Jump to content

Arsenal-Blackburn 11.02.08


ted_uh

Recommended Posts

Torsdag 7. februar

 

Endeleg er det klart for avreise. Eg og Sir Carpenter er på veg til London for å sjå Arsenal-Blackburn. Kampbillettar er ordna gjennom supporterklubben, og vi har ordna husvære hjå Stokesupporteren Tore som bur i Clapham (litt sør for Themsen for dei som ikkje er lommekjent).

Med fly frå Stavanger via Oslo til Heathrow, bane til South Kensington og buss derifrå, var vi framme i Clapham i sju-tida på kvelden.

 

Fekk satt frå oss bagasjen, og skulle så eigentleg bruke torsdagskvelden på å teste ut ein ølfestival i nabolaget. Der var det imidlertid fullt hus og lang kø, så det utgjekk med høge kneløft.

 

I staden tok vi eit par øl på The Falcon. Dette er ein bra pub som passer fint å gå på hvis man er på veg sørover for å sjå Crystal Palace-kamp. Området rundt Selhurst Park er jo berre trist, så vi anbefaler å ta ein pit-stop ved Clapham Junction før kamp.

Puben ligg like ved togstasjonen, og har etter sigande Englands lengste bardisk.

Etter eit måltid god thailandsk mat var det så kvelden.

 

Fredag

 

Vakna fredag til eit strålande solskin (finvéret skulle vise seg å vare heilt til vi reiste igjen tysdag). Fredags formiddag vart tilbrakt i Croydon. Tore måtte ha seg dress i tilfelle han vart innkalla til intervju oppe i City. Medan det vart ordna, fylte gutta på tur ut tippekupongar og tok verda med ro. La forresten merke til at valentine’s day er ein del større i England enn her heime.

 

Ettermiddagen/kvelden starta med eit besøk på puben Old Bank of England i Fleet Street. Ein glimrande Fuller’s pub som også tilbyr god engelsk mat. Som mange andre pub’ar i businessområdet er den stengt laurdag og søndag.

 

Etter mat og drikke tok vi turen til Charing Cross. Tok så toget til Charlton for å overvære kampen mot Crystal Palace.

Vi trudde ikkje ein fredagskamp i championship skulle vere utseld, men der tok vi feil. Vi måtte returnere frå the Valley med uforretta sak. Imidlertid fekk vi kjøpt pølse frå ”world’s best hot dogs”! Vi slo fast at dei ikkje heilt levde opp til forventningane, ei pølse bør i det minste vere varm....

 

Tok toget til London Bridge. Stakk innom ein All Bar One ved stasjonen, men gjekk raskt derifrå sidan dei hadde meldt seg på i konkurransen ”britain’s worst toilets”...

Tilbragte heller kvelden på ”The borrow boy and banker”, ein triveleg pub like ved sjølve brua. Dette er forøvrig også ein Fuller’s pub, så det vart ein del London Pride og ESB før kvelden var omme.

 

Sir Carpenter fekk også fretta ut ein Charlton supporter, og slik fekk vi vite at vi hadde gått glipp av ein 2-0 seier til Charlton. Visstnok også ein veldig fortjent seier.

 

Laurdag

 

Planen for laurdagen var eigentleg å reise til Leicester for å sjå deira sin kamp mot Plymouth. Dette først og fremst fordi ingen av oss tre hadde vore på Walker’s Stadium. Dessverre vart kamptidspunktet flytta til laurdag 17:15, slik at vi ikkje hadde vore tilbake i London før seint på kvelden.

 

Dermed måtte vi finne ein annan kamp, og valgte då League Two oppgjeret mellom Brentford og Shrewsbury. Tore, med si triste skjebne som Potters-fan, har sjølvsagt vore på Griffin Park fleire gongar, men for meg og Sir Carpenter var det eit nytt stadion på lista.

 

Griffin Park er jo spesiell på den måten at der er pub ved kvart hjørne av stadion. Vi var ute i god tid, og fekk oss eit par utepils på ”the Princess Royal” før vi gjekk inn på kampen. Kampen endte 1-1, sjølv om heimelaget nok burde ha tatt alle poenga, og var fint tidsfordriv for dei drøye 6000 på tribunene.

