Jump to content

Arsenal, Wenger og sesongane som kjem og går


Paddy

Recommended Posts

I'm back.

 

Eg skreiv mitt siste innlegg på dette forumet i mai førre året, etter ei gradvis minking av innleggsfrekvensen. Fram til 2008 var eg ein fast brukar og ein av dei hyppigaste postarane på forumet, både i noverande form, og variantar før denne. Eg har hatt mang ein god diskusjon som har forma meg, mitt syn på Arsenal og fotball generelt. Det er uvisst kvifor eg forsvann, det berre hende. Tidsklemma byrja klemme, og det gjer den forsåvidt framleis, men eg vil no forsøke å gjere eit slags comeback. Det vil ikkje bli like hyppige postar som før, men eg vil vere aktiv utover det eg har vore siste 18 månader. Eg har kjend at eg saknar den gode skriftlege debatten rundt klubben vi alle elskar.

 

Eg veit ikkje kva debatten på forumet har dreid seg om denne sesongen, men eg går ut i frå at den er som blandt gooners flest. Har Arsene Wenger mista grepet? Kvifor rettar han ikkje opp feil som "alle" kan sjå eksisterar? Laget er for ungt, manglar dei rette typane, og mange også dei rette haldningane. Enkelte spelarar held ikkje Arsenal-standard, og det er tilsynelatande uforståeleg at dei er i klubben; og aller verst: dei får speletid.

 

Til sjuande og sist har det denne sesongen bunna ut i ein kritikk av Wenger som har vore meir massiv enn det den har vore tidlegare. Spørsmålsteikn ved Arsene Wenger har folk stilt i mange år allereie. (Mitt største spørsmål har vore kvifor han lot Fredrik Ljungberg vere i klubben så lenge over middagshøgda.) Alt frå hans taktiske evner til hans innkjøpspolitikk har vore omdiskutert sidan eg som pur ung 15-16åringa byra traktere desse foruma. I mange år var det sågar hans manglande evne til å bruke unggutar og talent som var årsaken til den største kritikken! Utenkjeleg i dag.

 

Arsene Wenger er ein mann det ikkje alltid er lett å forstå seg på. Etter fire år utan trofè byrjar det uforståelege å ikkje gje noko meining. Tidlegare har Wenger aldri gått så mange år utan noko å slå i bordet med som sei: "sjå her, det fungerar!" Wenger knows - mentaliteten har fått seg eit skot for baugen, og det blir meir eit spørsmål om Wenger fortsatt veit. Sit han fortsatt på koden til å skape eit suksessfullt lag?

 

I periodar denne sesongen, som fleire av dei føregåande, har vi vore frustrerte, ekstremt frustrerte. Lag som skal slåast, blir våre overmenn, medan vi i andre kampar spelar sokkane av motstandarane, og demonstrerar vårt potensial. For det er liten tvil om at dette laget har potensial. Førre året var vi nummer to i serien, etter å ha kollapsa på slutten. Vi mistar eit par-tre viktige spelarar, og så blir vi nummer fire, etter ein særs trøblete start denne sesongen. Det store spørsmålsteiknet er kvifor spelarar ikkje blir erstatta, og det har frustrert meg og andre.

 

Ein faktor er sjølvsagt økonomi. For meg er det liten tvil om at overgangsmidla er begrensa, i større grad enn kva Wenger, Ivan Gazidis og styret gjev uttrykk for. Når det er sagt så trur eg også at om Wenger krev pengar, så får han dei tilgjengeleg. Wenger er likevel så samvittigheitsfull, at om han skal bruke pengar, så skal det vere på ein spelar som har ei umiddelbar innverknad og er betre enn kva dei spelarane han har sannsynlegvis vil vere om ein sesong.

 

Etter mi meining har ein spelar som Alex Song i glimt synt kvifor manageren prioriterar som han gjer. Det Song har synt på sitt beste denne sesongen som defensiv midtbane har vore ekstremt bra, etter ein heller rufsete start på sesongen. Får ein han til å prestere over tid på den måten som han gjer på sitt beste er behovet for ein ny sentral midtbanespelar nærast vekke. Då kan vi heller vente på nye talent. Så, la gå at Denilson blei ofra ved å bli tvungen til å spele fast, noko han tydeleg ikkje var klar for. Wenger er ikkje fri for feil, og overdriven tru på enkelte spelarar si utviklingsemne er ei dei største.

