener at han kan stå inne med sin påstand.

    Beklager om det ikke har vært seriøst nok for deg.

     

    Du har nok lest mitt vesle innlegg på ein litt feil måte. Akk ja, denne ironien.... Eg må visst slutte med dette, sidan det bærer heilt galt av stad. Det har sjølvsagt aldri vore meininga å stemple deg, Kris-A eller nokon andre, som ein kranglefant. Eg ser deg tvert imot som ein dyktig debattant, og er på line med deg i det aller meste du skriv, også ang. Almunia.

     

    God Jul:-)!

  6. Eg er samd i at det no må bli ein slutt på alt dette "Wenger knows"-tullet. Denne jula får me i staden heller forlyste oss med uendelege utlegningar om den udugelege Kjegla. Og skulle det framleis eksistere ein stakkar som framleis har bittelitt positivt å seie om Kjegla, så er det berre å lade kanonene og fyre laus det ein er god for. Opp att og opp att og opp att og opp att og opp att. Og så vidare. Denne debatten skal vinnast, og det er berre å køyre på til den siste gjenstridige kranglefant har lagt ned våpna.

  7. Ok, at fifa bør ta tak i problema. Men da er vi over på diskosjonen video dømming eller ikke. Den ska eg ikke begynne på her.

    Eg kan også se at Henry burde gått bort til dommaren rett etter skåringen og sagt at det skulle vore annulert. Men da hva ville dem da sagt i Frankrike, Henry landsforederen? Eller Henry den ærlige? Men nå gjorde han ikke det. Og da synest eg at han skal stille i VM og spille det for landet sitt. For hvor går grensa for hva tid du skal utestenge deg sjøl da? Må du sikre en VM plass? Eller holder det at du jukser med å dempe ballen med holda på midten? Juks er juks, og det er vel ingen som vil ha det i fotballen. Men det skjer, og så lenge vi har ikke har video dømming så kommer det til å være endel av fotballen.

    Om eg personlig hadde gjort det samme som Henry? Neppe, eg tar ikke ballen med hendene, men det trudde eg ikke han gjorde heller. Kan ha vert en refleks og ikke fullt overlegg?

    Mener også at en hands ikke bør være nok for utestengelse (vertfall så lenge filming ikke er det). Men skjer det stygge taklinger som kan gi alvorlige skader så bør det blir utestengelse. Men da må det skje fra høgere hold, vil ikke fungere viss spillerne skal drive og straffe seg selv med slike ting. Det vil bare føre til at den gode og ærlige får mer straff, mens dem sikklige sleipe og stygge tener på det.

     

    Landsforrædar? Neppe. Eg trur nok at franskmenn flest er pinleg berørt over det heile. Også i Frankrike er folk i stand til å verdsetje ærlege handlingar. Normalt sett får ikkje juks så store fylgjer som i dette tilfellet, også ved at det gjekk ut over eit anna land, som dermed potensielt har gått glipp av store inntekter. Det er nettopp det at jukset råka Irland på ein heilt urimeleg måte, og skaffa Frankrike ein urettmessig fordel, også økonomisk, som er det alvorlege i dette. Det gjev det heile eit moralsk aspekt, og eg kan ikkje hugse at noko tilsvarande med like store fylgjer har hendt i ein heilt vanleg ligakamp. Om han ikkje stilte i VM ville dette difor mest vore ei moralsk handling, og treng ikkje nødvendigvis sjåast på som ei sjølvpålagt straff eller utestenging. Juks er juks, men når det får så store fylgjer som dette vert det veldig spesielt. Eg veit berre at om eg hadde vore i hans sko, hadde eg ikkje orka å reise. Hadde du?

     

    Når ein viljehandsar to gonger, og på toppen av det heile fører ballen med handa den siste gongen, meiner eg at det skal ekstremt stor grad av fantasi og velvilje for framstille dette som ei reflekshandling. Han tok ein spansk ein, lurte dommaren, men vart, diverre for han, grundig avslørt av kamera. Så kan ein jo i ettertid spekulere på korleis han hadde framstilt episoden dersom kamera ikkje hadde fanga det opp.

