Dette er rett og slett triste nyheiter dersom det viser seg at Henry skal til Barcelona.. Han er nok ein av dei aller største som har spelt i Arsenal nokon gong, og han har bidratt med å fylle opp pokalskapet vårt. Kunne sjølvsagt tenkt meg å hatt Henry med vidare i klubben, men dersom han ikkje ønskjer det ser ingen grunn til tvinga han til å vera hos oss.
Dersom det skal vera slik at heile laget rasar saman på grunn av ein spelar då er det noko alvorleg gale. Arsenal kan ikkje vera ein korthus klubb som består av ein spelar eller ein leiar, og forsvinn dei går alt i dass! Det har skjedd før at me har mista store spelarar, men me har klart oss brukbart utan dei.
Men før eg ser at det bekrefta på arsenal.com har eg forsatt eit håp om å sjå Henry i Arsenaldrakt