 

Ei litt artig historie: Vi satt bak eit ektepar på rundt 70 år. Tidleg i 1. omgang er det ein Shrewsbury spelar som på uforklarleg vis klarer å rote ballen over sidelinja rett ved der vi sit. Eg roper ”you’re shite and you know you are”, då snur den eldre mannen seg og seier ”your english is improving” :P

 

Etter kampen gjekk vi på puben ”the Griffin” og såg både Leicester-Plymouth samt ein Rugby-kamp frå Six Nations. Dette viste seg også å vere ein Fuller’s Pub, kanskje ikkje så rart sidan bryggeriet ikkje ligg så langt frå Brentford-land.

 

Deretter tok vi toget til Clapham. Litt indisk mat, som viste seg å vere skuffande svak ifølge Sir Carpenter, før kvelden vart avslutta på All Bar One.

 

Søndag

 

Søndagen var ”turistdag”. Vi tok buss til Lambeth for å gå på Imperial War Museum.

På veg dit stakk vi innom puben ”three stags” som viste seg å ha fantastisk pub-mat.

Imperial War Museum viste seg å vere midt i blinken for gutta på tur. Anbefaler alle eit besøk dit.

 

Etter museumsbesøket gjekk vi for å finne ein pub som viste Chelsea-Liverpool på storskjerm. Vi endte opp på ”Crown and Cushion”, ein typisk bydelspub ca midt mellom undergrunnsstasjonane Lambert North og Waterloo. Ein heilt OK pub å sjå fotball på hvis man skulle befinne seg i området, f.eks fordi man har vore på Imperial War Museum…

 

Chelsea-Liverpool var jo elles usannsynleg triste greier. Syns litt synd på dei som betalte 3 tusen på svartebørsen for å få billett til den kampen, NOT.

 

Måndag

 

Så var kampdagen endeleg der. Formiddagen vart brukt til å fylle opp diverse medsendte handlelister gjennom å rusle rundt i oxford street og regent street. I tillegg fekk gutta på tur handla inn det man må sørge for å få kjøpt når man er i London, sennep og dop :( Ingen tur er komplett utan eit besøk på Superdrugs samt hamstring av Colman’s Mustard.

 

Deretter tok vi tuben opp til Holloway Road og avla The Armoury eit besøk. Måtte sørge for at jenta som Sir Carpenter nettopp har blir pappa til (og eg onkel til) har Arsenaleffektane på plass frå starten.

 

Returnerte til sentrum og stakk innom Wagamama ved Covent garden for å få i oss litt mat. Fantastisk japansk mat til ein rimelig penge.

 

Så reiste vi til Clapham for å få lagt frå oss det som var handla inn, før det var på tide å bevege seg nordover mot det forjettede land. Tore skulle på konsert med Queens of the Stone Age, så vi hadde ikkje behov for å prute med svartebørsfolk denne kvelden.

Kom til Arsenal Station i halv seks tida, over to timar før kampstart. Kjøpte kampprogram og nyaste eksemplar av Gunflash før vi gjekk inn på supporterpuben. Hadde god tid og rakk ei forfriskning der, samt på Bank of Friendship og Gunners før vi gjekk bort til stadion. Slik blir det når rutinerte folk er på tur ;)

 

Flomlyskamp på Emirates var absolutt å anbefale, og når vi i tillegg slår til med 2-0 seier var jo alt perfekt.

 

Tysdag

 

Oppe kl 6 for å unngå det verste morgonrushet. Tett tåke når vi går til togstasjonen er nok eit teikn på at det er på tide å reise heim. Er ferdig med passkontrollen på Heathrow før halv ti, alt er i rute. Men så, etter å ha venta på O’Neills i to og ein halv time, kjem sjokkbeskjeden ”flight cancelled” :rolleyes: Det blir ytterlegare 8 timar på Heathrow før flyet tek oss heim til Stavanger.

Men alle var einige om at det var ein kjekk tur.

 

Avslutning

 

Denne turen vart også brukt til å teste ut Tores nye genialt enkle ratingsystem. Hvis ting er bra, så får det oppovertrekant ▲ , er det dårleg blir det nedovertrekant ▼.

 

Her er då ei kjapp oversikt over pubar vi var innom, med karakter:

The falcon, clapham: ▲

Old bank of England, Fleet Street: ▲

All Bar One, London Bridge: ▼

The Borrow Boy and Banker, London Bridge: ▲

The Princess Royal, Griffin park: ▲

The Griffin, Griffin Park: ▲

All Bar One, Clapham: ▲

Three Stags, Lambeth: ▲

Crown and Cushion, Lambeth/Waterloo: ▲

 

Ratingssystemet viste seg å kunne brukast til alt, og er mykje betre enn avisene sine kjedelege terningkast 3 og 4. Eg gir Tores ratingsystem ▲.

 

Mvh Ted Uh

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...