Jump to content

Spelarar på utlån..


Balsnes

Recommended Posts

Fire spelarar er for augeblikket utlånt frå Arsenal. Den sveitsiske landslagsbacken Johan Djourou vil få viktig PL-erfaring hos Birmingham City til januar.

Matthew Connolly, også han forsvarar, vil tilbringe heile sesongen hos Championship-klubben Colchester United, medan Kerrea Gilbert vil tilbringe fem månadar hos Southend United. Den lovande mexikanaren Carlos Vela vil vere i La Liga-klubben Osasuna heile sesongen.

 

Rapportar 11/8

 

Johan Djourou

 

Chelsea 3-2 Birmingham City, 12. august

Johan Djourou spelte samtlege 90 minutt då Birmingham viste imponerande innsats i deira første kamp tilbake i Premier League. Likevel fekk dei ingen poeng med seg heim. Nykomarane tok overraskande leiinga mot Jose Mourinho`s lag då tidlegare Chelsea-spiss Mikael Forssell sette hovudet på ballen etter 15 minutt. Noko heldig, men likevel ein god prestasjon av finnen. Men ei av Chelsea sine sommarsigneringar, Claudio Pizarro, som kom gratis frå Bayern München, slo tilbake nesten umiddelbart, før ein annan fersking, Florent Malouda sendte London-klubben opp i leiinga etter 31 minutt. Ein annan franskmann, Olivier Kapo ville ikkje gi opp utan kamp, og ved hjelp av litt hell og ein god porsjon dugleik, kom han seg forbi Glen Johnson og dundra ballen i det lengste krysset ikkje lenge etterpå.

Men Chelsea viste kvifor dei er blant favorittane då Michael Essien, som nok ein gong imponerte på midten hos Chelsea, sendte avgårde eit langskot i det 56.minuttet. Kevin Doyle i Birmingham-målet burde muligens ha teke dette skuddet, men ikkje desto mindre: 3-2 til heimelaget. Med dette målet og denne seieren, overtok Chelsea Liverpool sin rekord med 64 ubeseira kampar på heimebane på rad.

 

Frank Lampard kunne ha dobla leiinga ikkje lenge etter målet til Essien, men Johan Djourou fekk kasta seg fram og blokkert skotet frå den engelske landslagsmannen.

 

Johan Djourou karakter (SkySports): 5,7 (Good block)

 

Matthew Connolly

 

Sheffield United 2-2 Colchester United, 11. august

Matthew Connolly spelte samtlege 90 minutt i sin debut for Colchester United, då fjorårets Championship-overrasking kjempa seg til eit uavgjort-resultat borte mot sterke Sheffield United. Den gamle storspelaren James Beattie scorte i debuten då han sendte Sheffielt i leiinga etter 68 minutt. Men Colchester slo kjapt tilbake etter ei kanon frå Kevin McLeod. Sheffield sin midtbanespelar Michael Tonge trudde nok at han hadde gitt Sheffield-laget sigeren då han sette inn 2-1 etter 82 minutt, men den tidlegare MK Dons-spissen Clive Platt ville det annleis og sette inn 2-2 eitt minutt før slutt.

 

Connolly karakter (SkySports): 5,4

 

Kerrea Gilbert

 

Southend United 1-2 Leyton Orient, 11. august

 

Kerrea Gilbert spelte også samtlege 90 minutt, men kampen enda i eit skuffande heimetap mot Leyton Orient. Vertane tok leiinga då Mark Gower ekspederte ein crossball frå Alan McCormack i mål etter 24 minutt, men gjestane sin debutant Sean Thornton sendte eit spektakulært frispark i mål frå 25 meter ikkje mange minutta etter. Nevnte McCormack blei sendt av bana etter at han fekk sitt andre gule kort etter 58 minutt, og sjølv om Southend sine 10 mann kjempa hardt, scorte Adam Boyd, ein annan debutant, vinnarmålet fire minutt før slutt.

Link to comment
Share on other sites

Archived

This topic is now archived and is closed to further replies.

×
×
  • Create New...