  8. Det synet jeg hørtes ut som et idiotisk forslag, viss du ikke mente det som ironi da?!

    Juks skjer hele tiden i dagens fotball, denne fikk nok litt bestørre tydning enn hva det vanligvist gjør, men å trekke seg fra VM virker for meg helt meningsløst. Frankrike er der selv om Henry er med eller om han sitter i stua. Og Irland kommer ikke til å få noe fordeler av at han ikke spiller.

    Nei, gjort er gjort og nå er det på tide å komme videre. Og eg ønsker Henry lykke til i VM!

     

    Nei, det var så visst ingen ironi. Men det er jo slik det er blitt no. Juks skjer heile tida, så da så. All skuld vert skyvd over på dommarane, som er dumme nok til ikke å få med seg det som skjer. All juks vert bagatellisert. I dette tilfellet særleg sidan det dreiar seg om vårt eige idol.

     

    Eg har heile tida rekna Henry som ein heiderleg person, rett nok med eit og anna feilskjær på bana. Å trekkje seg frå VM ville vore ei moralsk handling med ein stor signaleffekt. Men eg har jo etter kvart forstått at moral og anstendigheit ikkje har nokon plass i fotball lengre, korkje blant dei fleste spelarar eller supportarar. Alt handlar om siger og pokalar, nesten for ein kvar pris. Slik sett er det eigentleg ikkje nokon skilnad på fotball og sykkelsporten. Eg forstår deg slik at du villle ha gjort akkurat det same som Henry. Men ville du ha tatt i mot VM-pokalen med godt samvit? (Ikkje at det kjem til å skje. Dei har sportsleg sett ikkje noko i VM å gjere.)

     

    Eg ser absolutt ingen grunn til å ynskje Frankrike eller Henry lukke til. Er det opp til meg vert dei slått ut ved fyrste anledning, og sendt med fyrste fly heim att. Gjort burde vore ugjort, og i staden for å gå vidare som om ingen ting har skjedd, bør FIFA for ein gongs skuld manne seg opp og ta tak i problema.

  9. Sjølv den mest tungnemme, imbesille dåsemikkel langt inn i tåkeheimen må vel etter kvart no ha fått med seg alle argument og alle standpunkt i denne debatten. Kva verdi den har kan difor diskuterast. Det kunne ha vore god underhaldning, men då må nokon være snill å skru opp temperaturen nokre hakk.

  10. Jeg syns dette ser ganske så skummelt ut, det mest ideele hadde vært om han hadde solgt unna de klubbene han har i USA, og brukt all sin tid og penger på Arsenal.

     

    Det går sterke rykter om at han er i ferd med å selge unna sin 40% eigardel i NFL klubben St. Louis Rams, verd omkring £120 mill.

  11. Som kjent har Sir Alex eit stort forbruk av tyggegummi, og no har me endeleg fått ei

    på kvar det vert av alt avfallet. Det forklarar også kvifor grasmatta på Old Trafford må skiftast ut med jamne mellomrom.

    Elles har den godaste Ferguson nok ei gong vore i

    . Heilt forståeleg, denne gongen.
  12. Det ligger nok noe i det SAF sier. Men hvorfor skal han ALLTID klage på dommeren når United går på poengtap? Slike uttalelser vil lettere bli oppfattet som frustrasjon og blir ikke tatt seriøst i like stor grad. Hvorfor kan han kritisere dommeren ved andre tilfeller?

     

    Dette er eit mønster som går att på andre område. Han var jo tidleg ute og støtta suspensjonen av Eduardo, og påpeikte samstundes at noko måtte gjerast med dette uvesenet. Når så Rooney gong på gong viser fram skodespelartalenta sine, finn han det for godt å halde kjeft. Mannen er bunnfalsk.

