Jump to content

bjholmem_yiddo

Members
  • Posts

    28
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by bjholmem_yiddo

  1. Medlemstalet til ligaleiaren aukar. Snodig det der. Det er sikkert nokre av dei 10000 medlemmene av MUFC-supporterklubben som har meldt seg ut der sidan år 2000 (eller er det endå fleire) som har meldt seg inn i Chelseasupporterklubben, etter å ha hatt eit lite intermezzo i Arsenal Norway.

     

    Som det vart sagt førre helg på puben då alle Chelsea-supporterane stakk utan å vere med på quizen og eg spurte "where were you when you were shit?" og svaret lakonisk kom frå ein nøytral på enden av bardisken "Dei var her, dei heia berre på eit anna lag"... :P

  2. Må innrømme at det stort sett kjem av andrehandsberetningar. Men sjølv om det ikkje er det same, får ein med seg ein del av stemninga gjennom fjernsynet også, og der meiner eg at det høyrest meir livat ut på WHL enn på Highbury. Dette kan sjølvsagt ha med mikrofonplassering etc. å gjere også, men etter eit stort utval kampar har eg inntrykket av at det jamnt over er ein del betre stemning og meir synging på WHL.

     

    Elles kan ein jo lese mange stader på nettet om dette, i tillegg sat vi på toget frå Selhurst etter å ha sett Crystal Palace - Reading, og sat overfor ein mann som snakka med reisefølget sitt om då han var på Highbury året før og såg Palace tape 4-1. Han var direkte imponert over kor stille Arsenal-fansen var. Palace-fansen høyrtest best gjennom heile kampen, inntil Dennis Bergkamp scora eit fantastisk flott 4-1-mål. Då reiste goonersane seg og klappa høfleg. Flott historie :)

  3. Og du kan fortsette å jatte så mye du vil om library, men jeg har faktisk selv vært på WHL og sett kamp, og kan ikke akkurat påstå at stemningen var noe å rope hurra for, til tross for at Tottenham vant den kampen 2-0. Det var som et par studentkollegaer sa til meg da jeg kom hjem fra studietur til London, og fortalte at vi hadde vært på WHL, etter som Arsenal spilte borte, men at vi ønsket å oppleve stemningen fra en engelsk fotballkamp: "Du dra ikke til WHL hvis du ønsker å oppleve stemning" That sums it all up spør du meg :D

     

    Alt kjem an på kva tribune du er på. Sit du på West stand er ikkje stemninga det heilt store. På East Lower eller Park Lane Lower (South Stand) får du masse stemning for pengane. Å hevde at stemninga på the Library er betre enn på WHL er iallfall berre tøv.

×
×
  • Create New...