 

Ein positiv ting ved Arsene Wenger er hans evne til å fornye seg. Spelestilen vår er i konstant utvikling, noko som er best eksemplifisert ved svingingane våre i baklengs og scora mål. Totalt sett denne sesongen har vi scora riktig mange mål, førre sesongen sette vi mange ballar i nota, og vi er generelt særs gode i den offensive delen av spelet. Det er ofte defensive problem som kjenneteiknar oss, og i avisene les vi spelarar uttale at vi aldri trenar på forsvarsspelet (som er kritikkverdig om det er tilfellet). Likevel har vi, sesongen som gjekk, vore gjennom eit forsøk på å finne den optimale balansen. Vi huskar vel alle 0-0, målfattige og sjansefattige kampane som vi var gjennom om lag midtvegs i sesongen. Dette var pga taktiske justeringar, som til dømes at backane hadde fått beskjed om å vere meir tilbakehaldne i spelestilen når vi hadde ballen. Det fungerte ikkje optimalt, men det blei betre mot slutten av sesongen. (Ankomsten til Andrey Arshavin spela sjølvsagt ein faktor i dette, men han var meir ein katalysator enn heile grunnen aleine.)

 

Det største problemet til Arsenal FC er at ein kvar sesong går ut og sei at ein skal kjempe om tittelen. (Noko ein også skal gjere, noko anna ville vore skandale sett i betraktning vår relative suksess dei siste 10-12 åra.) Når ein sei dette, skapar det forventingar. Då nyttar det ikkje å etter sesongen kome med unnskyldningar som at: "Vi brukar mindre pengar", samstundes som ein sei at ein "har pengar tilgjengeleg". Dette skapar ein stor del av frustrasjonen blandt oss supportarar, og må sluttast med.

 

Det verkar til å vere ganske brei einsemd om at vi manglar berre nokre få signeringar frå å vere med heilt der oppe igjen. Det føreset at det er dei riktige spelarane, og det føreset at vi beheld dei vi har. Eit av våre store problem er mangel på kontinuitetsbærarar. Kolo Toure er ein, men når ein kontinuitetsbærar er så ustabil i prestasjonane som det han har vore dei siste sesongane, så fell litt av poenget bort. Det vesentlege framover er faktisk å behalde stallen vi har. Det har vi ikkje vore flinke nok til, dei seinare åra, i alle fall tatt i betraktning vår manglande evne eller vilje til å erstatte/forsterke.

 

Vi har vinnartypar, men vi manglar erfarne vinnarar. Cesc Fabregas og Robin van Persie er begge vinnartypar, men har ikkje vunne mykje. Vi manglar det siste vesle ekstra. Det kan kome på transfermarknaden i sommar, eller neste, men om vi får behalde alle spelarar vi har kan ein vel så viktig rekruttering og utvikling kome innanfrå, men det føresett at vi ikkje mistar dei vi har.

 

Eg er ikkje nøgd med fire sesongar utan trofè, men veit også at det kunne vore mykje verre. Arsene Wenger kan heller ikkje han bli større enn klubben, men eg meinar han har ein god del goodwill igjen før hans posisjon verkeleg bør stå i fare. Eg håpar, og trur, at Wenger er i stand til å snu trenden, men han har ikkje ubegrensa med tid. Spørsmål om kva alternativa er vil eg ikkje gå inn på no, ettersom det ikkje er eit reelt alternativ å kvitte seg med Arsene, men frykten for kva som skjer med klubben når Arsene den allmektige sluttar, er i aller høgaste grad aktuell. Wenger er dyktige, ein av dei beste som fins, men det er andre dyktige der ute i verda, som kan gjere jobben også - om enn ikkje på same måten. Krise for Wenger er det dog ein dag vi ikkje klarar å kvalifisere oss til Champions League.

 

Fire sesongar uten trofè er inga krise, og laget har potensial. Fire nye år vil vere vanskeleg å svelge, og nye kostar vil vere naudsynte på eit tidspunktet. Det tidspunktet er ikkje no. Lagbygginga må imidlertid byrje bære frukter igjen.

 

Spørsmålet er: er eg viljug til å ta sjansen på ein ny manager? Er eg viljug til å risikere at vi fell lenger ned på tabellen, mot sjansen til å ta eit trofè? Stabiliteten under Wenger er trass alt fenomenal, og eg likar trass alt betre å vere topp 4, enn midten av tabellen. Tippar mange av forumbrukarar, meg sjølv inkludert, aldri har opplevd lange periodar med "mid-table obscurity." Kjenner eg er ikke særskild lysten på det heller.

Link to comment
Share on other sites

Velkommen tilbake ja, er stort sett enig med deg, håper på en små rutinert stopper inn i sommer som er vant til å vinne(Vermaelen(?)) Vi kommer nok inn i topp 4 neste år også og hvor vi da kommer kan avgjøre om hva fremtiden vil vise, vil vi være i topp 4 om 5 år? 10 år? Det er vanskelig å si, men jeg har trua på at i løpet av tre år vil vi løfte en stor pokal igjen!

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...