  13. Hvorfor er Tottenhams emblem en høne som står på en basketball?

     

    Tottenham-høna meiner nok at ho har lagt det store egget. Og det er jo skivebom, sidan ho ikkje har produsert noko av betydning sidan 1961.

    Alternativt har Tottane tatt til seg Lars Sponheim's gamle slagord "Kvar mann, si høne"

     

    EDIT: Det skal visstnok forestille ein hanekylling. Så eg får heller rette det til "Kvar mann, sin hane"

  14. Ser helt klart på Liverpool som en større gullkandidat enn Spurz, selv om jeg ikke har tro på hverken pesten eller kloraen blir å vinne Premier League denne sesongen. ;)

     

    Pesten og Koleraen burde rykke ned, saman med Svinepelsen. Dei som har vore med ei stund, vil hugse sist gong Kolera (også kalla Tusselads) og Svinepels rykka ned. Det skjedde på 70-talet, og nokon av oss opplevde både bryllypsdag, julaftan og 17. mai på same dag. Ein fest heilt utan bakrus.

  15. Stakkars Wenger. 5 veker til overgangsvindauget stengjer, og han får allereie så hatten passar for manglande kjøp. Her skal tinga skje i ein fei! Senk heller skuldrene, dropp frustrasjonane og nyt sommaren.

    Eg veit heller ikkje kva som skjer framover, men eg gleder meg til sesongen, okke som :D

  16. Hei Good old Arsenal, kan du være så vennlig å forklare meg hva "britisk eierskap" innbærer og hvordan det skiller seg fra f.eks indisk eierskap. Lady Nina Bracewell-Smith vokste opp i India og giftet seg med en brite og arvet sin ektemann når han døde. Inngår hun i det du kaller "britisk eierskap"?

     

    Hvordan er f.eks Usmanov og Kroenke verre for Arsenal enn f. eks David Dein og Danny Fiszman? De har jo solgt aksjer til nevnte herremenn!

     

    Hvis Usmanov fikk britisk statsborgerskap, ville du da inkludert han i det du kaller "britisk eierskap"? hvis nei, betyr det at du ikke regner Lady Nina som en del av det du kaller "britisk eierskap"?

     

    Hvis Usmanov fikk britisk statsborgerskap, ville du begynt å støtte han mot amerikaneren Kroenke?

     

    Eller er det slik at man skal dømme folk etter hva dem gjør og ikke hvor de kommer fra? Jeg mener det siste og mener også at en så stor aksjonær som Usmanov burde fått plass i styret. Mulig han blir sett på som en trussel av noen av de andre styremedlemmene, men det er visdom i det gamle ordtaket; keep your friends close, keep your enemies even closer.

     

    Når eg nemnte britisk eigarskap var det fordi dette tradisjonelt har vore ein garanti for ein sunn økonomisk styring av Arsenal. Men du har for så vidt heilt rett. Det er i og for seg likegyldig kva statsborgarskap vedkommande har, berre dei involverer seg i klubben med dei rette motiva. Det er det som er det essensielle her Tapapa. Det er difor eg er ytterst skeptisk til Usmanov, sjølv om han altså skulle skaffe seg britisk statsborgarskap. Eg er trygg på Bracewell-Smith familien fordi dei har vore involvert i generasjonar.

    Lady Nina's indiske bakgrunn er dermed av underordna betydning. Ektemannen Sir Charles Bracewell-Smith lever for øvrig i beste velgåande, og det var han som overdrog aksjane til henne.

     

    Eg veit eigentleg ikkje nok om bakgrunnen for at David Dein selde aksjane til Usmanov, men registrerer at det skjedde etter at han vart sparka ut av styret, og at forholdet til dei andre styremedlemene på det tidspunkt var mildt sagt dårleg. Så kan dei trekkje slutningar ut av det dei som vil.

     

    Kva veit du om Usmanov's motiv for å kjøpe seg opp i Arsenal? Han har brukt nærmare ein milliard kroner på aksjar. Ventar han å få noko att for denne innsatsen? Me snakkar her om ein mann som er dømt for ta imot bestikkelsar, og som du vil ta imot med åpne armar i Arsenal's styre. Kor går eigentleg grensa for deg for kven ein skal ynskje velkommen i ein klubb som vår? Om det var aktuelt, ville du tatt imot denne Dubai-gjengen som i dag styrer Manchester City?

  17. Er det ikkje no snart på tide at dei ansvarlege no tek ansvar. og set eit tak både på lønningar og overgangssummar. Denne snøballen rullar berre fortare og fortare, og vil på eit eller anna tidspunkt ende med forferdelse. Med eit lønnstak vil det alltid være ein risiko for at pengane i staden forsvinn under bordet.

    Imidlertid vil grunnlaget for utanlandske oppkjøp og eigarskap forsvinne, og foholda vil vende attende til det normale, også i P.L.

     

    Eg kan ikkje forstå kvifor FIFA ser seg tent med denne utviklinga. Er det fordi dei ser det som ei føremon at det er mest mogleg pengar i sirkulasjon innan fotballen? Eller er det fordi det til sjuande og sist er økonomisk gunstig for FIFA, og dermed også deira personlege økonomi?

    Ein folkeaksjon for nytt leiarskap innan FIFA hadde vore ein god start, og den beste garanti for å få Arsenal attende til britisk eigarskap.

  18. Jeg vet ikke mye om Usmanovs bakgrunn, ei heller Kroenkes. Det jeg vet er at Kroenke eier noen sportsklubber i USa, men jeg har fortsatt til gode å se at han er interessert i fotball. Det ryktes at han aldri drar på kamper etc, når det gjelder Usmanov så er det iallefall ingen tvil om at mannen er fotball interessert. Synd det er United, men det sier seg selv at han har følelser for Arsenal da han har aksjer for over en milliard i klubben.

     

    Eit pussig argument når ein veit at Kroenke har ein enda større eigarandel.

    Skal ein fylgje denne logikken, oppfyller velkjende supportarar som Osama bin Laden og Fidel Castro kriteria som majoritetseigarar i klubben.

    Eg tek sterk avstand frå denne ideen at det er det same kven som eig klubben, berre han er fotballinteressert og tjukk i pengar. Suksess for ein kvar pris? Nei, takk. Heller nedrykk.

     

    Og Kroenke har har, så vidt eg veit, og så lenge han har vore i styret, enda ikkje foreteke seg noko som er til skade for klubben. Om nokon kan vise til døme på dette, må dei gjerne komme med dei.

  19. Dersom det er slik som The Times antyder, at Kroenke enda ikkje har betalt dei £90 mill. han skuldar Danny Fiszman og Carr-familien tyder det kun på ein ting. Styret har hatt hastverk, og ein ynskjer for ein kvar pris å unngå at Usmanov sit som den største eigaren. Lat oss vone at Kroenke faktisk har pengane, og ikkje må lånefinansiere heile greia. Det ville blitt ein lite gunstig situasjon for klubben.

     

    Det er liten tvil om at Bracewell-Smith's aksjepost er ettertrakta. At familien framleis sit på aksjane sju månader etter at Lady Nina vart sparka ut av styret, tyder på at dei ikkje er innstilt på å selje. Det er den beste løysinga slik eg ser det, då dei har vore ein garantist for stabilitet i generasjonar. Greit med ein større eigar som ein veit ikke berre er ute etter avkastning.

     

    Elles går det fram av artikkelen at ein slit med bustadprosjektet på Highbury, og av den grunn er tvinga til å refinansiere ei lån på £133 mill innan april neste år. Lat oss vone at styret har kontroll, og at ikkje Usmanov slepp inn i varmen p.g.a rein pengenaud.

×
×
  • Create New...